mandag 30. april 2012

Garnfarging i panner og gryter

Lørdag virka som ein strålande dag til garnfarging, så eg og eldstejenta tok turen opp i Øvre Halsane til Lene og Kristiane.  Eg hadde med norgesglas og farge, Lene stilte med store gryter og nysteikte kanelboller. Ei strålande ordning spør du meg!




Sidan det ikkje er noko farlege stoffer hverken i Kool Aid eller konditorfarge, kunne desse yngste også farga garn. Ein super aktivitet, sjølv om dei syntes det vart litt mykje venting når garnet skulle avkjølast.




Me hadde mykje garn som skulle fargast, trur me hadde 14 rundar anten i gryter eller steikeomn, både ullgarn, bomull og akryl. Syntes fargane vart mindre djupe med konditorfarge, og held ein knapp på Koll Aid farging enn så lenge. Det visar seg og at ullgarn, eller blanding ull/nylon tek best farge. På rein akryl vart fargen mykje meir blass, men ikkje fullt så ille som bomull.




Eg hadde med det lyserosa bomullsgarnet som ikkje tok farge sist, men det var ikkje særlig mykje bedre denne gong. Er tydeligvis et eget triks for å farga bomull, det må det finnast utav!
Ellers vart fargespekteret stort, og me farga både rosa, kvitt, blått og gult garn.




Her heng alle dei herlige hespane til tørk, og eg gler meg til å nøsta dei opp og visa før og etterbilde.






På pinnane mine no er dressen til Madel, som var ferdig, men hadde litt lange bein. Så dei blei klipt av og ny vrangbord er under utarbeiding! I morgo startar salget til Drops.. her må ein stålsetja seg...

lørdag 28. april 2012

Blek, men fattet..

Ja, det må vera den beste beskrivelsen av sokkane til Victoria, som ikkje holdt lika godt på fargen etter 40 grader i vaskemaskin.  Farga Ida strømpegarn med Kool Aid tidlegare i vinter, og strikka sokkar til Victoria av dette.




Sokkane er vaska ofte, men då bare på ullprogram, og fargen har holdt seg lika fin.
 For å gjera det lett for meg sjøl så heiv eg dei i lag med nåke superwash ullundertøy på vanlig vask 40 grader i maskinen. DET skulle eg kanskje ha latt vera. Plutselig ser sokkane ganske falma ut, og ein lys body som også var med i samme maskinen har fått et yndig rosaskjer over seg.



Så for framtida trur eg nesten at eg skal halda meg til ullprogram på sånne sjølvfarga ting, kjedelig om alt skal verta bleikt..
Men lærdommen er jo kjærkommen å ha med seg, siden eg har brukt 5 timar i dag på garnfarging... Nå ventar me i spenning på tørking... Og så mykje farge gjekk det at eg faktisk må bestilla meir Kool Aid, kan ikkje venta på neste USA tur nei...




Bleikt var forresten ikkje desse nydelige hespane med Hacho som snille Lene kom med til meg i forsinka bursdagspresang. Nydelig garn, som eg faktisk ikkje har særleg av sidan eg synes det kostar meir enn det smakar. Men nå selde dei visstnok dette ut på Baronessa på Husnes, så då var det kanskje overkommeleg likavel. Godt for lommeboka og garnlager at eg faktisk ikkje skal til Husnes neste veka, så er det kanskje håp om å styra unna?




torsdag 26. april 2012

Hyttestrikking

Pappa har bygd seg hytta, faktisk noko av det luraste han ha gjort på lenge. Hytta ligg i Suldal, og er ei skikkeleg hytta med utedo, vatn i bekken og ingen straum!




Så i helga var eg og jentene på ein aldri så liten hyttetur. Sol, snø, skigåing og aking gjorde det til ei strålande helg for alle. (Det må her presiserast at både når det gjeld  skigåing og aking var det jentene som stod for mesteparten av innsatsen)  Scooterføre til døra, mildt og fint i været og jammen traff me ikkje på dei tre reinsdyra som har holdt seg i heiane der i fleire år.






