søndag 5. august 2012

Tatt på fersken...

Eg skulle bruka dette året til å minska garnlageret mitt var planen. I staden har det vel snart dobla seg sidan 1. januar. På toppen av det heile blei eg teken på fersken i går når eg var nede å henta ein rimelig fullstappa pakke frå strikkenett.no

Kjem snublande frå postskranken på veg ut døra då ein sambyngding spør litt småironisk: "Det er vel ikkje meir garn ?"
Eg kan jo ikkje gjera anna enn å klistra på smilet og innrømma at joda, det er nok det....
Og sidan eg er rimelig sikker at ho er innom bloggen min stundom, så er ho nok smerteleg klar over at det siste eg treng er garn...


Men, når det kjem sånne fristande nyhetsbrev om at sommarsalget er utvida så MÅTTE eg jo bare innom strikkenett å sjå. Og det tok meg ikkje mange minutta ei sein natt å putta både Paris, Muskat, Safran, Cotton Light og Andes i handlevogna.
 "Led meg ikke ut i fristelse" er det noko som heite, men eg blir leda lukt i freistelsane stadig vekk ...




 Garnhamsrtringa denne veka starta alt på måndag... Eg og Linda hadde oss ein liten tur inn til Rosendal. Koste oss på kafè og kikka litt i butikkane. Så til slutt gjekk turen til Porselensbuo, der eg BARE skulle ha garn til nokre nye klutar..




Men det er ikkje BARE BARE å gå inn dørene og havna på 10-kroners salg gitt....
Blei litt meir med heim enn bare klutgarn. Til og med garn som eg heilt fint har klart å motstå tidlegare.
























Eg rekk heldigvis strikka litt mellom all garnhandlinga. To små toppar i bomull har blitt til. Oppskriften er frå Pickles,http://www.pickles.no/st-sommertopp/2009/5/26/st-sommertopp.html og eg har brukt Muskat frå Drops.
Trur det er den minste størrelsen, 0-3 mnd. Stod ingenting på det gratismønsteret, og denne varianten er bytta ut med ein ny Søt sommertopp på Pickles si nettside som eg ikkje likte lika godt.


Modellen i seg sjølv er enkel å strikka, men med eit lite elastisk garn og meg som strikkar så stramt så var dette eit mareritt. Den fjerde maska skal dras over dei tre andre og strikkast først. Eg er glad eg ikkje satsa på bambuspinnar, dei hadde nok brekt i kampens hete. Men toppen vart jo ganske søt, og passar perfekt til ei bitte lita frøken.

Ville prøva å strikka ein større variant av toppen, og la opp rundt 50 masker meir enn på forrige, denne gong med Safran frå Drops. Safran har eg ikkje brukt noko særleg, men satsar på at det held same høge kvalitet som Muskat.




I staden for å laga mønsteret som på forrige, valgte eg å strikka glattstrikk og bare legga inn eit lite hjerte i vrangstrikk frampå. Effektfullt og enkelt.




Vart fornøyd med resultatet, men ein må passa på når ein strikker med bomull, det er ikkje lika lett å jamna ut i etterkant med eit Milobad. Dei fleste bomullsgarna har og ein tendens til å dela seg i tvinnen.




Med dette garnet og masketalet så blei toppen størrelse 9-12 mnd eller rundt der. Prøvde den på Madel som nå er 17 mnd, og den var litt i minste laget. Var ikkje så lett å få modellen min til å stå i ro, løysinga vart å plassera ho oppå kjøkenbordet til slutt.



 På pinnane nå har eg ein ny Enkel Vest frå pickles.no og så får ein kasta seg over litt klutstrikking igjen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar