tirsdag 24. juni 2014

Ny hæl

Det er ein evighet sidan eg strikka desse sokkane. Først har dei lege sånn omtrent 2 mnd i blokkerane, og først nå fekk eg somla meg til å ta bilde av dei. Har nemd dei før, både fordi garnet var så godt å strikka med, og fordi eg skulle testa ut Short Row Heel.


Og om eg ikkje er 100% fornøyd med hælen, så er det godkjent første forsøk. Håpar eg klarar få den enda litt tettare der eg snur på neste forsøk.


Synes denne hælen passar mykje bedre til små babysokkar, og til voksne sokkar som har glattstrikka skaft. Ser ut som passformen kan vera ganske grei og.


Og apropo sokkeblokkerar. Lure på om ikkje postbudet har undra seg litt når desse kom i posten. Dei var nemlig fasongpakka i gråpapir, og såg ut som ein stor julestrømpe.


Eg har laga to par tidlegare. Eit par i str 38 og eit i 27, men nå såg eg at behovet for nokre litt store var der. Greit då å ha Zirkona som frese på Ikea og kjøpe plastunderlag og klippe ut. Så nå kan eg også blokka herresokkar i str 45!

4 kommentarer:

  1. Etter min oppfatning, er den hælen fullkommen.
    De blokkerne ser kjekke ut. Flink til mye hu som laga dem! Jeg var på Shetland for litt sida, der har de strikka for salg i generasjoner og de blokker for å få samme størrelse og for at det skal se fint ut. Skal prøve å få lagt inn et bilde når/hvis jeg en gang får det til igjen.

    SvarSlett
  2. Fine blokkere - og fine hæler Jane :) dette kan du

    SvarSlett
  3. Dette er nok ein alle tiders hel ! No har eg eit spørsmål, ser på Eplabutikken din at du har eit par babysokkar str. 0-3 for salg. Eg skulle så gjerne hatt eit par i kvitt. Trur du det lar seg ordna ? Unnskyld at eg tar dette opp i kommentarfeltet, men det var einaste måten å få kontakt på ! Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
    Svar
    1. Mette, eg har sendt deg melding på facebook.

      Slett

Det oppstod en feil i denne gadgeten