mandag 29. april 2013

Postmann, postmann!

Sist veka kom det ei kjempeoverrasking i posten. Eg kan takka ein garnbutikk og facebook for at eg har blitt kjent med denne rause og gavmilde avsendaren.


Det dumpa nemlig ned ein tjukk konvolutt i postkassen min,  proppande full med herlige strikkemønster! Den snille og gode Jenny hadde komt over mønsterhefter av litt eldre dato som vart solgt ut, og så tenkte ho på meg! Snille, snille strikketuppå!

Og eg gler meg stort over å bla i desse heftene. Sjølv om ikkje alle er heilt "up to date" på modellane, så er det masse eg har lyst å prøva.


Som denne grønne genseren her, som kunne vore superkul til Victoria. Då i ein litt meir dempa farge kanskje. Hefte er frå Gjestal - Topp`t Tå Nr. 175.


Og dette babysettet var bedårande, både farge og mønster. Kanskje eg ein gong til og med vågar meg på flettemønsteret. Heftet er frå Sandnes, Mix barn nr. 0802.


Heftet frå Sandnes har eg kikka i fleire gonger, men aldri somla meg til å kjøpa.  Det har først og fremst vore denne boleroen som har lokka, den trur eg kan bli lekker både i bomullsgarn og ull.


Synes egentleg det er synd, at mange av strikkebutikkane så fort bytter ut mønsterhefta. Det er jo nesten umulig å få tak i noko som er meir enn to år gammalt. Lure på kor det blir av alle heftene som Gjestal, Dale, Sandnes osv trykke opp. For eg er ganske sikker på at det i mange tilfeller blir laga fleire mønsterhefter enn det som blir solgt.
Tenk om alle strikkemønstrane som blei gitt ut blei lagra i eit slags bibliotek, uavhengig av leverandør. Så kunne ein gå tilbake mange år etterpå å finna det ein leita etter. Tenk så spennande det hadde vore, om alt som blei gitt ut på 70-talet låg som filer i eit bibliotek og ein kunne bla og lasta ned det ein ønska. Trur ikkje ein gong leverandørane sjølv har eit godt system for å ta vare på eldre strikkemønster, det virka i alle fall ikkje sånn når eg var på leit etter koftemønsteret frå 70-talet.

Kanskje ein idè nokon burde tatt tak i, eit nasjonalt strikke og heklebibliotek?


lørdag 27. april 2013

Bør eg leggast inn?

I dag kom det liksom litt klart føre meg akkurat kor garngal eg faktisk er... Men eg trur eg framleis er i stand til å ta vare på meg sjøl, enn så lenge.

På programmet i dag stod ein tur til Bergen og Haukeland. Siden eg hadde time litt utpå dagen slapp eg hasta avgårde til den første båten klokka 07, men kunne i staden få eldstejenta avgårde på skulen og rekka litt frokost før eg måtte ut dørene.

Men, eg hadde to valg når det kom til neste båt. Eg kunne ta den som gjekk direkte frå Sunde til Bergen litt over 10, og dermed få over ein time til heima og sleppa båtbytte, eller eg kunne gjera som eikvar garngal sjel ville gjort. Ta båten som gjekk rundt 9 til Stord, for å få nesten ein halvtime i garnbutikken der, og så ta båten tilbake til Sunde, før den så vendte nasen mot Bergen. Fram og tilbake er like langt seies det, og i dag var det faktisk litt lenger enn det også.
For Jane hu valgte jo sjølvsagt å ta den tidlegaste båten, den garnbutikken skulle nemlig sjekkast ut. Eg nærmast sprang av båten, for eitkvart ekstra minutt mellom garnhyllene ville jo hjelpa. Kunne spart meg det minuttet... Butikken opna nemlig ikkje før klokka 10, omtrent når båten min gjekk igjen.


