onsdag 30. januar 2013

Eg har ein skatt under trappa...

Det fins mykje godt å sei om naboar, men denne nabodama fortene ein ekstra hyllest! Grete, som bur i nabohuset der eg vaks opp, har igjen gitt eit ikkje ubetydeleg bidrag til min garn- og strikkelidenskap (eller galskap om du vil)!



To fulle trillebårer med gamle Familien-blader venta meg sist eg tok turen til Suldal. Det blir mange årgangar med masse spennande strikkeoppskrifter.

Enn så lenge har eg bare så vidt starta på 2002-årgangen, og eg ser at strikking ikkje var lika i skuddet då som nå. Lappeteknikk var derimot skikkeleg "in".




Så under trappa mi har eg nå ein skatt.. 12 posar og 3 store kassar med blader - mange timar med kvalitetsunderholdning som eg porsjonere ut så eg kan ha gleden lenge. Kvar kveld når jentene er i seng tar eg med to-tre blader og kryp opp i sofaen og blar meg gjennom lysegule bomullsgenserar, flettemønster og barnegenserar med litt tvilsomme fargekombinasjonar!
Ein skatt som er verdt si vekt i gull!





Så kanskje har Grete tenkt som så, at eg må ha matchande mønster til alt garnet ho gav meg då på starten av 90-talet? Ikkje utenkeleg at det kan bli noko sidan eg framleis har fleire nøster igjen av både mosegrønt ullgarn og rosa mohair...



mandag 28. januar 2013

Eg lot meg frista

I dag var det strikkebilag med Allers, og eg lot meg frista - igjen... Heldigvis var det litt meir spennande denne gongen, og fleire ting eg godt kunne tenkt meg å laga. Likte at det var like mykje småting som større plagg, og ikkje minst at det var garn frå fleire leverandørar. Så alt i alt, verdt pengane.



På strikkefronten har det gått litt trått siste veka. Eg veit faktisk ikkje heilt kva eg har somla vekk dagane på, men det er i alle fall ikkje strikking. Har brukt litt tid på å tolka og forstå desse ulogiske vottane, og eg trur snart eg har litt kontroll på kva eg faktisk strikkar på. Sidan dei krev min fulle oppmerksomhet så nyttar det ikkje å ta dei fram før husets søte små har lagt seg, sånn at eg kan telja og strikka i ro og mak.
Men du ser vel at dette skal bli ein vott vel?




Snubla innom ei nettside i dag som eg ikkje har vore på tidlegare. Sjølvsagt med garn. Tok bare ein rask kikk, men for meg ser det ut som det er rimeleg gode prisar på garnet her. Denne må definitivt sjekkast ut! "Det er lov å la seg friste..."

lørdag 19. januar 2013

Nytt sokkegarn

Det går ikkje så veldig fort på fram med vottane omtalt i forrige blogg. Mykje teljing, og best å konsa så eg ikkje telle feil. Men, har strikka ti riller, så kanskje blir dei ferdige til påske?

Sist veke sveiva eg innom Europris og såg dei hadde fått nytt sokkegarn. Sånn grovt raggegarn som passar best til litt tjukke herresokkar. Sidan "hampgarnet" dei hadde på Sparkjøp har gått ut, så tenkte eg at kanskje dette kunne bli ein grei erstatning. Likte denne fargen med litt gråbrunt i, så seks nøster vart med heim. Har ikkje fått testa garnet endå, litt spent på om det er godt å strikka av og ikkje minst kor slitesterkt det er! Kanskje nokon andre alt har prøvd det ut?


10,90 per nøste og vel 100 meter på 50 g.
 
Var ein liten tur ut til strikkementoren min i Herøysund i går, sjølvsagt for å få hjelp til vottane. Med ein halvironisk kommentar foreslo hu at eg kunne ramma inn hybelkaninene, som eg beklaga meg over yngla så godt hos meg. Så eg tok ho på ordet! Hehe, her er resultatet- kanskje ei ny nisja innan kunst?

Må vel kanskje påpeika at denne er fanga på vaskerommet, under tørkestativet...



fredag 18. januar 2013

Jane gjer ting hu ikkje kan.. - og kanskje aldri får til..

Nå var eg endelig så og seia i mål med all bestillingsstrikkinga, og kunne strikka akkurat det eg hadde lyst til. Kosa meg med litt småting til jentene, uten å ha andre sine krav til hverken garn eller fargar. Men, ka gjere Jane då. Joda, hu melde seg på ein strikkealong for å strikka vottar! Eg som aldri har strikka vottar!


Desse vottane er laga av Zirkona og bur nå i min votteskuff!

