Lykka er sjølvsagt ein stooor pose med nytt, spennande garn. Fekk endelig til eit besøk på den kjekke garnbutikken på Jernbanen i Bergen, Norwegian Spirit. Etter først å ha vore innom Haukeland der dei faktisk skulle stikka ei nål langt inn i foten min, på undersida! AU!!!, så var dette det minste eg kunne unna meg.
Desverre så hadde eg ikkje med kamera i butikken, rett og slett fordi det ikkje var eit planlagt besøk, men eg kan verkeleg gå god for ein fin butikk med god oversikt, ryddige hyller og stort utvalg.
Spesielt spent var eg på merket Lang som eg aldri hadde hørt om før ei venninne, som også hadde besøkt Norwegian Spirit, kom heim med både oppskrifter og mønster. Like veldig godt oppskriftsheftene deiras, der du får veldig mykje for pengane og mønsteret kjem med dansk oversettelse.
I tillegg til garn frå Hillesvåg og Drops, så føre dei Rowan sitt garn, Schachenmayr og sitt eige merke. Med andre ord lekre produkt som ikkje er å finna i kva garnhylle som helst. Og fargeutvalget er spektakulært! Ein nytelse å la augene kvila bortetter hyllemeter på hyllemeter med garn..
Måtte jo bare ha med meg dette nydelige alpakkagarnet med glitter i... Dyrt, men absolutt verdt det.
Og så har eg jo sagt at det ikkje blir nokon Skappelgenser på mine pinnar, men etter å ha snubla over denne kombinasjonen er eg ikkje lenger lika skråsikker... Kremt, den viljestyrken, den viljestyrken.. Kor vart den av...
Alfa glitter på salg vil jo vera ypperleg til desse enkle Picklesvestane eg har lagt min elsk på, så nokre nøster av dette måtte og få vera med heim til Uskedalen. Dei såg jo så reiselystne ut der dei låg...
Men, har du ikkje mulighet å komma deg til Bergen med det første, så er dei å finna på nettet, både med heimeside som du finn her: http://www.norwegian-spirit.com/shop/index.php og dei er på Facebook!
Og lure du på om dei har nettbutikk? Å jada, det kan du vera sikker på.
"Det er lov å la seg friste"....
Min produksjon består stort sett av klutar for tida. Må jo nesten det for å matcha dei tøffe oppvaskbørstane frå Søstrene Grene.
tirsdag 21. august 2012
fredag 17. august 2012
Ikkje bare garn
Det nyttar ikkje å bare ha garn og pinnar når ein skal strikka. Det er jo viktig å ha det rette utstyret, og ikkje minst praktiske saker og duppedittar som gjer strikkekvardagen enklare og kjekkare.
Eg elskar alle slags små og store dingsar som kan organisera eller gjera strikkinga kjekkare.
Siste innkjøp var på turen eg hadde i lag med Zirkona. I det me strena forbi ein bokhandel der alle skulesakene stod utstilt, så viste ho meg at et heller upraktisk pennal kunne bli ein veldig praktisk oppbevaringssak til f.eks flettepinnar, maskeholderar osv.
Greit å samla slike ting på ein stad, då er det så mykje lettare å finna igjen når eg faktisk treng det. Pinnestopperar, masse flettepinnar, sikkerhetsnåler og alt anna ein treng for å vera ein fullutrusta strikkar, har nå fått flytta inn her.
Men, eg har ein anna liten oppbevaringssak, meir som eit "førstehjelpsskrin", som alltid MÅ vera med der eg og strikketøyet går. Denne flotte pompaduren har eg fått av Sølvi, som og skal ha æra for å ha laga den.
Oppi her er alltid nåler, måleband, saks, maskemarkørar og sytråd. Slik ein brukar ofte, og sjølsagt ikkje kan vera foruten. Sidan pompaduren er så liten og hendig så tar den ikkje opp for mykje plass i strikkeveska, men samtidig så rommar den alt eg treng å ha med meg.
På strikkefronten går det i klutar, bilde kjem i neste blogg, og eg måtte til og med avgårde for å handla meir klutegarn. Hadde lagt opp litt for mange masker på ein klut, noko eg fant ut når eg hadde strikka opp garnnøsta og kluten bare var 3/4 ferdig...
Så til dei som skal strikka klut i Muskat Soft, 64 masker er for mykje viss du har tenkt å ha kluten kvadratisk.
Litt meir knappar har og funne vegen til gards. Raude plastknappar frå e-bay og så lekre bling-bling knappar frå Frk. Prytz på epla.no. Dei siste MÅ jo på et prosjekt til ei lita frøken..

søndag 12. august 2012
100 kilo passert
Så har det skjedd - det som eg har sagt at aldri skulle skje.. Garnlageret har passert 100 kilo. Hjeeeeeelp! Koss har det skjedd?
For å sei det sånn så var ikkje handlerunde med Zirkona den rette medisinen for å slanka lageret i alle fall, eg notere +2400 gram...
Og det var ikkje bare garn som blei med heim. Ein tur hos Søstrene Grene førte til nye tesortar i skapet, eit lass med oppvaskbørstar (som eg ikkje skal ha sjølv, men laga klutpakkar med) og ny type bomullsgarn.

Narvesen på Flesland hadde jo et lass med strikkeblader, så det var jo første fristelsen. Fem kjekke blader ropte etter meg når eg prøvde gå forbi, så dei fekk vera med. På resten av turen blei det og nokre mønsterhefter frå Drops, Pt og Viking og Sandnes.
Besøkte vel bare tre garnbutikkar, men to av desse var veldig gode. Ryddige, oversiktelige og med fristelsar som bare hoppa ned i korga mi. Masse bomullsgarn som skal bli klutar til å matche dei tøffe oppvaskbørstane, og sidan eg aldri har prøvd Pt-garn så nytta eg sjansen. I tillegg så hadde eg garn frå Danmark liggande på vent - spennande sokkegarn som eg aldri har prøvd før.
To flotte gåver fekk eg også med meg heim. Det første er ein hespe med Prism garn som bare ropar i mine fargar. Har kjøpt Prismgarn i USA, men det var ein tynnare variant og eg har ennå ikkje fått testa det. Men dei har nydelige fargekombinasjonar!
Det andre er håndspunne garn som er så fint at eg nesten ikkje tør å bruka det. Tenk kor mange timars arbeid det er for å få 104 gram med garn. Eg veit nesten ikkje koreis ein skal takka for ein så flott gave, må verkeleg finna eit verdig prosjekt! Og sjekk dei haustfargane da...
Med tettpakka program frå Zirkona og Ginko si side, så vart det jammen ikkje tid til så masse strikking, men eg har fått ferdig to klutar. Ein i Muskat Soft der eg testa ut ein ny mønstervariant som blei ganske artig. Første pinne rett, andre pinne strikkar eg annan kvar maske, mens dei andre maskene tek eg berre laus av, så neste pinne rett igjen. Litt tungt mønster å strikka, fann liksom aldri heilt rytmen når den eine maska skulle takast av.
Andre kluten er i Gjestal Bomull Sport, og der laga eg berre dobbel perlestrikk. Strikka på pinne 4, og det vart litt tynt til dette garnet, men trur likavel at resultatet vart bra. Den eplegrøne fargen er i alle fall lekker!
Svigermor hadde forresten testa kluten eg strikka i Viking Pure Milk Fiber, og den var strålande. Eg var ganske spent på korleis det garnet blei etter litt bruk, har aldri prøvd det, men det kan anbefalast til klutar.

lørdag 11. august 2012
Ny nettbutikk
For eit par veker sidan delte Linda http://strikkstraks.blogspot.com ein kjekk link på facebook. Ein ny nettbutikk for det lekraste amerikanske garnet var rett rundt hjørna, og hadde ein strikkeblogg kunne ein bli trukke ut som "prøvekanin" for det nye garnet.
Så sidan eg har ein strikkeblogg, og alltid er ivrig på å prøva ut nye garntypar, meldte eg min blogg på. Og jammen, eg vart ein av dei fem heldige som kunne venta i spenning på mjuk pakke i posten.
Berre eit par dagar seinare ligg altså denne kjemperosa hespen i postkassen. Den nye nettbutikken http://tibialia.no/ er oppe og går og det nydelige garnet Lornas Lace kan nå kjøpast på norsk.
Så langt er eg litt skuffa over nettbutikken, det nydelige lilla/grå-sokkegarnet eg så gjerne ville hatt var nemlig utsolgt. Men, kan jo henda at det skuldast ein pangstart og knallsuksess, og det kan ein vel kanskje ikkje beklaga seg over? Eg skal i alle fall gi dei to damene bak nettbutikken litt tid, for garnet er nydelig og eg er spent på å følga blogg og oppskrifter utover hausten.
Den rosa hespen må ligga litt enn så lenge, må grubla litt på kva denne skal bli... Tips mottas med takk, eg er ikkje så rå på råååsa:)

