lørdag 29. juni 2013

..Og så juksar me littegrann...

Eg driv å strikkar på ein ny Mariustunika. Tenkte at eg skulle få brukt opp dette Sisugarnet som eg ikkje var så henrykt over.

Modellen er den same som sist, mønster henta i eit hefte frå Sandnes, og sjølvsagt Sisu. Sist modell strikka eg i str 6 år, og passformen og fasongen såg eigentleg ganske bra ut. Trur eg korta den litt ned i vrangborda i halsen om eg ikkje hugsar heilt feil, men ellers fulgte eg oppskrifta slavisk.
Og tunikaen var perfekt på eigaren!

Bildet henta frå Sandnesgarn si heimeside.

Denne gongen strikkar eg den ganske liten, størrelse 1 år. Eg er snart ferdig med mønsteret, men når eg ser på fasongen, så tenke eg at den ikkje bør vera særleg lenger før eg feller av rundt halsen. Det er jo ikkje nokon sjiraff som skal gå med den heller!
Skal eg følga mønsteret til punkt og prikke har eg fortsatt 16 omgangar igjen før felling. Det blir litt drøyt..


SÅ då juksar eg litt! Tar vekk den eine kvite mønsterborda og erstattar med ein enkel omgang med kvit, og så lagar eg den raude kanten oppe smalare. Litt spent på korleis det blir, ein klarar ikkje sjå det skikkeleg før kjolen er på ei lita tulle.
Eg kryssar fingrane for at planen min funkar, og at passfomen blir bra,
Kanskje eit par av dåke gidde kryssa fingrane også, så eg verkeleg har oddsa på mi side?!



fredag 28. juni 2013

Lille Petter Edderkopp...

Det er sommar, det spire og gror, og yre av liv. Det er jo vel og bra, men ikkje alt som er like velkommen meine nå eg då..
For med sommar og plussgrader komme det også nokon små, og til tider ikkje fullt så små, svarte, kravlande krabatar!
Jada, damen her har edderkoppskrekk!

Å komma på besøk til meg var det siste denne her gjorde.

Og sjølv om solnedgangen er aldri så nydeleg, så held eg meg innomhus når skumringa kjem. Eg treng nemleg ikkje å komma for tett på desse kravlekrypa. Faktisk så er det einaste ærendet eg drive med ute på den tida ein runde med radarsprayen på terrassen for å kverka "Eddie" og vennene hans. Naboane har sikkert lurt av og til...


Til tross for min langt fremskredne edderkoppfobi, så blei eg veldig sjarmert av desse nydelige sokkane som ei venninne har strikka. Synes dei er veldige artige, og her veit eg med sikkerhet at edderkoppen held seg i ro. (Eg har Zirkona si velsigning for å bruka hennas verk i min blogg, viss nokon var bekymra for det!)



Oppskrifta er originalt frå Garnstudio, den kan du finna her, men det er gjort nokon endringar undervegs som du ser. Og eg synes at sokkane blei mykje finare i glattstrikk enn den originale rillestrikken, "nettet" kom bedre fram.

 
I dag er det jo fredag, dagen der Wollmeise fylle på i nettbutikken. For bare eit års tid sidan var det nesten umulig å få tak i "meiser", men nå i det siste har det faktisk vore ei og anna hespe tilgjengeleg stort sett heile tida. Og nå kjem dei snart med ny nettbutikk, bare sjekk her!


Skal du handle i dag må du likevel bruke den gamle nettsida deiras, og den finn du her! Eg har alt vore inne og kikka litt, og dei fine lillafargane frista meg veldig. Det er noko heilt eget med fargane til Wollmeise, kanskje nettopp det som har gjort garnet så ettertrakta som det er.
Det er lov å la seg friste...

Ha ein fin-fin strikkefredag!


onsdag 26. juni 2013

Å stå i mot..

