mandag 3. juni 2013

Picklespakke!

I veka før pinsehelga hadde Pickles ein liten salgsmaraton. Kvar dag var det ein ny type garn på tilbud, og denne damen her klarte jo ikkje stå i mot fristelsen... Ganske forventa sukke du nok...

Det er liksom nåke med både garn, oppskrifter og ikkje minst nettsida til Pickles. Det har et ungt og lekkert preg som friste veldig til både å strikka modellane deiras, og ikkje minst handla garn.
For eksempel har eg fleire gonger vore inne og sett på dette garnet her - Summer Wool. Problemet er bare at det er så mange av fargane som friste at eg ikkje klare bestemma meg! Det lyse sommar, sol, sjø og lollipop-is av det fargekartet!


Men i min pakke kom det ikkje Summer Wool. Derimot kom Pure Wool i ein nydeleg rosatone, litt lett melert, og her blei eg også blenda av eit fantastisk fargeutvalg. Garnet kjennes litt stivt ut, men eg veit frå før at ein ikkje må la seg lura av det, eller trekka nokon konklusjon, før plagget er vaska. Utruleg kva litt vatn og Milo kan gjera med stivt og kløete garn.


I tillegg så hadde eg putta både Abuelita og Pure Alpaca i handlekorga. Fargane i Abuelita talar vel for seg, i tillegg er merinogarnet sinnsjukt mjukt og godt.


Alpacagarnet skuffa meg litt. Det var meir "hårete" enn det såg ut på bildet, men eg bør vel ikkje gjera meg opp ei meining før eg har prøvd å strikka med det.


Og så har eg jammen nåke ferdig strikka å visa til, kryss i taket og tenna i veggen! Måtte ha noko enkelt å ty til når vi var på biltur, og ein klut gjorde seg som "veskestrikk". Eg må vel og ærleg innrømma at eg trengte ein liten adspredelse oppi den feilstrikkinga-opprekkinga eg styrte med på genseren til Victoria. Små, lodne, samanfiltra masker som ikkje samarbeide er slett ikkje ein passande syssel i bil.

Kluten er strikka i Bomull-Lin frå Drops, i følge svigermor eit godt klutgarn. Og det var vel det utsagnet eg brukte som "unnskyldning" når eg var innom garnbutikken på Jernbanen sist eg var i Bergen med mannen. Siden eg ikkje rekne med at han hadde ilt til for å kjøra meg på garnshopping bare for at eg skulle kjenna og mysa, så unnskyldte eg meg med at eg skulle hatt et par nøster Bomull-Lin så eg kunne strikka klutar til mammo hans. Dermed vart det handlerunde, og eg kamuflerte fint posen med garnkjøpet mitt med eit par nøster Bomull-Lin strategisk plassert på toppen! 


Eg har fulgt anbefalt pinnestørrelse - 5,5 - men synes at det blei litt for glissent. På neste klut vil eg gå for pinne 5, men same masketal og mønster. Rutemønsteret med 5 rette og 5 vrange i 6 omgangar, og så 5 vrange og 5 rette i 6 omgangar funke bra til klutar, og kreve ingenting tankevirksomhet eller telling.
Ser det står at dette garnet bare kan vaskast på 30 grader, men som klut funke det fint på kokvask og. (Kilde: Svigermor)

2 kommentarer:

  1. For en fantastisk pickles-pakke! Jeg lot meg også friste den uken, men heldigvis bare 1 dag, hihi ;) Ble Pure Wool på meg også, og jeg gleder meg veldig til å prøve det :)

    SvarSlett
  2. Åååå, så skjønne farger! Får meg til å tenke på syrinbusker og sommer :)

    SvarSlett