søndag 12. august 2012

100 kilo passert

Så har det skjedd - det som eg har sagt at aldri skulle skje.. Garnlageret har passert 100 kilo. Hjeeeeeelp! Koss har det skjedd?
For å sei det sånn så var ikkje handlerunde med Zirkona den rette medisinen for å slanka lageret i alle fall, eg notere +2400 gram...



Og det var ikkje bare garn som blei med heim. Ein tur hos Søstrene Grene førte til nye tesortar i skapet, eit lass med oppvaskbørstar (som eg ikkje skal ha sjølv, men laga klutpakkar med) og ny type bomullsgarn.
























Narvesen på Flesland hadde jo et lass med strikkeblader, så det var jo første fristelsen. Fem kjekke blader ropte etter meg når eg prøvde gå forbi, så dei fekk vera med. På resten av turen blei det og nokre mønsterhefter frå Drops, Pt og Viking og Sandnes.



Besøkte vel bare tre garnbutikkar, men to av desse var veldig gode. Ryddige, oversiktelige og med fristelsar som bare hoppa ned i korga mi. Masse bomullsgarn som skal bli klutar til å matche dei tøffe oppvaskbørstane, og sidan eg aldri har prøvd Pt-garn så nytta eg sjansen. I tillegg så hadde eg garn frå Danmark liggande på vent - spennande sokkegarn som eg aldri har prøvd før.




To flotte gåver fekk eg også med meg heim. Det første er ein hespe med Prism garn som bare ropar i mine fargar. Har kjøpt Prismgarn i USA, men det var ein tynnare variant og eg har ennå ikkje fått testa det. Men dei har nydelige fargekombinasjonar!




Det andre er håndspunne garn som er så fint at eg nesten ikkje tør å bruka det. Tenk kor mange timars arbeid det er for å få 104 gram med garn. Eg veit nesten ikkje koreis ein skal takka for ein så flott gave, må verkeleg finna eit verdig prosjekt! Og sjekk dei haustfargane da...




Med tettpakka program frå Zirkona og Ginko si side, så vart det jammen ikkje tid til så masse strikking, men eg har fått ferdig to klutar. Ein i Muskat Soft der eg testa ut ein ny mønstervariant som blei ganske artig. Første pinne rett, andre pinne strikkar eg annan kvar maske, mens dei andre maskene tek eg berre laus av, så neste pinne rett igjen. Litt tungt mønster å strikka, fann liksom aldri heilt rytmen når den eine maska skulle takast av.






Andre kluten er i Gjestal Bomull Sport, og der laga eg berre dobbel perlestrikk. Strikka på pinne 4, og det vart litt tynt til dette garnet, men trur likavel at resultatet vart bra. Den eplegrøne fargen er i alle fall lekker!





Svigermor hadde forresten testa kluten eg strikka i Viking Pure Milk Fiber, og den var strålande. Eg var ganske spent på korleis det garnet blei etter litt bruk, har aldri prøvd det, men det kan anbefalast til klutar.



1 kommentar:

  1. Jøss! Det var garnlageret sitt! :D
    Det kommer til å komme mye spennende i fra deg i løpet av høsten, skjønner jeg! :)

    SvarSlett