Eg står i mot, alt eg kan! Med begge beina godt planta i bakken mane eg fram siste rest av motstandskraft. Og kva er det eg strevar sånn med å motstå?
Garnsalg, garnsalg, garnsalg...
Plutselig hadde nokon posta ein link på Facebook om at Nettgarn hadde salg på Dalegarn. Og salg på garn frå Dale er ikkje kvardagskost. Lerke, Lille Lerke og Babyull, alle tre er nydeleg saker som gjerne får bu på garnrommet mitt.
Enn så lenge har eg klart å stå i mot. Siste salgsdag er 28. juni, så eg håpar viljestyrken min held fram til då...

Bilde frå Dalegarn

Mens eg var i Bergen starta eg på et nytt strikketøy som var passande å ta med seg når eg skulle på strikkekafè på Os. Det nye silkemjuke garnet til Sandnes, Alpakka - Silke og pinnar frå Harmony Wood var ein makalaus kombinasjon, så eg starta på ein liten babyjakke.
Strikka vidare på den her om kvelden, men trur eg må rekka opp igjen. For det første så krøllar nedre del av jakken seg voldsomt, noko som forhåpentligvis vil retta seg ut i vask, men kva om det ikkje gjer det? Vil eg ta sjansen?
For det andre så har det skjedd noko snålt på den tredje runden med glattstrikk, den er så laus og stygg. Maskene heng jo nesten å sleng!


Eg anar ikkje kva som har skjedd, men eg veit at det irriterar meg. Viss eg rekke det opp igjen kan eg både laga ein breiare kant nede, som ikkje krøllar seg, samt få eit jamnare resultat. Perfeksjonisten i meg ropar at det er løysinga eg bør gå for.

Så spørs det då, kor mange tidels sekund det går før du klikkar deg inn på nettgarn.no for å sjekka ut salget...

fredag 21. juni 2013

Siste etappe - Tour de Garn

Blei et par dagar opphold mellom etappane her, me skuldar på dopingkontroll. Pleie vera mykje av det i andre Tourar...

Siste butikk ut i Bergen hadde eg faktisk aldri hørt om. Rart at denne ikkje har blitt nevnt, men det kan vera fordi den ikkje har så mykje spennande å by på. StrikkeLykke ligg sentralt til i Bergen, rett bak Strandkaiterminalen, så det er jo ikkje det geografiske som har stoppa nokon visitt tidlegare.
Heidi hadde vore innom denne, og var så grei å guida på denne etappen.
Desverre hadde eg ikkje kamera med, men det var ikkje dei heilt store sprella å fotografera heller. Butikken er ganske strigla, ryddig og oversiktelig. Bra utvalg i garn frå Dale, Sandnes og Garnstudio, og et par små drypp frå andre leverandørar. Lyst og fint, ein god del mønsterhefter og godt fargeutvalg i dei ulike garnkvalitetane. Men dette er utvilsomt butikken for dei som finn ei oppskrift og skal ha originalgarnet til akkurat den modellen.
Eg enda opp med ein litt overskya palett på nøstene mine denne dagen, det regna jo tross alt. Lanett frå Sandnes og Baby Silk Alpaca frå Garnstudio.


Som eg har nevnt før, for at ein butikk verkeleg skal fanga meg må den ha "det lille ekstra". Gjerne i form av spennande og "nye" garntypar, fristande tilbodskorger og helst litt originale utstillingsmodellar. StrikkeLykke kjem derfor ikkje øverst opp på lista til ein garva garnjunkie, men kan dekka alle garnbehov til dei som ikkje er like mykje ute på kjøret som meg!


Vi svinga også innom Quiltekroken ein kjapp runde, som ligg vis a vis med hurtigbåtane i Bergen. Denne har eg besøkt før, og dei har bare bittelitt garn frå Viking. Sidan sist eg var der hadde dei halvert lokala, men likevel så var det stua rimelig mange meter stoff og symaskiner inn i det lille lokalet. Målet for visitten var melkegarn, og det fekk Heidi tak i.
Med det var min GarnTour i Bergen over for denne gang, men eg trur området har såpass mykje å by på at eg kan ta ein runde til. Eg har jo f.eks ikkje besøkt Hillesvåg.. endå..
Glei forretsen glatt gjennom dopingkontrollen, viss nåken var bekymra for det..


Etter Touren min, så ser altså strikkekroken slik ut igjen! Eg som nett rydda så fint? Alle desse posane og nye innkjøpa lagar jo et kaos utan like, trur eg må slutta handla så masse garn! (Mohahahahhahahahahahahahah, den var det vel ingen som gjekk på...)
Eg må uansett rydda igjen..


tirsdag 18. juni 2013

Tour de Garn - Fjerde Etappe

Garntouren går mot slutten, men me er ikkje heilt i mål ennå. Mellom slaga hadde Sølvi komt over noko info på fb-sida til Lappeloftet om at det var strikkekafe den dagen. Lokalguide Sølvi hadde aldri vore der på strikkekafe, og med lite info om tidspunkt tok vi ein sjans å kjørte ned.


Og joda, her var fire strikkande sjeler samla til drøs og pinneklirring. Med meg og Sølvi kom besøkstalet oppi heile seks personar, men det var faktisk heilt greit at det ikkje var fleire der. I motsetning til Strikkekafeen i Husflidslaget på Os veka før, der det var så mykje skravling at eg ikkje høyrte meg sjøl tenka, så gjekk det her an å prata og høyra kva sidemannen svarte. Og det var jo så trivelige damer, så praten gjekk lett og tett. Utruleg korleis ein alltid har noko å prata med andre strikkeinteresserte om, sjølv om det er folk ein aldri har møtt.


Lappeloftet driv jo sjølvsagt ikkje berre med garn, som navnet så tydeleg vitnar om. Når du kjem inn i butikken blir du møtt av hyllemeter på hyllemeter med vidunderlige stoff i alle tenkelege fargar og mønster. Til og med eg, som ikkje kan tre ei symaskin ein gong, får ein intens lyst til å begynna sy.
Lure på korleis det er for dei som kan sy å komma inn her..?


Lokala er så lyse og fine, og dei mange fargane kjem ekstra godt fram. Kven kan vel motstå fristelsar her?





På garnfronten var det også mykje i kategorien lekkert. Ein god miks av trauste merker som Dale og Viking, ispedd litt meir sjeldne varer frå Regia og Marks & Kattens. Eg likar sånne butikkar der ein kan komma over litt uvanlege garntypar, litt krydder innimellom Gjestal, Garnstudio, Sandnes og Dale.



Min pose såg ganske uskyldig ut.. Ingen hau på, og heller ingenting som bular ut. Med andre ord, eg har faktisk klart å begrensa meg litt på tampen av dagen.


                                                 ...... Litt rosa lykke måtte likevel oppi..


Lerke har eg ikkje strikka av, men det kjennes vidunderleg ut. Den duse rosafargen er også litt meir anvendelig enn vanleg "babyrosa". Vips - oppi posen!
Så kom eg over ein garntype som var ny for mine auger - Regia Angora Merino. Fargen, matt gammelrosa, er såpass sjelden å finna at den bare måtte eg ha. Og det scorar veldig høgt på mjukhetsskalaen også.


Her måtte eg jo også kjøpa to nøster Fine Wool, som nevnt i forrige etappe av Tour de Garn, den skal i saman med Manos Lace.


Etter dette var eg egentleg ferdig med min garnhandel for dagen... Heilt til ei av dei andre på kafeen kom svinsande med eit nøste sokkegarn i blanding ull og bomull frå Regia. Eg er egentlig ikkje nokon tilhengar av fleirfarga garn som lagar stripemønster, men akkurat her lot eg meg frista. Fargane er ganske ton-i-ton og veldig behagelige å sjå på.
400 meter på eit nøste, det skal holda til eit par damesokkar.


Og så bare MÅTTE eg ha desse vidunderlege knappane her. Svindyre, men dei var verdt kvar krona. Dei ropar jo sommar på lang avstand.


Så, 550 g med garn blei det jammen her og. Eg tør ikkje tenka på den garnrekneskapen min. Der er det STORE RAUDE tal i boka etterkvart.

 
Konklusjonen etter siste butikkbesøk for dagen er at Nesttun har fleire skjulte skattar som ikkje står i nokon turistbrosjyre. Her er det fleire stader du absolutt bør legga inn på GPSen, og Lappeloftet er ikkje noko unntak. Butikken ligg litt vekkgøymd, og utsida røpar ingenting om kva herligheter den skjuler på innsida. Vel verdt eit besøk - ha god tid!
 
 
 

søndag 16. juni 2013

Tour de Garn - Tredje etappe

Så var me komt til tredje etappe på min garnrunde, og til "tourens" høgdepunkt. Me er framleis på Nesttun, men litt utanfor sentrum. Ved første augekast kan eg slett ikkje sjå nokon garnbutikk, berre vanlege bustadhus og ei koseleg lita raudmalt hytte. Vi er komne til Annes Garn og Broderi.



Og dette er ikkje berre ein garnbutikk. Dette er eit skattkammer, ein turistattraksjon, ein helbredande institusjon for garngale sjeler! Og desidert den trangaste butikken eg nokon sinne har vore i. Her må ein smyga seg forsiktig innimellom dei bugnande reolane, medan ein passar kor ein set føtene så ein ikkje snublar over ein kasse eller ei korg med fleire fristande nøster!




Dama bak disken er også eit lite fyrverkeri i seg sjølv. Og kven hadde ikkje blitt glad og sprudlande av å omslutta seg med garn kvar einaste dag?


Det er så mykje å festa augene på, og ein oppdagar stadig nye ting, så her måtte eg ha både to og tre rundar før eg følte meg ferdig... (Og Sølvi begynte hinta om at eg snart burde bli ferdig..:))


Anar ikkje kor lang tid eg brukte, det føltes litt for lite, men eit par godbitar fann eg som burde få vera med heim til Uskedalen. Faktisk fleire "førsteopplevelsar".
Sokkegarn med det herlige navnet California. Aldri hverken sett eller hørt om.


Pt Sumatra i ein vidunderleg bruntone - også eit nytt bekjentskap.


Fin i ein fin farge måtte også vera med. Trur eg har eit par nøster av denne frå før, så nå har eg litt større frihet med tanke på passande prosjekt. Dette garnet er nesten så mjukt at eg ikkje har lyst å strikka av det, redd eg skal øydelegga det.


Ein knall blå liten sak som skal bli klut. Bomullsgarn frå Mirasol som skulle ut av sortimentet. Visstnok veldig godt egna til kjøkenklutar.


Så til rosinen i pølsa, toppen av kransekaka og alt det der: Manos Lace! Sjekk den nydelige fargekombinasjonen. Ser føre meg at denne blir nydeleg saman med den lyserosa fargen til Fine Wool.


Alt i alt ein ganske fin garnfangst. Eit par små duppedittar vart det og, maskeholdar og ein snerten liten sak til å kappa tråden med. Ganske lur, ingenting ein kan stikka seg på, så eg trenge ikkje uroa meg for om eg lar den ligga framme når toåringen er ute på oppdagelsesferd!



Anbefale alle som er i området å stikka innom Annes Garn, det er ein opplevelse. For dei som ikkje kjem seg til Nesttun med det første så har damen nettbutikk!

Følg med for neste etappe på Tour de Garn!!


Andre etappe - Tour de Garn

Så var me komen til andre etappe på mi garnturnering i Bergensområdet. Helga heime gjekk jo så alt for fort, og søndag kveld var eg tilbake på Haukeland. Transportert til døra av den trufaste sjåføren Sølvi!
Heldigvis så gjekk det ikkje så mange timane før denne damen igjen stod utanfor døra for å ta meg med på nye eventyr. Og dagens ferd gjekk straka vegen til Nesttun!

På Nesttun har dei et senter, men det er ganske kjemisk fritt for garn. I gata nedforbi derimot kan det vera verdt å ta ein tur...


Slike skilt fange jo sjølvsagt min oppmerksomhet, og det var jo denne butikken som var første stopp på dagens program.