Eg hadde store planar om å strikka ein heile haug, men sidan mamma ikkje var med måtte eg altså fungera som kokk, og då gjekk det hardt ut over strikketida mi. Det vart ein knall grøn klut om ikkje anna, i eit eller anna bomullsgarn som ikkje hadde mageband, med andre ord ganske anonymt.
Matcha den forrige kluten.. Kanskje dette må bli hytteklutar rett og slett.





 Trass litt lite strikketid så var det ei super helg, ikkje minst for jentene, så då får eg heller ta igjen strikkinga her heime. Har lagt igjen både sytøy og strikkepinnar og garn på hytta, så treng eg aldri bekymra meg for å havna der utan strikketøy!

tirsdag 24. april 2012

Fare for hamstring...

Led meg ikkje ut i fristelse er det noko som heiter.. Men det er jammen ikkje lett når det kjem nyhetsbrev frå Garnstudio om SALG på alt ullgarn i mai... 30% rabatt på herlige nøster med Alpaca, Fabel og Baby Merino.. *stønn* komme jo aldri til å klara motstå den fristelsen, og kan vel alt nå konstatera ein kommande kjempesprekk på garnslankefronten. Men Fabel var det ikkje så mykje av i lageret mitt og Lima og Nepal er jo perfekt til sokkestrikking. Jaja, me får sjå kor ille det blir.

http://www.garnstudio.com/pdf/news/20120424-supersale_poster_no.pdf


Skulle gjerna ha lagt ut bilde av ein påbegynt babykjole i dag, men den er så vidt synleg på rundpinnen. Brukte mesteparten av kvelden i går på å tulla med opplegg og borden nederst på kjolen. Prøvde meg først med perlestrikk, i staden for rillestrikk som oppskrifta seier, men det vart slett ikkje fint med så tynt garn. Så var det å rekka opp og legga opp på ny. Skulle ha 160 masker, men når eg kom til 143 så var det tomt for tråd, alstå eg hadde starta for kort innpå tråden. Så då var det bare å starta på ny igjen.. Men, til slutt kom eg då i gong, så nå er det berer straka vegen!

mandag 23. april 2012

Etterlysning

Eg er på intens jakt etter eit koftemønster. Har leita ei stund, både på nett, i gamle oppskrifter og ved hjelp av strikkefrelste venner som har bladd gjennom arkiv både her og der. Men nei, ikkje spor av kofta nokon stad.






Foreldra mine fekk slike kofter ein gong på 70-talet, og når eg begynte på ungdomsskulen var det "in" å leita fram gamle kler og då brukte eg pappa si avlagte kofta masse. Men så endra motane seg og koftene blei rett og slett sendt til Ukraina under innsamling. Min strikkekunnskap var rimelig begrensa då, ellers hadde det jo aldri skjedd!

Nå har nostalgien innhenta meg, og eg skulle så gjerne hatt tak i dette mønsteret så eg kunne strikka meg ei slik. Dama som ein gong strikka desse har ikkje oppskrifta, og kan ikkje huska kven som hadde mønsteret. Men kanskje nokon som kikkar innom bloggen min har sett denne?

Den flotte dama på bildet er altså mammaen min anno 1976 eller der omkring.

søndag 22. april 2012

Sette alle klutar til


Ja, ikkje fullt så ivrig, men det har i alle fall blitt ein klut av dette merksnodige multifarga bomullsgarnet, som eg ikkje anar kor kjem i frå. Reknar med at eg har kjøpt det i eit lyst øyeblikk, men kjenner ikkje noko særleg til merket og kven som sel det.  Det er Løve garn, Sommer 100% bomull står det på. Jaja, klut blei det nå i alle fall, og garnet var veldig godt å strikka av. Mønsteret eg har brukt er ekstremt enkelt, strikk rett bort pinnen, så rett og vrangt annakvar maske tilbake. Så enkelt at sjølv han far kan klara det!








