torsdag 29. november 2012

Botanisk dødsfall

Den eine orkideen min har rett og slett gått hen og teke livet av seg. Sånn plutselig fann den ut at den ikkje ville meir, og slapp alle blada. Ser litt stusselig ut uten blad. Det har no vore ein høgtideleg seremoni der den har fått enda si vandring ute i biodunken.



Men eg sørgar ikkje så veldig. Det passar nemlig ganske greit at det minkar litt på det botaniske plan nå. Juleblomar som svibel, amaryllis og julestjerne skal jo overta plassen i karmar og på bord. For på laurdag skjer det. Då er det første luke i adventskalenderen, desember er i gong og førjulskosen kan offisielt starta! Og det har vore stritt å ikkje tjuvstarta. Held meg sjøl strengt i øyrene så det ikkje blir snikstart på hverken julamusikk, røkelse eller raude dukar. To dagar til, ja det skal eg klara!


Strikkedagen starta med opprekking. Begynte på ei hua i Merino Extra Fine som er ei bestilling. Solgte ei slik i sommar, men damen kom tilbake og lurte på om eg kunne laga ei litt større. Og det kunne eg så klart. Starta på pinne 3,5, men etter å ha strikka 5-6 cm fann eg ut at den blei for tett, så det var berre å rekka opp att.



Då ser det slik ut, og så kan ein bare starta på ny frisk, denne gong på pinne 4.

mandag 26. november 2012

Trauste raggsokkar


For nokre veker sidan fekk eg bestilling på to par raggsokkar til herre. Faktisk lenge sidan eg har strikka sokkar nå, så det var faktisk befriande enkelt og greit å ha på pinnane. Beint fram litt kjekt med traust lubbestrikking igjen etter alle dei små, dillete babybootiesane.

Denne gongen brukte eg Labbegarn frå Sandnesgarn som snille Linda hadde teke med til meg frå Koparvik. Har ikkje brukt dette før, men det falt absolutt i smak. Litt tynnare enn raggegarnet frå Sparkjøp, også kalla hampgarn, som eg stort sett har brukt til herresokkar tidlegare. Strikka på pinne 3,5 og syntes dei blei passe tjukke.




Etter at eg lærte den geniale utrekningsmåten for å finna rett lengde på sokken til rett fotstørrelse, treng eg ikkje lenger på leit etter passande føter rundt i vennekretsen.
Lengda frå hælen og fram til starten på tåfellinga skal vera lik skostørrelsen delt på to! Altså strikkar du sokkar til ei sjel som brukar 40 i sko, skal du strikka til foten er 20 cm før du startar tåfellinga. Til størrelse 26 skal sokken måla 13 cm før ein feller av til tå. Enkelt å huska, og lett å bruka.




Var også flink denne gongen og hang på tags med størrelse og type garn, litt greiare for den som skal gi dei vekk i gåve. Og så ser det litt snyggare ut.

lørdag 24. november 2012

Ein real støkk

I dag trudde eg at alt var tapt. Alt av samla strikkeoppskrifter og mønster som låg lagra på skrivebordet, bilder frå siste året og ikkje minst alle familiebildene. Dataen nekta nemlig å starte...

Eldstejenta kom heim frå skulen i går og sa at alle jentene i klassen var på nett og spelte eit eller anna Moviestar spel på nettet. Eg sa at jadå, ho kunne få lov ho også. Vi leste gjennom retningslinjene for spelet, og alt såg tilsynelatande veldig greit og ufarleg ut. I dag logga ho seg på for å spela litt igjen, og sidan ho hadde gløymt å setta i straumkabelen skikkeleg så slo maskina seg ganske fort av. Då me skulle starta opp igjen så fekk eg sånn lite kjekk, alvorleg beskjed på blå bakgrunn i oppstartsbilde at ein alvorleg feil var funnen og maskina kunne ikkje slå seg på att.

KRISE!!! For det første tenkte eg at eg ikkje hadde fått lagt over bildene til den portable harddisken, noko eg faktisk har tenkt eg skulle gjera to gonger denne veka. Søren ta meg som hadde utsett det! For det andre så er det lørdag i dag og svært få plasser eg kunne henvenda meg for å få profesjonell hjelp. For å løysa sånne ting sjøl, det kan eg bare glømma, datateknisk grønnskolling som eg er. (Det har eg forresten planar om å fortsetta med).

Men det kom nå opp eit vindu med spørsmål om å kjøra feilsjekking, og eg trykka ok på den. "This may take several minutes" kunne proogrammet informera om, men etter 1 time stod den fortsatt der og bare surra og gjekk. Jaja, kan visst bare gløyma dette, tenkte eg, og stakk på strikkelunsj til Linda. Var der både lenge og vel, damen hadde nemlig bakt, og det var godt utpå ettermiddagen når eg kom heim.