søndag 5. august 2012
Tatt på fersken...
Eg skulle bruka dette året til å minska garnlageret mitt var planen. I staden har det vel snart dobla seg sidan 1. januar. På toppen av det heile blei eg teken på fersken i går når eg var nede å henta ein rimelig fullstappa pakke frå strikkenett.no
Kjem snublande frå postskranken på veg ut døra då ein sambyngding spør litt småironisk: "Det er vel ikkje meir garn ?"
Eg kan jo ikkje gjera anna enn å klistra på smilet og innrømma at joda, det er nok det....
Og sidan eg er rimelig sikker at ho er innom bloggen min stundom, så er ho nok smerteleg klar over at det siste eg treng er garn...
Men, når det kjem sånne fristande nyhetsbrev om at sommarsalget er utvida så MÅTTE eg jo bare innom strikkenett å sjå. Og det tok meg ikkje mange minutta ei sein natt å putta både Paris, Muskat, Safran, Cotton Light og Andes i handlevogna.
"Led meg ikke ut i fristelse" er det noko som heite, men eg blir leda lukt i freistelsane stadig vekk ...
Garnhamsrtringa denne veka starta alt på måndag... Eg og Linda hadde oss ein liten tur inn til Rosendal. Koste oss på kafè og kikka litt i butikkane. Så til slutt gjekk turen til Porselensbuo, der eg BARE skulle ha garn til nokre nye klutar..
Men det er ikkje BARE BARE å gå inn dørene og havna på 10-kroners salg gitt....
Blei litt meir med heim enn bare klutgarn. Til og med garn som eg heilt fint har klart å motstå tidlegare.
Eg rekk heldigvis strikka litt mellom all garnhandlinga. To små toppar i bomull har blitt til. Oppskriften er frå Pickles,http://www.pickles.no/st-sommertopp/2009/5/26/st-sommertopp.html og eg har brukt Muskat frå Drops.
Trur det er den minste størrelsen, 0-3 mnd. Stod ingenting på det gratismønsteret, og denne varianten er bytta ut med ein ny Søt sommertopp på Pickles si nettside som eg ikkje likte lika godt.
Modellen i seg sjølv er enkel å strikka, men med eit lite elastisk garn og meg som strikkar så stramt så var dette eit mareritt. Den fjerde maska skal dras over dei tre andre og strikkast først. Eg er glad eg ikkje satsa på bambuspinnar, dei hadde nok brekt i kampens hete. Men toppen vart jo ganske søt, og passar perfekt til ei bitte lita frøken.
Ville prøva å strikka ein større variant av toppen, og la opp rundt 50 masker meir enn på forrige, denne gong med Safran frå Drops. Safran har eg ikkje brukt noko særleg, men satsar på at det held same høge kvalitet som Muskat.
I staden for å laga mønsteret som på forrige, valgte eg å strikka glattstrikk og bare legga inn eit lite hjerte i vrangstrikk frampå. Effektfullt og enkelt.
Vart fornøyd med resultatet, men ein må passa på når ein strikker med bomull, det er ikkje lika lett å jamna ut i etterkant med eit Milobad. Dei fleste bomullsgarna har og ein tendens til å dela seg i tvinnen.
Med dette garnet og masketalet så blei toppen størrelse 9-12 mnd eller rundt der. Prøvde den på Madel som nå er 17 mnd, og den var litt i minste laget. Var ikkje så lett å få modellen min til å stå i ro, løysinga vart å plassera ho oppå kjøkenbordet til slutt.
På pinnane nå har eg ein ny Enkel Vest frå pickles.no og så får ein kasta seg over litt klutstrikking igjen.

fredag 3. august 2012
Rundpinneveske
Så har eg endelig fått flytta inn i denne snertne saken frå Namaste. Praktisk rundpinneveske som rommar mange pinnar, oversiktelig og ryddig og lett å ha med i strikkeveska.
Kjøpte den før jul, men har rett og slett ikkje somla meg til å ta ein opprydning i pinnane mine før nå. Min kom heile vegen frå det store utland, men ser nå at du også kan bestilla den her: http://www.garnkurven.no/index.php?route=product/product&path=67_150&product_id=628
Trudde jo eg hadde ørten rundpinnar i kvar tjukkelse og lengde, men den gong ei. Det fann eg ut når eg klarte knekka siste rundpinnen i bambus i str 3,5... Leita og leita etter ny, men var ikkje å oppspora. (Klarte legga strikketøyet frå meg på armlenet - same armlenet eg støtta meg på når eg reiste meg. Ikkje sånn utprega smart)
Så då hadde eg meg ein real handlerunde i pinneavdelinga hos garnkurven.no og dei kom i posten på tirsdag. Kun bambus, ibenholt og Harmony Wood. To av rundpinnane var cubicspinnar, altså firkanta strikkepinnar, og dei reknar eg med er lika gode som strømpepinnane eg fekk til jul. Hadde nokon sagt for eit år sidan at eg skulle strikka på firkanta strikkepinnar hadde eg nok ledd godt, men dei er utruleg nok supre!
Så nå har eg stålkontroll på rundpinnane mine, i tre vel å merka, så får eg ta ein liten runde i metallpinnane og kvitta meg med litt. Her trur eg at eg har 10-12 stykker i enkelte lengder og tjukkelsar, og det er litt i overkant av kva eg treng. Sikkert nokon strikkande rundt meg som kan bruka dei.
Har strikka ferdig eit par raggsokkar i Labbegarn (Sandnes) som eg fekk frå Linda. Godt å strikka med og litt tynnare enn det vanlige hampgarnet. Reknar likevel med at slitestyrken er god. Dei finn vegen ned til Martabu i morgo, og så får me kryssa fingrane for godt salg der i helga. Sidan det er Festidalen så burde det vel bli ein del meir folk.
Eg prioriterer handballkamp og strikking i dag i staden for konsertar. Ikkje noko som frista å høyra på, og skulle eg ombestemma meg kan eg bare opna terrassedøra...

onsdag 1. august 2012
1. August...
Så var me alt komt til august. Bare å pløya gjennom denne og neste månad nå, så kjem me til dei verkeleg høgdepunkta i løpet av året. Eg elskar hausten. Dei første dagane med den klare, skarpe lufta. Mørke, lange kveldar utan mygg og bekymringar for om nokon blir solbrente. Og så etter hausten kjem jo JUL!
Men, eg kan vel ikkje drømma meg for langt vekk heilt endå, eit par ting som gjenstår først. Fleire åpningshelger på Martabu, ferietur med eldstejenta og skule- og barnehagestart! Det sistnemde gler eg meg veldig til!
Enn så lenge så strikkar eg, handlar knappar på e-bay og garn kjem snikande inn i pakkar og posar både titt og ofte. Eg har til og med handla stoff på e-bay, eg som ikkje syr ein gong! Kunne ikkje unngå å leggja merke til detta herlige stoffet, så det havna i handlevogna. Gav det bare vidare til snille Lene, som er ein racer med symaskina. Og ho kunne sjølvsagt bruka det. (Greit å ha inne litt sånn godvilje i tilfelle eg må ha ho til å sy noko for meg ein gong)
Litt knappar har også dukka opp. Deriblant treknappar frå Danmark og http://www.stofstedet.dk/stofshoppen/catalog/index.php?cPath=186_114. Her er det salg nå, og saueknappane som eg i Norge betaler over 30 kr stk for, er nå til 13 danske kroner. Og ein kan få litt knappar og likevel holda seg under momsgrensa. Portoen er også låg, så alt i alt et veldig fornuftig og godt kjøp!
E-bay hadde og ein liten leveranse i postkassen min. Merke at eg ikkje har heilt oversikten over kva eg har putta i handlevogna på e-bayrunde min, men det gjere det jo ekstra spennande å sjå kva som dukkar opp. Eg huskar jo når eg ser dei, at eg bestilte, er ikkje blitt heilt utanfor ennå...
På pinnane har eg akkurat nå ein babytopp og ein babykjole. Har gjort ferdig et par sokkar, sånne trauste raggsokkar i grått, men må få somla meg til å fotografera dei før eg kan legga dei inn her.
Babykjolen er ein test for ei strikkeglad jente litt lenger oppi dalen som ikkje fekk et mønster til å stemma. Hende jo at det er feil i mønsteret at det ikkje er strikkaren som tullar, så eg sa eg kunne jo prøva om eg fekk det til. Kjolen var egentlig ganske søt, så kanskje eg bare må laga den ferdig...?
Satt og såg to OL-øvelsar i stad mens eg gav minstejenta mat. Svømming og roing.. Og Norge kom heilt sist begge gongene, litt sånn som Melodi Grand Prix...

| Oi, så uskarpt bilde da gitt.. sjerpings... |

Abonner på:
Innlegg (Atom)