Røykesokkane er også sendt. Er så fornøyd med den utrulege effekten ein tur i lunka vatn og Milo har for å jamna resultatet. Reknar ikkje med at eg er den einaste som synes det kan bli litt ujamt og bulkete når ein strikkar mønster med fleire fargar. Men sjekk kor godt det jamnar seg då! Desse er ikkje dampa, berre lagt i bløyt og så lagt til tørk med plastformer inni seg. (vist i tidlegare blogg)
Kanskje eg går på meir fleirfarga mønsterstrikk med bedre mot nå?






fredag 20. april 2012

"Syke samlere"

Ja, du har sikkert svisja innom programmet om syke samlere. Folk som hamstrar og hamstrar og ikkje klare kvitta seg med hverken skrot eller rot. Trur snart eg kan kvalifisera for det programmet viss dei skal ha et innslag om garn... Men heldigvis stoppe min samlemani og hamstring ved garn..

Ved nyttår vog eg alt garnet mitt. Tenkte det kunne vera artig å sjå kor mykje eg kjøpte/brukte på et år, mest for å klara krympa det enorme lageret. For eg hadde ein del garn, heile 64,5 kg! Det blir ganske mange nøster faktisk. Men, den krympinga av lageret går skikkelig dårlig. Eg visste jo at eg kom til å gå på ein liten smell på usa-turen, då hadde eg jo planlagt å handla med meg litt garn, men det har blitt ein del fristelsar på et par nettsider og den lokale nettbutikken Porselensbuo Gåver og Hobby i tillegg.







Var oppom Porselensbuo i dag, et ærend for ei venninna, men jammen så blei det heile 16 nøster med Baby Alpaca Silk med heim. Skjønne slett ikkje kossen det gjekk til! Men dette garnet er bare så fantastisk mjukt og godt, og fargeskalaen er jo nydelig. Viss du ikkje har garnbutikk i nærheten som fører Drops sitt garn, så anbefalar eg denne nettsida: http://www.strikkenett.no/  Rask levering, ryddig nettside og alltid gode tilbud.

Men, garnhamstringa tar ikkje slutt med det. På lørdag slentra eg forbi Nille, eller nesten forbi. Burde ha gått forbi, men siden det stod ei korg med garn der så stoppa eg jo sjølsagt. 3150 gram med Gjestal Bomull Sport fekk vera med heim. Kunne slett ikkje gå forbi tilbudet til 5, 30 kr.






Rett ved siden av Nille så ligge Baronessa. Der har dei og garn. Og her hadde eg faktisk eit ærend. Har fått bestilling på ein tåkelilla babykjole, og måtte ha garn til dette.(For utruleg nok så hadde eg ikkje tre nøster av tåkelilla i det enorme lageret mitt) Kjøpte tre nøster av det, men jammen lurte det seg med to nøster med sokkegarn i tillegg. trur eg trygt kan diagnostiserast med ein aldri så liten garnmani!






Vips, nå nærmar eg med plutselig 100 kg garn! Men, skal bli leeenge til neste garnkjøp nå.. trur eg..

onsdag 18. april 2012

Tivoligarn!

I dag har eg fått nøsta opp garnet eg farga. oi,oi, oi, snakk om knæsj fargar! Men det blir så annleis når ein nøstar det opp i forhold til når det heng i hespar. Trur nok ikkje dette kan brukast til så mykje anna enn sokkar, men det kan jo bli sprekt nok. I alle fall ingen i heile verda som har likt garn som meg!




Og så må eg få takka snille, snille Åshild, som hjalp meg med å nøsta opp hespane. Blir litt floketendensar etter skyllinga, men jammen kom me i mål!

tirsdag 17. april 2012

Kvit tornado

I dag har eg sløst vekk ein heil masse med god strikketid på nåke så kjedelig som husarbeid. Desverre så er ikkje sjølvrensande hus laga endå... Koffer ikkje tenke eg..? Så eg har rast rundt med støvsugar og mopp som ein kvit tornado. Eller rast rundt var vel ein overdrivelse, men eg har nå fått det gjort. I tillegg så blei det litt kvalitetstid på vaskerommet og, det meste dedikert til skittentøy men og litt bløytlegging og blokking av sokkar.




Sigarettsokkane er ferdige, og ligge så pynteleg til tørk på badegolvet nå. Håpar dei blir jamne og fine. Mønsterstrikk med fleire fargar er ingen favoritt. Er så pirkete og synes det fort blir ujamt. Men med hjelp av Milo, lunka vatn og desse heimelaga sokkeblokkarane så blir ting mycket bedre! Håpe å få dei tørre, pakka og sendt til sin rettmessige eigar i morgo. Bare fire par sokkar igjen då på bestilling, samt ein babykjole med matchande booties.


Fant nåke bomullsgarn som eg bare har ett nøste av, så det skal eg til livs nå. Sprelske fargar som truleg passar best til ein klut. Og et lite pausestrikk før neste større prosjekt.

mandag 16. april 2012

Garnfarging

Då har eg prøvd meg på garnfarging, første gong på eigahand. Har hatt ein generalprøve tidlegare, men då hadde eg rettleiing og oppsyn av ei kyndig garnfargedama!

Handla ein masse posar med Kool Aid når eg var i USA sist månad. Dette er ein fruktdrikk som skal blandast ut i vatn, og som dei galne amerikanerane faktisk drikke. Sidan det går an å farga garn i det så seier det seg vel litt sjølv at dette puttar me ikkje i munnen! Dette er ikkje noko som vert solgt på daglegvarebutikkane i Norge, men du kan kjøpa det via nett her: http://www.koolaidworld.com/no/5-original-kool-aid


Vanlegvis når ein fargar så må ein ha f.eks eddik som fiksering, men her er det ikkje nødvendig. Kva drikken inneheld vil eg helst ikkje vita, men den sterke eddiklukta som slår i nasen når du opnar posane vitnar om at dette er ikkje for sarte magar!



Så til sjølve farginga. hadde to nøster med Babygarn, kjøpt på Europris, samt to små restar av noko bomullsgarn. Starta med å laga hesper av alt, og så la eg det i bløyt i vasken.



Sjølve fargane eg brukte var Blastin berry cherry, Grape, Black cherry og Berry blue. Rørte ut fargen i norgesglas, og hadde planar om å bruka fleire fargar, men i gryta mi fekk eg bare plass til to glas. Løysinga blei ein farge i  kvar av norgesglasa, og ein utblanda i sjølve gryta. (Gryta er no knallrosa på innsida, og eg er spent på om den blir normal igjen)









Så dyppa eg hespane i dei tre fargane, passa på å dekka skøytane. Sette heile gryta på komfyren og varma opp. Så var det bare å avkjøla og skylla. Fargane blei knall, bokstaveleg talt. Og det rare er at vatnet nesten er klart igjen, garnet har sugd til seg all farge.





Dei to små hespane med bomull hadde ikkje trukke farge, så eg blanda ut ein ekstra pose med Black Cherry og putta dei i, men dei ville ikkje ta farge. Blei bare lys rosa, men sjekk ulltråden eg har brukt til å binda samen hespane med, dei tok farge gitt. God lærdom å ta med seg i alle fall, at bomullsgarnet oppføre seg heilt annleis enn ull.



Nå henge hespane til tørk, og eg er spent på å nøsta dei opp for å sjå kossen det verkeleg blir.
Til neste gang eg skal farga garn, så skal eg skaffa meg plasthanskar. Nå ser det ut som eg har brent fingertuppane mine, dei er knallraude!
Men utruleg spennande å farga sjølv. Enkelt, kjapt, heilt ufarleg med tanke på kjemikaliar og så anar ein jo aldri resultatet!

søndag 15. april 2012

I tenkeboksen

Eg har gått på ein liten strikkesmell! Strikka dress til yngstejenta, men den er utruleg nok for kort i ryggen. Eg kan ikkje skjønna kossen det har skjedd. Miksa to oppskrifter, rett og slett fordi den eine hadde rett fasong, mens den andre hadde raglanfelling, og uten symaskin eller evne/vilje til å montera så må det bli raglanfelling.