Då hadde dataen jobba seg ferdig med den biten, og nytt spørsmål om eg ville at den skulle fiksa det oppdaga problemet kom opp. Sjølsagt ville eg det, og den surra og gjekk vidare. Etter nye to timar hadde den gjort sitt, og den etterlengta og veldig velkomne omstarten begynte. Hurra, det var liv i svarten igjen! (Ein ørliten gledesdans vart utført på stovegolvet)

Så nå, etter å ha kopiert ALT av bilder og nyttige dokument, så er eg trygt på nett igjen. Kva som egentlig har skjedd anar eg ikkje, men jammen fekk eg meg ein støkk. Og det var vel ganske grei beskjed frå meg til eldstejenta at ho ikkje trenge spela det spelet meir! Og nyttig lærdom til ho mor, ta ein kopirunde litt oftare. Kanskje ein idè for andre også?





Har ikkje fått strikka sånn kjempemasse i dag, men har fått gjort ferdig to par babybooties som var bestilt for ein evighet sidan. (Heldigvis har ikkje babyen meldt sin ankomst endå:))




Dei lillaisje er i Drops sin Baby Alpaca Silk og med min egen tolkning av Babybootiesoppskrifta. Dei rosa er også frå Drops - Baby Merino, og her har eg laga eigen oppskrift med påfuglribb i skaftet. Så får ein berre håpa at mottakar vert fornøyd!







fredag 23. november 2012

Knappegalskap del 2

Nå har det ikkje vore nåke særleg strikking i heimen på nesten to veker, og det er ikkje til å stikka under ein stol at ho mor begynne bli rimeleg prega av strikkeabstinenser. Men i kveld skal pinnar og garn fram igjen, og det blir verkeleg fredagskos.

I påvente av strikkeform så har eg sysselsatt meg på etsy og e-bay. På Etsy har eg verkeleg funne ein god knappebutikk, vel verdt å sjekka ut. Og i dag ankom godsakene - også kalla knappar! Kem kan unngå å la seg frista av blomstrande retroknappar, kyr og ikkje minst grøne froskar! Eg har i alle fall ikkje slik viljestyrke..








I tillegg har det dukka opp to kjekke strikkeblader i posten denne veka, alltid velkomment. Må sei at Love of Knitting absolutt er ein favoritt. Ryddig og oversiktelig og med mange fine modellar. I tillegg så bugnar jo bladene av spennande og fristande annonser... Kan fort bli litt skummelt for ei svak og lettpåvirkelig sjel...




Men nå, nå skal pinnane fram!

torsdag 15. november 2012

Ei knapp veke

Eg har oppdaga Etsy.... Hjelp...

Etter ei veka med så og sei strikkestopp så måtte det jo enda i noko slikt. Ante fred og ingen fare når eg surfa innom http://www.etsy.com/?ref=so_home. Men eg oppdaga fort at denne sida kunne by på farleg mange fristelsar.


Kjekt å henta posten denne veka:)

Siden folk fortelle meg at eg visstnok har meir enn nok garn, så peila eg meg inn på knappane. Har gått ein del knappar i det siste på babybootiesane, og då trengs det jo sjølvsagt påfyll.
Eg fann fort ein favoritt, sjekk her: http://www.etsy.com/shop/BohemianFindings

Og her er resultatet - I love it!!




Eg har og vore innom min danske favoritt på nett,  Stofstedet, for å finna passande guttaknappar. Hjerter og blomster passar ikkje heilt til tøffe småguttar. Det gjer derimot traktorar og sauer.
 
 























Vil anbefala alle som skal handla i nettbutikkar å få seg PayPal konto. Det gjer sjølve handlinga enklare, du slepp å tasta inn kortnummer osv for kvar transaksjon, og eg føle meg i alle fall tryggare. Eg knytta PayPalkontoen til kredittkortet mitt, sånn at når eg handle på nett så bli pengane trukke frå kredittkortet og ikkje min bankkonto. Sikrare kan det vel knapt bli?

 Ein anna kjempefordel er i Eplabutikken min. Nå kan folk nemlig betala med kredittkort når dei handlar hos meg, og eg ser at det har auka salget betraktelig. Pengane kjem då inn på min PayPalkonto og eg får ein kjekk e-post med betalingsbekreftelse. Så PayPal - gode greier!

tirsdag 13. november 2012

Trekning

Då har eg trukke ut ein blogglesar som får Kreativ Stickning i posten!
Vinnaren blei Fru Boger - takk for kommentar og besøk på bloggen min. Fint om du kan senda meg adressen din på ja-haara@online.no

Trekninga var ei ganske uhøgtideleg affære. Eg bad eldstejenta om å velga eit tall mellom 1 og 17 (antal kommentarar) og ho valde 10! Bladde meg då ned til kommentar nummer 10, og me hadde ein vinnar!




Det har ikkje blitt så masse strikking i det siste, men har litt ferdig som bare manglar å bli fotografert. Desse babybootiesane har jo blitt kjempepopulære, rekke nesten ikkje laga dei ferdig før dei forsvinne. Og med stilige traktorknappar frå http://www.stofstedet.dk/ så blei dei ganske så originale:)

lørdag 10. november 2012

Lekre mønster

Denne gongen har eg ikkje handla garn, men oppskrifter. Ikkje så reint sjelden det heller i grunn...
Har sett fleire som har brukt mønster frå Marte Helgetun, og då måtte sjølvsagt eg også sjekka ut sakene. http://www.martehelgetun.no/butikken-min/mine-moenstre/

Og her er jammen mykje fint folkens. Eg hadde ikkje lyst å kjøpa heile boka, men valgte i staden et par enkeltoppskrifter. Glimrande løysing, og så mykje lettare i bruk en ei stor bok. I tillegg så kan du då plukka akkurat den oppskrifta du vil ha, og ikkje noko anna. For min del vart det ein babykjole og ei aldeles nydeleg selebukse.




Likte veldig godt utforminga på både nettsida og sjølve oppskriftene. Elegant og lekkert.
Kva tid desse plagga faktisk kjem på strikkepinnane er ikkje godt å sei. Foreløbig har eg meir enn nok med å få unna bestillingar på raggsokkar, babybooties og huer! Godt det er leeenge til jul!

Søndag trekke eg "gi-vekken" i forrige blogg, så det er fortsatt sjans å legga igjen kommentar å bli med i trekninga!

mandag 5. november 2012

Markering - 10.000 besøk!

*trompetfanfare*

Jammen har eg ikkje brått og plutselig nådd 10.000 besøkande på bloggen min. Hadde eg aldri trudd, i alle fall ikkje på så kort tid.

Til å vera ein så fjasete og lite seriøs blogg, er eg beæra over at så mange kikkar innom. Tusen takk, både for ein stadig veksande skare med "Følgerar" samt trivelege kommentarar.




Sidan "alle" andre driv med giweaway i sine bloggar, skal eg testa det ut eg også. Siste utgave av Kreativ Stickning, julenummeret, til ein av dei som gidd legga igjen ein kommentar på bloggen min. Ikkje nåke styr her med ett lodd for kommentar, ett for å linka til bloggen, ett for å bli følgar osv.
Nei, her gjere me det enkelt, eg trekke i kommentarar under her, og den heldige får dette bladet tilsendt i posten. Men, så klart, det er kjekt om du vil legga deg som følgar av bloggen min, eller linka til f.eks fb!

Så hurra igjen, for over 10.000 besøk!

søndag 4. november 2012

Ikkje gull alt som glitrar

Bare nesten... Har jo igjen latt meg frista, svak som eg er. Men når det ligg ein slik pakke i postkassen min, ja då er dagen redda!



 Lånte den nye boka til Pickles  av ei veninne og fann ut at her var det såpass mange godbitar at denne bare måtte eg ha. http://shop.pickles.no/no/produkter/boka-var/flere-pickles-favoritter.html
Og siden den andre boka virka så bra, så satsar eg jo på at den første og er det, så den blei også med på lasset. http://shop.pickles.no/no/produkter/boka-var/pickles-favoritter-30-fine-strikkeprosjekter-i-bokform.html



Dommen er at desse absolutt er verdt pengane. Kjekke bilder, og mange oppskrifter utan for mykje montering. DET likar vi...



Det er mykje som kan frista ei svak sjel inne i shoppen hos Pickles, men denne gongen klarte eg nesten å stå heilt i mot. Einaste eg fann ut måtte bli med i pakken var det nye glittergarnet dei har fått. Vanligvis styre eg unna alle sånne syntetiske greier, men etter å ha sett svært nyttig bruk av det i denne fine kjolen her, så skal eg gi det ein sjanse. Oppskrift på kjolen finn du her: http://shop.pickles.no/no/produkter/monstre/kun-monstre/gullungekjole-6-mnd-6-ar.html


Gullungekjole - 6 mnd - 6 år



Dagens tips: Strikkinnom har helgetilbud - gratis frakt. Og denne butikken har veldig mykje fint, og ikkje minst eksklusivt garn. Vil spesilet nevna at dei har Cascade og Claudia Handpainted, sistnemde kjem i ein del fantastiske fargekombinasjonar! I tillegg er fleire typar frå Viking Garn på salg, så det kan vera verdt ein tur innom! Butikken finn du her, hald på kredittkortet!
http://www.strikkinnom.no/