Eg har bare ein ting å sei: Den som sove syndar kanskje ikkje, men driv du garnbutikk kan du gå glipp av eit megasalg! For, ut i frå kva eg såg gjennom vinduet, så hadde det blitt mykje med heim!
Det versta var at eg fakisk var litt flau over at eg hadde reist halvanna time tidlegare for å få komma i den butikken - kor gal kan ein bli? (Ikkje svar på det er dåke snille)

Så eg tusla slukøyra bort til terminalen og venta på båten som skulle frakta meg til Bergen.
Og det var i Bergen at dagens under skulle skje.
Eg hadde to timar før eg måtte møta på Haukeland, og med god hjelp frå Sølvi via mobil, fekk navn og adresse til eit par garnbutikkar i sentrum. Eg var først innom Nilsen på Bryggen. Detta var ein alt for stille, ryddig og lite inspirerande butikk for meg. Det var ingen festlige tilbudskorger, ingen følelse av at rommet bugna av mjuke nøster og det var skummelt stille der. Sikkert ein bra butikk når ein handlar etter handleliste, men for meg som handlar etter egfekklystpå-prinsippet, blei det nåken knappar og det var alt.

Så var eg innom Husfliden litt lenger oppi høgget. Men nei, her var det og for sirlig og nøyaktig og pent og ryddig. Ikkje den eg-kan-bada-i-garn-følelsen her heller, og få overraskelsar. Her blei det karbonpinnar, men intet garn!


Siste garnbutikk var på veg til båten heim igjen. Tvers ovanfor terminalen ligg Quiltekroken, og den hadde faktisk plakat i vinduet med tilbud på garn. Først lurte eg på koffer i all verden radaren min ikkje hadde fanga opp denne tidlegare, eg ser jo nesten på den når eg går av båten! Så eg måtte jo innom her også. Det var stort sett Viking Garn, og der er jo ikkje eg noko fan i utgangspunktet. Kikka litt i mønsterheftene, men heller ikkje her var det noko som klarte løsna på handlesperra.

Tenk, 3 garnbutikkar og eg hadde ikkje kjøpt eit einaste nøste!! Mine næraste lurte jo på om eg var alvorleg sjuk, at ein innleggelse kanskje måtte vurderast.

Men eg kom jo ikkje tomhendt heim likevel. Knappar og pinnar var jo kjøpt, og på Narvesen fann eg to kjekke engelske strikkeblader. Her var det veldig godt utvalg i både strikke og hekleblader, best å merka seg alle strikkedamer!


Love Knitting var ein soleklar favoritt, og eg har sjølvsagt vore på nett og sett om eg kunne få det rett heim. Desverre så gjekk ikkje det. Bladet er proppfullt med fine mønster, og spennade annonser frå ulike leverandørar.

The Knitter var også vel verdt pengane. Her er det mange og varierte oppskrifter, tips om nye garntypar, adresser til gode nettsider og nettbutikkar. Har ikkje fått sjekka ut heimesida deiras endå, men det står for tur!


torsdag 25. april 2013

Summerspun in action!

Nå er jakka i Rowangarnet tatt i bruk, og om eg skal sei det sjølv, så er det jammen ei fine jakka!
Synes at fargane blei perfekte til den vetla bøllå vår, og så er det ein fin kombo med jeans!


Det var ikkje mulig å få tatt fine bilder der jentå stod i ro, så det blei skikkelege actionbilder.


Men då fekk eg jo vist  fram både framsida og baksida. Passformen på jakka er fantastisk god, men eg er glad eg gjorde mine små justeringar med å strikka armane kortare og ryggen lenger.


Fortsatt spent på kossen denna vil halda seg i vask, men eg satsar på at dette er eit kvalitetsgarn av ypperste klasse som hverken falmar, rek utover eller blir slafsete!






mandag 22. april 2013

Marius-jomfru

Ja, ikkje misforstå bloggtittelen, men eg skal altså i gang med min første Marius. Sjølv om det har vore månadar med skikkelig mariusdille på alle tenkelige strikkeforum og arenaer, så har eg altså ikkje blitt smitta. Og eg kan vel strengt tatt ikkje sei at eg er smitta nå heller, siden mariustunikaen er eit bestillingsverk!


Garnet kom i sist veke, og eg trur dette må vera den største Norgespakken posten har. Når ein først skal bestilla garn, så er det jo greit å ta i skikkelig. Kom over denne nettsida HER som solgte ut garnet med 40% rabatt. Kunne jo ikkje passa bedre når eg likevel måtte har garn til tunikaen. Og dei seks nøstene som eg i utganspunktet trengte til tunikaen, hadde plutselig blitt til 60. Du har kanskje hørt om celledeling, dette må vera noko i same gate..?


Så då var eg i gong med mørkeblå Sisu, og det ser ut til at eg skal holda på med det ei stund. 42 cm for å vera ganske nøyaktig. Sånn at ein stolt pappa i Haugesundsområdet kan kle dotter si i ein sånn som dette! (Bilde frå boka Norsk Småstrikk)



søndag 21. april 2013

Ein UFO mindre

Denne veka har det ikkje blitt strikka så mange masker, men jammen har eg fått unna fleire UFOar. For dei uinvidde - UFO = UFerdig strikkeObjekt.

Sist ut på skrytelista er ein kjole i Misti frå Du Store Alpakka. Garnet er kjøpt på tilbud, og som eg har skreve før, veldig mjukt, men fytti så det røyta. Røytinga vil nok avta, men kvitt garn på svart genser var ikkje så lurt. Uansett, den har vore ferdig strikka ei stund, mangla bare å festa trådar og få i eit par knappar.


I utgangspunktet så var dette ein tunika frå Pickles. Og av den enkle sorten også faktisk. Likavel så har eg klart å tabba meg ut ein smule og ikkje fulgt oppskrifta nøye nok. Det skulle vera 2,5 cm mellom kvar felling - mitt dårlege augemål har gjort at det plutseleg var 4 cm mellom kvar felling. Sånn blir det ikkje tunika av, det blir kjole!


Satt lenge å lurte på om eg faktisk måtte rekka opp igjen denna røytande, mjuke saken, men kom fram til at eg måtte nå prøva den på først. Kjolen såg lang og litt snodig ut, men når eg hadde den på 2-åringen her så satt den som støpt. Var faktisk fint at den var så sid som den var. Ikkje noko opprekking her i gården nei!


Men litt av æra for at kjolen vart ferdig må eg jo då gi Linda, min døgnåpne strikkehjelp. Eller, i dette tilfellet, heklehjelp. Må seriøst få lært meg denna kunsten, ganske tåpeleg at eg må ha hjelp for å klare nokre fastmasker og to knapphol.


Knappane er forresten bestilt på e-bay, frå Kina. E-bay = knappe-eldorado!!


torsdag 18. april 2013

Eg har vore flink!

Nå skal eg skryta hemningslaust av meg sjølv, kor flink eg har vore.
Sist veke hadde eg ikkje mindre enn to lege/sjukehusbesøk som i mine auger begge kvalifisere til belønning i garnbutikken etterpå. Men, kom fristelsar og treng dåkk på, her skal dåkk motstand finna!
Eg handla ikkje garn! Ikkje så mykje som eit einaste loddent lite nøste.

Ok da, ein liten innrømmelse. Ved det eine legebesøket hadde ikkje garnbutikken åpna, men når det kjeme til Bergensturen så var det faktisk garnbutikken på Jernbanen eg var innom, og det utan å handla garn! (Alle som har vore innom her veit at det er ei bragd). Mine kjære venninner lurte på om dei hadde hatt nåke spesielt i sprøytene mine for anledningen, for detta var høgst uvanleg. Skal ikkje nekta for det, men det var ikkje nåke som eg bare måtte ha.


Eg handla 12 knappar, men det var jo ein handling av nødvendighet for å få jakken til Madel ferdig. Fann to ulike knappar som eg synes passa fint til garnet, men var usikker på kor store eg hadde laga knapphola. Dermed måtte begge vera med heim.


Kor nødvendig det var å kjøpa dei knappane kan vel diskuterast, siden det viste seg når eg kom heim, at jakken hadde 8 knapphol... Dermed bar det avgårde til ein lokal butikk for å sjå om eg kunne ha så flaks at dei hadde like. Det hadde dei ikkje, men eg fann nokon som kanskje passa vel så godt faktisk.

Men flinkheten tar ikkje slutt der. I går sydde eg nemlig i dei 8 knappane og! Ei bragd, spør du meg, det er nemlig noko av det mest kjedelige som fins. Sleit litt med motivasjonen, og måtte belønna meg sjølv undervegs med eit par karamellar!


Er kjempefornøyd med resultatet, og den passar så fint på jenta mi. Gler meg til regnet og vinden gir seg sånn at eg kan ta nåken skikkelige actionbilder ute med jakken i bruk!



 
 
Faktaboks:
Garn: Rowan Summerspun - 215 g
Pinne: 4
Mønster: Børnestrikket av Sys Fredens
 
 
 



mandag 15. april 2013

I startgropa

Fekk ei kjekke melding av ein kamerat her om kvelden, på facebook, om eg kunne strikka ein sånn Mariuskjole. Ja, det har eg aldri gjort før, så det klare eg heilt sikkert!

Men Mariuskjole er jo ikkje berre Mariuskjole, her fins eit par variantar å velgja i. Så eg sendte over bilde av dei fira variantane eg hadde mønster på. Og så kryssa eg fingrane for at eg skulle sleppa unna modellen med armar og montering!






Og det hjalp, for den fornuftige mannen valgte Mariustunikaen med kort arm. Den modellen har eg strikka før, men med anna mønster.


Så nå står eg altså i startgropa og skal til på eit nytt prosjekt, men eit lite blikk i strikkeveska seie meg at eg kanskje burde vurdera å gjera ferdig eit av dei mange prosjekta der...

Eg har ein kjole som berre mangle to knappar...


Jakken til Madel mangle knappar..


Eg er halvvegs på ein genser til Victoria som burde vera klar før sommaren sete inn for fullt..


Dette paret med babybooties har lege ferdige lenge, men treng ein eller anann form for dekor..


Og så har eg eit par påbegynte sokkar...










søndag 14. april 2013

Det kan lønna seg å rydda...

Eg tenkte at eg skulle bestilla meg nåken nye rundpinnar, synes det var så slunkent i mappa mi. Fremja til og med bursdagsønske til maen om at det kunne passa med pinnar, sidan det i alle fall trengs to sett/par av kvar lengde og tjukkelse.


Heldigvis så tok eg meg ein aldri så liten rydderunde i strikkeveska mi før eg la inn bestilling nokon som helst stad. For jammen skjulte det seg ein god del innimellom påbegynte prosjekt og garnrestar. Etter at desse er på plass ser eg jo at det med fordel kan fyllast på med eit par størrelsar, men ikkje fullt så mange som eg først antok.



Tenkte du nå at du også treng ei slik mappe til rundpinnane dine, så finn du den f. eks HER!


Det er ei god stund sidan mohairlua til eldstejenta var ferdig, men med etterslep på blogginga og datakræsj kjem framsyninga først nå!

Eg blei inspirert av denne lua her i Sidsels blogg. Uten å lesa eller tenka så nøye over strikkefasthet osv så fant eg fram nåke mohairgarn frå starten av 90-talet og drog i veg. Tenkte at det var nå rimelig tynt og litt loddent, som det skulle vera i oppskrifta. Som eg har blogga om før, så oppførte jo ikkje mitt garn seg i nærheten av det garnet som lua faktisk skulle strikkast i. Det var tjukkare, lødnare og varmare. Så når lua var ferdig hang den ikkje sånn fancy bakover, men stod 20 cm rett til værs. Ikkje særlig stilig...


Heldigvis var ikkje gode råd hverken dyre eller vanskelege. Eg sydde (ja eg sydde heilt frivillig) to små sting for å feste lua nertil bakpå. Det viser ikkje, og den kan plutselig gå for å faktisk likna litt på ei baggylue i forbifarten.


Med to tøffe treknappar på eine sida var jenta fornøyd, og med den kalde mars det har vore så har lua vore flittig brukt. Den er ekstremt varm, blei nesten glødande på hendene mens eg strikka. Holde farge og fasong i vask gjer den også. Vil du lesa meir om den trøblete starten på denne lodne saken, kan du kikka innom dette blogginnlegget!






fredag 12. april 2013

Lodden vektauke

Mars var ein skikkelig dårlig måned med tanke på mine gode intensjonar om å strikka meir enn eg handle. Eg er rett og slett ein GARNJUNKIE! Foreløbig går det heldigvis ikkje ut over nære og kjære, og eg har heller ikkje begynt å stjela frå familien for å få råd til å kjøpa garn.

Eg har jo ein blogg til som eg kun brukar til å føra garnrekneskap. Og etter å ha lagt inn det som faktisk blei handla i mars, så er det fare for at eg når 150 kilo innan Jonsok!


Det einaste garnet eg har ei fornuftig (bort)forklaring på koffer eg kjøpte, er dei gule og raude nøstene med Misti. Eg fekk nemlig to raude, to grøne og to gule nøster av dette i vinter. Siden det er så lite på kvart nøste så kan egentlig ikkje to nøster brukast til så mykje. Når det så kom salg på Misti på eine butikken her så konkluderte eg med at det kunne vera lurt å spe på med eit nøste og to i kvar farge sånn at eg kanskje kunne klara laga ein liten vest av den mjuke alpakkaen. Grøn var desverre ikkje å få tak i, men gult og raudt fekk vera med heim.
Om det faktisk er nok vil jo tida visa, vil jo helst sleppa kjøpa endå meir.


Og det har blitt mykje alpakka i heimen, babyalpakka til og med,  i det siste etter at det også dukka opp ein pakke frå Webs. Dette er nok fortsatt min favoritt nettbutikk, sjølv om den har fått hard utfordring frå eit par andre i det siste.
"Problemet" med Webs er at dei stadig sender ut sånne fristande nyhetsbrev til meg, sjølvsagt med bilder av nydeleg nøster, og den tillitsfulle teksten "Yarns for you" ... og med min viljestyrke, eller mangel på sådan, så går eg jo stadig i fella...


Uansett, pakken inneholdt stort sett tjukk alpakka, og eg er spent på om dette røytar like mykje som Misti.

Eit nøste med sokkegarn frå Cascade måtte også vera med. Fargane kjem ikkje så godt fram på bildet, men det er svart tvinna saman med ein nydeleg blåfarge. Forhåpentligvis nok til eit par barnesokkar.


Og så må eg dela Eplabutikken til ei veninne av meg. Nå har eg mast så lenge at ho må få seg ein liten nettbutikk til alle dei fine tinga ho syr. Og jammen har ho klart å åpna dei virtuelle dørene til Laga av Lene! Vel verdt eit besøk, og det dukkar opp nye ting nesten kvar dag der no!





torsdag 11. april 2013

Når strikkehjelpen er nær...

Det er ikkje noko problem å rota seg oppi ting ein ikkje klare løysa sjøl, på strikkefronten vel og merka, når hjelpen er så nær! Heldige meg har nesten døgnåpen strikkehjelp både online og i nabobygda. Og eg trenge dei støtt - takk for god supportavtale!

Jakken til Madel er ferdig strikka, og eg tenkte at det skulle bli ein smal sak å få maska sammen under armane som Zirkona tipsa om. Ho er fullt klar over min langt framskredne nål-tråd-monteringsfobi, så då ho enkelt forklarte måtar å unngå å måtta bruka nål, ja då slo eg til på flekken!

Denne gongen var det armane på jakken, som i følge oppskrifta skal strikkast innpå resten av jakken, der det naturleg nok er felt av og gjort plass til armane. Til slutt syr du så i samen, nei du syr FINT i samen, under armane, og voila - ferdig jakke.
Eg kan ikkje sy, og i alle fall ikkje sy fint, i samen nåke som helst. Tipset om å bare setta maskene på ein hjelpepinne for så å veva dei samen med tilsvarande masketal på armen vart derfor applaudert og motteke med trampeklapp. Så lettvint tenkte eg - bare å maska det av og festa ein tråd i kvar ende - kjem til å bli så slett og fint!


Error! Nåke har eg i alle fall gjort feil, for sånne store luftehol passar seg slett ikkje på ein yndig barnegenser.Men ka har eg gjort feil? Prøvde å plukka opp fleire masker bortetter kanten, men det blei slett ikkje fint.Trur eg må venda meg mot orakelet som sette meg på denne ideen, for å få resten av bruksanvisningen på dette opplegget her!

Tusen takk Linda, for god syhjelp!
Men, ein svipptur ut til Herøysund i går resulterte i ein jakke som er svært fint sydd samen under armane .Den damå kan verkeleg trylla!! Litt lei meg for at eg ikkje klarte gjera kvar minste smitt og smule sjølv, men likevel glad for at jakken ikkje fekk ein klumpete og rar saum under armen.
Nå gjenstår bare knappar, og sjølv om eg har funne nåken snasiga treknappar, så vil eg heller gå for plastikk. Dette skal jo vera ei real bruksjakka, og då blir det vel ein god del vasking. Då er kanskje ikkje knappar i tre det beste?


Og så dukka det opp real "gladpost" i kassen i dag. Både Strikkemagasinet og Love of Knitting kom, så nå har eg hatt meg ei skikkelig nytelsesstund her med å kikka på garn, mønster og butikklinkar. For meg er desse to bladene dei desidert beste, men andre har kanskje andre favorittar?