onsdag 1. august 2012

1. August...

Så var me alt komt til august. Bare å pløya gjennom denne og neste månad nå, så kjem me til dei verkeleg høgdepunkta i løpet av året. Eg elskar hausten. Dei første dagane med den klare, skarpe lufta. Mørke, lange kveldar utan mygg og bekymringar for om nokon blir solbrente. Og så etter hausten kjem jo JUL!

Men, eg kan vel ikkje drømma meg for langt vekk heilt endå, eit par ting som gjenstår først. Fleire åpningshelger på Martabu, ferietur med eldstejenta og skule- og barnehagestart! Det sistnemde gler eg meg veldig til!

Enn så lenge så strikkar eg, handlar knappar på e-bay og garn kjem snikande inn i pakkar og posar både titt og ofte. Eg har til og med handla stoff på e-bay, eg som ikkje syr ein gong! Kunne ikkje unngå å leggja merke til detta herlige stoffet, så det havna i handlevogna. Gav det bare vidare til snille Lene, som er ein racer med symaskina. Og ho kunne sjølvsagt bruka det. (Greit å ha inne litt sånn godvilje i tilfelle eg må ha ho til å sy noko for meg ein gong)



Litt knappar har også dukka opp. Deriblant treknappar frå Danmark og http://www.stofstedet.dk/stofshoppen/catalog/index.php?cPath=186_114. Her er det salg nå, og saueknappane som eg i Norge betaler over 30 kr stk for, er nå til 13 danske kroner. Og ein kan få litt knappar og likevel holda seg under momsgrensa. Portoen er også låg, så alt i alt et veldig fornuftig og godt kjøp!


Oi, så uskarpt bilde da gitt.. sjerpings...

E-bay hadde og ein liten leveranse i postkassen min. Merke at eg ikkje har heilt oversikten over kva eg har putta i handlevogna på e-bayrunde min, men det gjere det jo ekstra spennande å sjå kva som dukkar opp. Eg huskar jo når eg ser dei, at eg bestilte, er ikkje blitt heilt utanfor ennå...







På pinnane har eg akkurat nå ein babytopp og ein babykjole. Har gjort ferdig et par sokkar, sånne trauste raggsokkar i grått, men må få somla meg til å fotografera dei før eg kan legga dei inn her.
Babykjolen er ein test for ei strikkeglad jente litt lenger oppi dalen som ikkje fekk et mønster til å stemma. Hende jo at det er feil i mønsteret at det ikkje er strikkaren som tullar, så eg sa eg kunne jo prøva om eg fekk det til. Kjolen var egentlig ganske søt, så kanskje eg bare må laga den ferdig...?

 Satt og såg to OL-øvelsar i stad mens eg gav minstejenta mat. Svømming og roing.. Og Norge kom heilt sist begge gongene, litt sånn som Melodi Grand Prix...

1 kommentar:

  1. Hei. Godt me ikkje er like alle av oss. Eg blir nærmast deprimert når hausten kjem og kortbukse og sandaler ska setjast vekk. Det blir verre for kvart år. Nå drøymer eg om leilighet i varmere strøk på vinteren. SUKK. Tenk å sitje på ein lun terrasse i januar med hekletøyet:))
    E bay er blitt ei dille her og. Men det år virkeli an og gjere kupp der. Sikkert og vist. Kjøpte nettopp 24 blondelidelåser til kr 111,99 og her koster en slik 30-40kr.
    Ha ei fin helg der inne:))

    SvarSlett