fredag 17. august 2012

Ikkje bare garn

Det nyttar ikkje å bare ha garn og pinnar når ein skal strikka. Det er jo viktig å ha det rette utstyret, og  ikkje minst praktiske saker og duppedittar som gjer strikkekvardagen enklare og kjekkare.

Eg elskar alle slags små og store dingsar som kan organisera eller gjera strikkinga kjekkare.
Siste innkjøp var på turen eg hadde i lag med Zirkona. I det me strena forbi ein bokhandel der alle skulesakene stod utstilt, så viste ho meg at et heller upraktisk pennal kunne bli ein veldig praktisk oppbevaringssak til f.eks flettepinnar, maskeholderar osv.




Greit å samla slike ting på ein stad, då er det så mykje lettare å finna igjen når eg faktisk treng det. Pinnestopperar, masse flettepinnar, sikkerhetsnåler og alt anna ein treng for å vera ein fullutrusta strikkar, har nå fått flytta inn her.




Men, eg har ein anna liten oppbevaringssak, meir som eit "førstehjelpsskrin", som alltid MÅ vera med der eg og strikketøyet går. Denne flotte pompaduren har eg fått av Sølvi, som og skal ha æra for å ha laga den.



Oppi her er alltid nåler, måleband, saks, maskemarkørar og sytråd. Slik ein brukar ofte, og sjølsagt ikkje kan vera foruten.  Sidan pompaduren er så liten og hendig så tar den ikkje opp for mykje plass i strikkeveska, men samtidig så rommar den alt eg treng å ha med meg.


På strikkefronten går det i klutar, bilde kjem i neste blogg, og eg måtte til og med avgårde for å handla meir klutegarn. Hadde lagt opp litt for mange masker på ein klut, noko eg fant ut når eg hadde strikka opp garnnøsta og kluten bare var 3/4 ferdig...
Så til dei som skal strikka klut i Muskat Soft, 64 masker er for mykje viss du har tenkt å ha kluten kvadratisk.



Litt meir knappar har og funne vegen til gards. Raude plastknappar frå e-bay og så lekre bling-bling knappar frå Frk. Prytz på epla.no. Dei siste MÅ jo på et prosjekt til ei lita frøken..




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar