Så var mai plutseleg over, og med det var det også slutt på Garnstudio sitt salg. Eg klarte å motstå lenge, faktisk over halvvegs i månaden, men då var det og slutt på viljestyrken.
Første runde kom eg heim med Verdi, som eg ikkje har prøvd, litt Karisma og to nydelege fargar av Merino Extra Fine. Sistnemde har eg faktisk forsvinnande lite av, med tanke på den totale garnmengden i dette huset og kor godt det er å strikka med.
Og med det så følte eg meg egentlig ferdig å handla på salget. Utruleg, men sant. Heilt til damen som driv garnbutikken her, Porselensbuo, ringer for å be meg legga ut på nett at ho nå har fått inn masse nye fargar i Baby Alpaca Silk og Lace...
Og kem klare motstå fristelsen då, å kjøra inn ein tur på salgets siste dag....
Nydelege, fristande, mjuke nøster på rekke og rad. Fargeutvalget i Baby Alpaca Silk er rett og slett nydeleg. Og fristelsane stoppar ikkje der.
Det eg likar med denne butikken er at den er så til dei grader fyllt opp av garn og tilbehør, det er rett og slett garn frå golv til tak! Når ein går inn døra er det nesten som om garnet omfavnar deg på alle kantar, ikkje rart ein aldri klarer å innom der uten å komma heim igjen med velfylte posar!
Og det gjorde eg jo også denne gongen. 20 nøster med Baby Alpaca Silk ligg nå trygt plassert med likesinna nede på garnrommet. Total salgshamstring: 2300g!
Nesten så eg håpar at Garnstudio ikkje kjem med sitt tradisjonelle sommarsalg på bomullskvalitetar. Det begynne nemlig å bli litt fullt i kassane på garnrommet.
For dei som vil besøka Porselensbuo og bli omfavna av garn, så ligg fortsatt butikken i Rosendal. Den har også eiga fb-side; Porselensbuo Gåver & Hobby.
Ut i fra overskriften ble jeg litt bekymret for at du skulle slutte med shopping eller blogg. Jeg har ikke kjøpt ett eneste nøste på salg i mai, oppskrifter derimot... Venter spent på avsløringen om hva som var i pakken med gråpapiret! :-) www.fjellstrikk.blogg.no
SvarSlett