 Eg har strikka til størrelse 18-24 mnd, i tillegg strikka eg fleire cm lenger enn det stod. Fekk dressen klippa opp og sydd i front, og skulle prøva den på jenta. Og så er den for kort!! Eller rettare sagt den er akkurat passe nå, mens armar og bein er strikka ekstra lange for at jenta kunne voksa i den.  Madel er bare 13 mnd, så i teorien skulle denne kunne vart til hausten. Urk.. Blir litt motlaus når sånn skjer. Ikkje går det an å rekka opp heller, siden den er klippa og sydd i fronten. Har ei supervenninne som har tilbydd seg å dela dressen i to rett under splitten, strikka inn et stykke og så maska samen igjen, men det hørres ut som et vanvittig arbeid. Eg tør ikkje prøva sjøl, det er heilt sikkert. Andre alternativet er å strikka ferdig halslinningen for å sjå kor mykje den gir i cm, kanskje det er håp om å få brukt den fram til sommaren i alle fall. Ser meir fasong når glidelås og halslinning er på plass. Og blir det for kort, at den nesten ikkje kan brukast nå heller, så får eg rett og slett ta i mot tilbudet om å strikka et stykke. Bakdelen då er at eg ikkje kan sei at eg har laga heile sjøl..




Dressen er strikka i fabel frå Drops på pinne 2,5. Herlig garn som har stort utvalg, både einsfarga og multicolour. Oppskriftene eg brukte var på ein Fanadress tatt frå et Viking hefte og babydress frå et Sandneshefte.

lørdag 14. april 2012

Påfuglribb

Et par enkle sokkar strikka i Karisma frå Drops er ferdig. Tidlegare var Karisma desidert et av mine favorittgarn, men nå har dei tukla med det på ein eller annan måte, så det virkar meir syntetisk og resultatet vert mindre elastisk. Rett og slett litt slafsete. Likavel så virke det som det her er litt variasjon etter kva farge ein vel. Sokkane her er strikka i ein muldvarpfarge, mens eg kjøpte noko grått, og det virka meir som gamlesorten igjen.



Har nytta sjansen på desse sokkane til å øva meg på ein ny type hæl, trekanthælen. Ser at eg ikkje har fått til ein heilt strigla felling, bomma litt på SSK. (Slip, slip, knit). Derfor kikka på video på youtube, og nå trur eg teknikken skal sitta. Neste hæl vil jo visa det.
Like fortsatt bedre min originalhæl med felling under på voksne sokkar, men på baby og barnesokkar kan denne fort bli litt klumpete.




Påfuglmønsteret på leggen er også såre enkelt. Det går over 4 pinnar og masketalet må vera delelig med 5:

1. Strikk tre rette, to vrange omgangen rundt
2. Ta første maske laus av, strikk dei to neste, løft den første maska over, strikk to vrang. Gjenta omgangen ut.
3. Strikk første maske rett, kast, strikk neste maske rett, strikk to vrang. Gjenta ut omgangen.
 4. Strikk tre rette, to vrange. Gjenta pinnen ut.

Garnblogg

Så, har eg rusla gjennom kvart steg for å oppretta ein blogg.. og plutselig så kan eg kalla meg ein bloggar. Litt usikker på ka eg har begitt meg utpå her, men sidan alle blogge så kan det vel ikkje var så skummelt? Eg er litt meir tvilande til den tekniske delen rundt det å blogga. Datakunnskapene mine er nemlig heilt nederst i den nedre enden av skalaen, så langt nere at du så vidt kan sjå det... Dåke får bare bera over med litt feil og rare ting som kan komma til å dukka opp her. Forklaringa er bare at eg har trykka feil...

Sidan strikking og garn er den altoverskyggande interessen, så vil nok og bloggen gjenspeila det ganske så bra, men i dag blir det lite å visa til på den fronten. Midt i prosjekt sigarettsokkar, som er på bestilling. Sokkemønsteret laga eg til morsdagen, på sokkane som mamma fekk i gave. Det var faktisk til pass sidan ho nekte å slutta røyka tenkte eg. Visstnok fleire som likte det originale designet, så nå skal eg snart senda avgård et liknande par. Stolt? Ja litt, mest over at eg kom på ideen!