Det er jo ikkje garn som er hovedgeskjeften i denne sjappa, så til tross for et ganske smalt utvalg av garn, så fann eg ganske mykje som måtte vera med heim.


Ein sikker vinnar er jo Fine Wool frå Schachenmayr. Nydeleg å strikka med, duse, fine fargar og veldig drøyt. (Bildet nektar å snu seg rette vegen uansett kor mykje eg kjeftar)
Og så fant eg eit garn eg aldri har vore borti, frå same leverandør. Extra Merino ser og kjennes bra ut, og fargane var fristande. Det minnar ganske mykje om Garnstudio sin Merino Extra Fine, så nå gjenstår det å sjå om den "oppføre" seg likt i bruk og vask.


Etter dei varmaste anbefalingar frå Sølvi fekk også eit par nøster med garn frå Regia vera med oppi posen. Dermed ansåg eg utvalget for å vera komplett, og kom meg ut derifrå før eg måtte begynna på pose nummer to.


Sølvi var som alltid måteholden - 2 nøster. Trur hu hadde eit lite håp om å klara påverka meg og til å vera måteholden, men kordan det gjekk kan du sjå i tredje etappe av Tour de Garn. Då besøkte me nemlig Annes Garn og Broderi...

lørdag 15. juni 2013

Tour de Garn: Bergen - Os

Då var eg endeleg heima igjen etter to veker på Haukeland. Skal egentlig ikkje klaga, for innimellom trening, fysioterapi og legebesøk har det vore både garnshopping, barselbesøk og strikkekafear.
Så ein stor takk bør vel rettast til Sølvi, som har vore sjåfør og lokal guide til både garnbutikkar og strikkesamankomstar. Og ikkje minst Sandra og Heidi som passa på å få ungar som eg kunne komma og besøka:)
Men, det har blitt lite blogging, for her på tysdag fann dataen ut at den ikkje ville samarbeida lenger. Trådlausfunksjonen bare slo seg av, og med min begrensa datakunnskap fant eg jo ikkje utav kossen eg skulle få den på.. I alle fall ikkje før seint i går kveld når eg var komt heim. (Må her understreka at knappen der ein vanlegvis kan skru av/på trådlausfunksjonen ikkje fungerte, er ikkje SÅÅÅ dum...)
Men, nå fungerar trådlausfunksjonen og eg har ein drøss med herlege garnbilder å visa fram!


Sidan det er eit visst etterslep her, grunna tekniske problemer:), så får eg vel begynna med det første først. Når eg var heime på perm sist helg, transportert av garnguiden Sølvi sjølvsagt, så stoppa vi på Bunadverkstaden på Os. Sidan butikken skulle flytte og avvikle ein del av garndelen, så var det tilbud på garn. Slike skilt som dette kan ein jo ikkje gå forbi.



Butikken var ein litt underleg stad. Det såg meir ut som eit velfyllt hobbyrom enn ein butikk. Rett nok er det ein bunadverkstad, men garnet var liksom plassert litt tilfeldig her og der.


Det var mykje Raumagarn, og som dei fleste veit er jo ikkje dette nokon favoritt hos meg. Derfor klarte eg stå i mot fristelsane ganske bra, og det var berre seks nøster Petunia som fekk vera med heim.

Bunadverkstaden skal halda fram i andre lokaler, men med eit mindre garnutvalg. Hugsar ikkje heilt kor den nye butikken skulle vera, men for dei lokalkjende er det sikkert ingen problem å spora opp.


Helga heime gav ikkje rom for så veldig mykje på strikkefronten. Det var fint vær, så då var me ute og koste oss. Og heilt ærleg så må eg innrømma at det blei prioritert å tilbringa tid med ungane sidan eg berre var heime for helga.



Klarte i det minste å få ferdig genseren til Victoria og fekk unna den verste jobben: Trådfesting! Nå gjenstår berre å få sydd den fint saman under armane, men her er eg så uerfaren at eg treng bistand frå Linda.

 
Neste etappe av Tour de Garn - då etappen frå Nesttun - kjem truleg i morgon! God strikkelaurdag!