Eg har heller aldri vore med på strikkealong, vett at eg blir litt stressa av å begi meg ut på ting eg ikkje heilt mestrar. Men nå klarte altså fingrane å tasta slik at eg plutselig var påmeldt til å strikka Elisabeth Zimmermann sine Sideways Mysteri Mittens.

Og slike skal eg liksom klara få til sjølv?

Eg starta å sjå på mønsteret onsdag kveld, og med gode mentorar så tenkte eg at dette skulle vel gå...
Eh, nei. Så langt har det gått dårlig. Etter å ha sett gjennom youtubevideoen fira ganger bare for å klara legga opp på rett måte, så blir det altså eit eller anna feil når eg strikkar første runde. Nødhjelpmailing med alongsjef Zirkona hjelper heller ikkje, hjernen min vil bare ikkje skjønna dette!
Det versta er jo at ingenting er logisk med måten desse vottane er strikka på, så eg skjønne liksom ikkje heilt opp eller ned.


Bilda er Zirkona sine, men eg har fått lov å låna dei til framsyning her!

Så i dag går ferden ut til Linda, i håp om å få hjelp med starten. For eg har tenkt å klara dette, med tid og stunder... Nokre av desse andre strikkedamene som er med på alongen har alt gjort ferdig både ein og to vottar. Nå skal det understrekast at dei kjem i kategorien proff, medan eg framleis er trygt plassert blandt amatørane.


 To be continued....

tirsdag 15. januar 2013

Årsoppgjer 2012

Det gjekk jo ikkje heilt etter planen med denne garnslankinga mi i fjor. Eller, det gjekk vel kanskje sånn som det går med slankekurar flest..? Ein får ein god start for så å enda opp med meir vekt enn når ein starta?

Ikkje rart garnlageret stadig aukar - nøster og hesplar i nydelege fargar er vanskelege å gå forbi. (Bilete frå Porselensbuo)

I alle fall, januar 2012 var eg eigar av 65,7 kg garn. I løpet av året har eg strikka ein heile del, men har også handla mykje. Eg har strikka opp 7663 g, men likavel så har eg nå eit lager på rett over108 kilo!!
Reknestykket for kor mykje garn eg har handla sette me derfor ikkje opp her nei...
Men, eg prøve igjen i år. Denne gongen med et litt meir realistisk mål: Å komma under 100 kilo i garnlageret! For å lettare holda oversikten har eg derfor oppretta ein eigen blogg for å føra garnrekneskapen. Ønsk meg lykke til!!





Dvelar ikkje lenge ved tapte slag! Svinga innom butikken i går, og eg klare jo ikkje motstå sånne blader der det er billag med "strikk" involvert i tittelen. Burde antageleg berre passert bladhylla elegant, for her var det ikkje så mange gledelige overraskingar nei. Ingenting som frista egentlig, i alle fall ikkje av ting eg ikkje har oppskrift på frå før.

søndag 13. januar 2013

Mohair anno 1980

Inspirert av den flotte bloggen til Sidsel så ville eg prøva meg på ei hua til eldstejenta. Ho treng sårt ei ny hue og to, og i butikken er det mykje akryl og rare saker som slett ikkje helde på varmen.

Eg visste eg hadde ein del ukurant mohair liggande i lageret, og det er jo blitt ein farsott med desse rullehuene så koffer ikkje prøva. Joda, eg fant, eg fant. To nøster med noko fælt rosa-raudt og lønt som har det flotte navnet Phildar Vizir. Det kom nok med den søppelsekken full av garn naboen gav meg i 1989, så til dåke med stooore garnlager: Ingen fare, garn går ikkje ut på dato:)



Mohair er litt lure, det ser så tynt ut, så eg trudde at oppskrifta eg fann i Sidsel sin blogg skulle passa. Gjekk på med frisk mot på pinne 3, men fann fort ut at det blei for lite. Gjekk opp til 3,5 - men fortsatt blei det for kompakt. Så enden på visa blei å gå ned til 75 masker og pinne 4,5 - då trur eg kanskje det skal bli bra. Foreløbig ikkje komt så langt at eg klare sjå om størrelsen blir ok.


Firkantpinnar er nydeleg å strikka med - spesielt på sånn hårete garn!


Siden eg måtte bytta pinnar fleire gonger, og det for tida er litt usystematisk i strikkeveska, så blei det altså sjåande slik ut mens eg leita etter pinnar.. Kan ikkje kalla det kreativt rot ein gong, dette er bare ROT!










.





fredag 11. januar 2013

Mønsterskatt

Eg har hatt ein slow start på strikkeåret. Det skuldast nåken husmoroppgåver som har teke litt meir tid enn planlagt. Med andre ord, det har stjåle strikketida mi!
Når eg hadde rydda vekk julapynten så fekk eg det for meg at det kunne vera lurt å vaska vinduer og ikkje minst la gardinene få ein omgang i vaskemaskinen. Eg har slike billige, ferdigsydde gardinlengder som eg har kjørt gjennom vaskemaskinen mange gonger før. Ved å henga dei opp våte har eg sluppe strykejobben, dei har strekt seg til ein tilnærma nystrøken tilstand heilt av seg sjølv. Men, nå er visst gardinene mine blitt til gamle damer. Dei var nemlig så skrukkete når dei var ferdige i maskinen, at eg enda opp med å stå i fleire timar å stryka! Og mitt strykejern som vanlegvis bare blir teke ut på lufting kvar 16. mai! Jaja, der rauk den strikke-ettermiddagen/kvelden!

To dagar etterpå blir eg sittande oppe litt seint og sjå på ein film. Når eg skal legga meg tar eg med meg den svære vasen med tulipanar som står på salongbordet for å setta den kaldt for natta. Eller, det var i alle fall planen. Men i det eg tar i vasen blir den forvandla til ei regnskur av glasskår som legg seg fint nedi teppet i lag med vatn og fargerike tulipanar! Det har sikkert sett lurt ut, der eg låg på kne klokka 04 på natta og støvsugde teppet, med stålampen godt plassert oppå bordet for å få arbeidslys.
Så nå trur eg faktisk at eg skal la vera å prøva meg på fleire slike husmorstunt og heller bruka tida på å strikka!! For, eg trur eg skulle ha nok både av garn og pinnar!

Før jul så kom det ein fantastisk overraskelse i posten. Det blir ikkje stort bedre enn detta! To proppfulle permar med mønster som ikkje er å oppdriva lenger.


Det står ikkje årstall, men ut i frå den fasjonable stilen vil eg tippa at slutten av 80-talet kan vera rett. Nå har eg endelege hatt god tid å bla igjennom kvar einaste oppskrift, og her er det mange skattar! Tusen, tusen takk Tone Lill, som sendte meg denne gaven!



Det var ein heil perm med bare herreoppskrifter, men eg må vel innrømma at det ikkje er mykje her eg hadde fått på maen min nei. Heldigvis må eg nesten sei...










Ikkje alt eg er villig til å prøva heller. Slapp bikini i bomull, det kan jo bli vel spennande i det ein skal opp av bassenget. Og lilla og rosa i kombinasjon står eg også over..


Men det var absolutt et par ting som falt godt i smak, ut i frå dagens standar. Både denne oversized damegenseren og jentejakken kunne eg godt ha laga.






Trur derimot at eg står over dette babysettet...

Må sei eg blei litt mållaus når eg bladde opp på denne sida, og eg måtte lesa i teksten under kva dette var. At det hadde tatt andreplassen i ein strikkekonkurranse i Finland sa jo ein heil del. For dei som lure, det er et kosedyr...





søndag 6. januar 2013

Kvardag

Vips, så hadde me pløyd oss gjennom jul- og nyttårshelg og entra det nye året. Eg likar egentlig kvardagane best, og synes det er greit å komma i normalt gjenge igjen.

Lukta av kongerøkelse, pinnakjøt og kalkun er bytta ut med den liflige eimen av diesel. Jada, du les rett - diesel... Heimen min duftar omtrent som ein temmeleg sjabby bensinstasjon.
Han hadde bare sølt "LITT" diesel på genseren påsto eigaren, men eg har nå mine tvil til at det berre var litt.
Etter å ha kasta genseren i vaskemaskinen i samen med tre t-skjorter og ei bukse kan eg skriva under på at det nå er meir enn genseren som luktar diesel. Utruleg smittande lukt, så nå heng kleda til lufting, mens eg kjøre renseprogram på maskinen. Trur det kan vera lurt før finkjolen til minstejenta skal inni...

Men sjølv om jula er trygt plassert på loftet igjen og kakeboksane begynne tømmast så må eg dvela litt med eit par fine presangar eg fekk til jul. Sjølv om eg strikkar sjølv, så blir det lite strikking til dei fira sjelene som bur her, og eg har til dags dato aldri strikka sokkar til meg sjøl. Eg har nemleg ein lei tendens til å bala meg oppi ein masse bestillingsstrikkerier, og det teke då litt tid. Ekstra kjekt er det då med veninner som strikke julegaver.

Av den kreative "duracell"-strikkaren Linda fekk eldstejenta leggvarmerar, eg fekk nydelige konta sokkar og yngstejenta fekk sitteunderlag og tøfler. Eg lar bildene tala for seg - fantastiske og unike gåver!