tirsdag 25. februar 2014

Strikkeleksikon

Det er på langt nær alle strikkerelaterte bøker som har komt det siste året, som er verdt ein plass i bokhylla. Eg er kanskje litt vanskelig og kresen, men etter å ha kjøpt ein del bøker så veit eg i alle fall kva bøker som har mest nytteverdi for min del.


Garnglede i Rosendal er eit eksempel på ei bok som i mine auger har tilnærma lik null strikkeverdi. For all del, fine bilder og lekker layout, men det er ei mønsterbord som går igjen på jakke, sokkar, pute osv. Når den rosemønstersaken heller ikkje er fantasupermegamajestetiskflott så blir den i alle fall ikkje å finna i mi bokhylle. Som souvenir eller minne etter å ha vore i Rosendal er den nok hakket bedre, det er jo veldig mange fine bilder mellom dei to permane..


Denne strikkeboka derimot, kjem meir i kategorien Verdt sin vekt i gull. Lekkert design..



                                  Ryddig og oversiktelig, omtrent som eit mønsterleksikon...



Og her finn ein jo det meste ein treng. Syns det var veldig greit at kvart mønster var klassifisert etter vanskelighetsgrad.  Denne bør absolutt få plass i mange bokhyller.


mandag 24. februar 2014

Mønsterrydding..

I går strikka eg ikkje ei einaste maska, men følte ikkje dagen var heilt bortkasta for det. Eg brukte nemlig dagen til å rydda i strikkelektyren min.


Bøker, blader, hefter og diverse utklipp låg i et kaos uten like, så det var på høg å gjera noko.
Undervegs såg eg at det jammen var dobbelt opp av nokre bøker og...


Nå er lause mønster komt i permar, alle bladene er sortert, og bøkene er komt på plass i strikkekroken. Nåke seie meg at eg ikkje trenge meir mønster heller....


Alt eg fann ut eg ikkje hadde bruk for, eller hadde dobbelt av, la eg rett og slett ut for salg på FB på gruppa Kjøp/Salg/ Bytte av Garn/Tilbehør. Satsar på at det kan få ein god heim hos andre strikkegale.

fredag 21. februar 2014

Den kulørte ukepresse

Det visar tydeleg på alle vekebladene om dagen at strikking verkeleg er i vinden. I nesten kvart blad fristar dei med varm strikk, og det får ofte like stor plass på framsida som slanketips og kakeoppskrifter. Og eg har jo då, ikkje uventa, latt med freista eit par gonger... Men det er jo eit heller sørgeleg kapittel når alt kjem til alt...



Eg klarte å motstå både Allers sin Interiørstrikk og Familiens beste strikkeoppskrifter (merk dåke at eg skriv dette med ein smule stolthet i tastaturet) - og når det kom til stykket så var jo Familiens beste bare ein ønskereprise av tidligare utgitte mønster. Med andre ord, eg hadde samtlige.
Til og med KK har jo hatt to bilag med strikk på kort tid nå, og eg trur nok at dei fengar den litt yngre garde som kanskje vil strikka seg eit moteplagg. F.eks Skappeljakken eller noko lekkert frå Pickles


Men, Allers sitt hefte Herlig Strikk klarte eg ikkje å motstå... Og dette heftet var verkeleg ein opptur. Fleire nye modellar eg ikkje hadde sett før, og opptil fleire ting eg verkeleg kunne tenkt meg å strikka. Herleg mix av både småplagg og større prosjekt, og mange fine og enkle genserar som passar godt for den som ikkje er gira på å montera. Veldig masse fint til barn, også til gutt. Med andre ord, heftet var vel verdt dei 69 kronene.

mandag 17. februar 2014

Ikkje tomhendt

Det vart jammen litt meir garnhandling på Bergensturen enn dei hespane på Hillesvåg. For på veg ut mot fabrikkutsalget kjører vi gjennom Knarvik, og kva skuer mitt auge her..? Jo, garnbutikkar - ein på kvar side av vegen! Lovely!!


Første stopp var Knarvik Stoff og Søm. Her hadde eg sett korger med garn på utsida, så eg visste at det var håp om mjuke nøster til tross for butikknavnet.


Kjekk butikk, stort sett med garn frå Viking og SMC. Og stoffutvalget her imponerte til og med meg.
Til tross for at eg ikkje ein gong kan tre ei symaskin, så kjøpte eg stoff her.... Mulig det var det fine mønsteret som fanga meg:)


Tre hespar med Balder, som var på salg, fekk vera med i posen. Dette garnet har eg brukt i vestar før, og eg meinar å huska at det var veldig godt å strikka av.


Så bar det over vegen, der venta meir garn. Trang butikk der eg nesten følte eg gjekk i vegen for betjeninga når eg gjekk og kikka, så gjorde meg kjapt ferdig.


                              Rakk likevel å triva med meg ein del garn  - først litt Alfa......


Og så har Sandnesgarn komt med nytt garn, Merinoull, og med dei fristande fargane så kunne eg ikkje gå forbi. Dyrt, men veldig, veldig mjukt.


 Og så var det ein nøste med blandingsgarn, bomull/lin frå SMC, som såg litt artig ut. Eit kompakt 100grams nøste skal holda til denne lua som er vist på banderolen. Sjansen for at dette nøstet like godt blir klutar, er ganske stor.

søndag 16. februar 2014

Husmorferie del 2


Etter litt lading av både håve og snakketøy var vi klar for ein ny dag. I dag skulle vi ha ein runde på Oleana, der Dagfrid jobbar.


Lyse og fine lokaler, og her blir det ferdiggjort mange fine plagg. Ganske spennande å få ein kikk på litt av prosessen.


Og sjølv om dette slett ikkje er min stil, så ser eg jo at det er flotte plagg som blir sendt ut gjennom døra. Trur eg er 20 år for ung til å ikle meg desse blomstrete jakkane.



Alle modellane som er laga ligg samla her, ein utgåve av kvar. Artig måte å visa strikkehistorien på.


Og så måtte eg jo kikka på desse gamle vottane som låg utstilt...


                                                        Spreke damer på sprek sofa..


Gjengen suste så vidare til Hillesvåg Ullvarefabrikk, og dette var verkeleg ein høydare. Og ein skjønne at noko bra er i vente med slik utandørs dekor....



For nokon med langt framskreden ullemi, så var dette eit eldorado. Eg har lite kjennskap til garn frå Hillesvåg, så det var godt vi hadde ein liten gjennomgang kvelden før.





Me fekk også fantastisk service, og her følte ein verkeleg at betjeninga sprang beina av seg for deg.


Men, til tross for at eg nesten drukna i fargerikt garn frå golv til tak, så klarte eg å begrensa meg. Mykje av grunnen er nok at sånn stikkeull ikkje er min favoritt. Heilt tomhendt forlot eg då likevel ikkje butikken...

 
Eg anbefalar alle strikkeglade eller garngale ein tur på Hillesvåg - vel verdt turen!!!

lørdag 15. februar 2014

Husmorferie

Utruleg kor mykje eit døger med husmorferie kan inneholda. Time på Haukeland, strikkelunsj, garnbutikkar og besøk på spinneri, berre for å nevna nåke.
Etter ein lynrask tur innom Haukeland bar det i veg til Sølvi på Strikkelunsj. Bare så vidt me rakk å eta, snakketøyet gjekk med turbofart. Ikkje rart når alle har så fremskreden ullemi og strikkedilla. Her fekk eg også tid å prata litt med Rigmor som hadde tatt turen frå Trøndelag, snakk om alle tiders dama!


På veg til Os, der både eg og Rigmor skulle innlosjerast hos Åshild, stoppa me innom garnbutikken. Eg hugsa ikkje å ta med kamera, men kanskje nokon lokalkjende kan hjelpa både med butikknavn og eventuelt nettside om dei har.
Det var ein koseleg, men ganske trang butikk, og ikkje overraskande så klarte eg ikkje å komma meg heilt tomhendt ut derifra.


Cotinga frå Dale, upløyd mark for meg. Men denne nydelige grønfargen låg i hylla og ropte ganske intenst. Litt usikker på kva eg skal bruka dei til, men det er jo aldri nokon forutsetning for at eg skal kjøpa garn. Eg MÅ ikkje vita kva eg skal bruka det til.


Hegre, også frå Dale, må jo funka fint til desse vestane mine vil eg tru. Synes sånne duse, naturlege fargar er så fint. Då kan eg spela meg litt med ulike knappar.

Mens eg stod å venta på å bli ekspedert i kassen, gjekk blikket mitt mot desse nydelige blå nøsta. Sokkegarn med silke i, mjukt som bare juling, og den gråblå fargen er fantastisk. Dei berre MÅTTE vera med meg til Uskedalen.


Så var det klart for ein privat strikkeaften, og Åshild diska opp. Alle hadde med både strikketøy og snakketøy, og den stakkars mannen til vertinna måtte rømma ut i bobilen for å få litt fred. Ein kan jo sjølv tenka seg kakleriet når seks strikkeglade og garngale damer skal anmelda ulike strikketeknikkar og garntypar....


Men denne kvelden er i alle fall eit godt bevis på at hverken alder eller geografi har noko som helst å bety for god stemning og gode vennskap. 

fredag 14. februar 2014

Tornado?

Her ser det meir eller mindre ut som ein tornado har herja. Men det er faktisk ikkje verre enn at eg skulle finna meg strikketøy til å ha med på Haukelandsturen sist fredag. Var litt knapp tid, så rydding blei ikkje prioritert... I løpet av omtrent 18 sekund såg det ut som eit katastrofeområde...


Men sånn blir det liksom uansett med jamne mellomrom. Trur den stadige tilførselen av nytt garn og nye oppskriftshefter/bøker kanskje er ein medvirkande årsak...


Heldigvis klare eg av og til å ta meg sjøl i nakken å gjera nåke med kaoset. For sånn skal det egentlig sjå ut...


Kjøpte meg forresten ein ny rundpinne her for litt siden... Et merke eg aldri har hørt om, men dei var ekstremt gode å strikka med. I alle fall til å vera metallpinnar. Eg har kun sluppe addi-pinnar gjennom sensuren når det gjeld metall, men desse var faktisk like gode.

onsdag 12. februar 2014

Påfyll av gamle skattar

Som med garn kan ein aldri få nok av strikkeoppskrifter. Ekstra kjekt er det med sånne gamle skattar som ikkje er i salg lenger.


 
Kofter har jo fått ein ny vår, og her fins det mange staselege plagg å velga i. For dei som er hekta på kofter så kan eg anbefala Koftegruppa på Facebook. Ei fantastisk gruppe!!!

 




Ut i frå dette bildet kan me vel trekka den konklusjonen at folk blei glade av garn også på førti og femtitalet.




Har faktisk bestilt egne hyller til å ha i garnkroken min, der eg kun skal ha gamle mønsterhefter. Må innrømma at eg har mista litt oversikten over ka eg har av hefter trykka før 1970, så gler meg til å få rydda i kaoset.


Stolen til strikkekroken kjem på fredag, og då nærmar det seg jammen målstreken med prosjekt garnvegg/strikkekrok! Bilde kjem!