fredag 28. juni 2013

Lille Petter Edderkopp...

Det er sommar, det spire og gror, og yre av liv. Det er jo vel og bra, men ikkje alt som er like velkommen meine nå eg då..
For med sommar og plussgrader komme det også nokon små, og til tider ikkje fullt så små, svarte, kravlande krabatar!
Jada, damen her har edderkoppskrekk!

Å komma på besøk til meg var det siste denne her gjorde.

Og sjølv om solnedgangen er aldri så nydeleg, så held eg meg innomhus når skumringa kjem. Eg treng nemleg ikkje å komma for tett på desse kravlekrypa. Faktisk så er det einaste ærendet eg drive med ute på den tida ein runde med radarsprayen på terrassen for å kverka "Eddie" og vennene hans. Naboane har sikkert lurt av og til...


Til tross for min langt fremskredne edderkoppfobi, så blei eg veldig sjarmert av desse nydelige sokkane som ei venninne har strikka. Synes dei er veldige artige, og her veit eg med sikkerhet at edderkoppen held seg i ro. (Eg har Zirkona si velsigning for å bruka hennas verk i min blogg, viss nokon var bekymra for det!)



Oppskrifta er originalt frå Garnstudio, den kan du finna her, men det er gjort nokon endringar undervegs som du ser. Og eg synes at sokkane blei mykje finare i glattstrikk enn den originale rillestrikken, "nettet" kom bedre fram.

 
I dag er det jo fredag, dagen der Wollmeise fylle på i nettbutikken. For bare eit års tid sidan var det nesten umulig å få tak i "meiser", men nå i det siste har det faktisk vore ei og anna hespe tilgjengeleg stort sett heile tida. Og nå kjem dei snart med ny nettbutikk, bare sjekk her!


Skal du handle i dag må du likevel bruke den gamle nettsida deiras, og den finn du her! Eg har alt vore inne og kikka litt, og dei fine lillafargane frista meg veldig. Det er noko heilt eget med fargane til Wollmeise, kanskje nettopp det som har gjort garnet så ettertrakta som det er.
Det er lov å la seg friste...

Ha ein fin-fin strikkefredag!


5 kommentarer:

  1. Gode arbeidarar som edderkoppar, som rydde opp i andre insekter - dei er driftige ;) he he Men, skjønne at ein kan bli redd dess trolla. Idag, er ein merkedag for meg - for første gong har eg fått tak i garn frå wollmeize!!! Det er på veg noko som ikkje var utsolgt! Dei sokkane med edderkopp på - dei må eg berre prøve å strikka. Sette dei på lista!

    SvarSlett
  2. Kjempefine sokker. Edderkoppen var en knallidé. Jeg har strikka dem, men disse ble mye finere enn mine.
    Er sikker på at sprayen din skader deg mer enn edderkoppene. Så vidt jeg vet, har vi ikke spesielt farlige edderkopper i Norge.
    Wollmeise har flotte farger, men det er vanskelig å finne de fargene en har lyst på. Må liksom bare ta det du får. Håper det blir bedre nå.(sier hu som har nok garn fra før)

    SvarSlett
  3. Edderkoppar er ikkje særleg stas, nei! Dei får ikkje bu lenge her hjå meg heller ;) Då var sokkane mykje finare å sjå på, dei var flotte!
    Wollmeise har eg ennå ikkje prøvd, men det står på ønskelista ;)

    SvarSlett
  4. Min beste venn gjemmon sommeren heiter Permetrin. Ikkje berre kverkar dei det som e, -det helde i nåken veker så dei ikkje vil gå der det er sprøtt heller. Så en gang om våren og en gang midt på sommeren går eg laus under takrenner, på hjørner og hagemøbler, og har stort sett berre følge av mygg ute... Og det er den som blir først pakka no når vi skal på ferie (skal bu i et gammelt hus der det av erfaring befinner seg både ett og hitt)
    Liker ekkerkopper så lite at det ikkje kunne falle meg inn å strikke dei på nåke heller (....tenk om den plutselig mirakuløst våkna til liv... og så så stor som den er!!), -det nærmaste e ei spidermann lue til minsten. Men det va heilt på grensa det og... ;o)

    SvarSlett
  5. Er jo ikke i tvil om at glattstrikkmodellen med edderkoppmotiv er mye finere enn originalen :))

    SvarSlett