Eg har venta, og venta, og venta og venta litt til, og nå kan eg endeleg sei at den er her! HAUSTEN!!
For sommaren har vore lang, veldig lang, og varm. Litt for varm for min del.
Det har vore mykje terrasseliv, og det blei hakket meir fristande å tilbringa tid ute den dagen mannen kom heim med denne her!
Fleire strikkande besøk har det også vore, sjølv om eg slit litt med å strikka i solsteiken. Denne dama her har derimot ingen problemer med kombinasjonen 30 varmegrader og ullgarn!
Men, eg synes nå at hausten har mange fleir positive kvalitetar enn det sommaren kan skilta med
F.eks så kan eg nå fyra i ovnen...
... og kosa meg med ein kopp te mens regnet piske på rutene og vinden ule rundt hushjørna.
Og så kan ein jo nå begynna gle seg til jul, julenerdete som eg er. Eit kjapt overslag seie meg at det kun er 75 dagar igjen til Nissen kjem.
Det verste er jo at det fins fleire likesinna, som alt har både begynt å tenka på julepresangar, julepynt og julebakst. Det fekk eg bevist når eg alt for ei stund si fekk årets første julegave i posten. Til og med julekort var det med, (takk Zirkona,) men eg har drøyd det litt med å henga opp den til å ha juleposten i.
På pinnane har eg både ein babygenser og raggsokkar, men eg har jammen klart å gå tom for garn på begge prosjekt! Så i morgo får eg på jakt etter lillamelert Treskogarn og lys Baby Silk. For det er fullstendig uaktuelt å begynna rekka opp igjen!
Ha ein fin haustkveld vidare godtfolk!
torsdag 10. oktober 2013
onsdag 9. oktober 2013
Grønt er skjønt
Innimellom bygene i dag rakk eg ein kjapp tur ut for å knipsa bilde av stripetunikaen. Denne blei ferdig når eg var på hyttetur på Foreneset, men som eg har nemt før er vegen frå ferdig strikka til fiks ferdig ganske lang her i huset. Ein av grunnane har vore laaaang kø på vaskerommet, og dei siste dagane mangel på oppholdsvær så eg fekk knipsa bilde.
Tunikaen er strikka etter Sandnesgarn si oppskrift på Mariustunika, som eg har brukt fleire gonger før. Og garnet er Sisu. Teknikken med fargebytte som eg blogga om her funka veldig bra, fargeskifta er så og sei usynlege!
Eg prøvde tunikaen på Madel, og ser at det er eit par endringar eg vil prøva gjera på neste modell. Kortare bærestykke og ei anna løysing på armane i alle fall.
Her er det haustferie denne veka, og skule og lekser har ikkje blitt sakna så langt. I går var eg på herleg strikkelunsj hos nabo Lene, (fantastisk god kyllingsuppa) og på kvelden var det ein etterlengta strikkedate med Monica. Monica hadde med ei eska med Mariannedrops til meg, med to nye smakar. Eg er temmelig glad i Mariannedrops, men dei to nye smakane når ikkje originalen opp til leggen. Så då er det kanskje håp for andre her i familien å få smaka nokon før eska er tom:)

tirsdag 8. oktober 2013
Fasjonabel firbeint
I helga har me vore heima i Suldal ein snartur, for å feira bursdagen til pappa.
I tillegg til strikking og bursdagsfeiring rakk me ein tur på Haustmarknad, og jammen traff eg ikkje på ein strikkekjenning frå Hjelmeland. Så artig, verda er jammen ikkje stor. Dessverre vart det ikkje tid til så mykje skravling i folkekaoset, men triveleg var det lell.
Akrylnøstet eg tok med på tur er så og seia oppbrukt. Det vart skjørt i str 2-3 år og et par matchande leggisar. Eg prøvde det på Madel, men vil venta med å ta bilde til eg har fått sydd ein strikk i livet på skjørtet. Trur det både vil gi ein finare fasong, og ikkje minst gjer at det sitte litt bedre.
Men for å ha det litt moro var det ein firbeint som fekk stilla som modell. Bror min har ein sporhund, og mens den var på besøk (uten eigaren), kledde me vofsen opp og tok bilde. *fnis*
Det vart ein fasjonabel kar må eg seia. Så nå må skjørtet også få seg ein runde i vaskemaskinen før det skal fotograferast.
Dagens gladnyhet er at det er lanseringstilbud på det nye garnet til Garnstudio, Cotton Merino. Dette garnet har eg venta på, og eg gler meg til å testa det ut. Med ein tilbudspris på 26 kroner har eg heller ingenting å utsetja på prisen. Får bare håpa at det er lika godt å strikka med som eg inbiller meg!

lørdag 5. oktober 2013
Meter med lykke
*sukk* Eg bare måtte ha desse hespane her. Søren ta sider på Facebook der ein kan selga og kjøpa garn, det er jo så masse lekkert. Eg har igjen latt meg frista av dei nydelige fargane til Mosaic Moon.
Kanskje snart på tide eg prøve å strikka med dette garnet her. Har jo etter kvart nåken meter med månestråler i lageret mitt. Må bare finna det perfekte prosjekt. Garnet er nemlig alt for nydelig til å sløsa vekk på et prosjekt som ikkje yte garnet rettferdighet!
Kan vel konkludera med at sjølv om eg ikkje har handla på den lokale garnsjappa som har salg på alt garn (-25%), ei heller på Merino-Mania hos Strikkenett eller dei stadiga salga hos Webs, så er vel ikkje garnmanien min kurert...

fredag 4. oktober 2013
Akrylmareritt
Det blir ikkje stort verre enn dette. Urk, akryl er verste sort, eg beundrar folk som faktisk klare strikka med dette på jamnå.
Nøstet blei kjøpt i USA, på veg til Las Vegas om eg ikkje hugsar heilt feil, og nå når det er blitt så "in" med alt dette flashgarnet så tenkte eg det kunne passa å henta fram. Det er 100% akryl, hverken meir eller mindre, og ikkje av den sorten som kan kjennast litt mjuk og god ut ein gong!. I tillegg så er det et lubbent 100 grams nøste, så det er maaange meter med tråd. Det knirkar og knakar på pinnen, og strikkar eg fort kjennes det nesten som om tråden skal ta fyr mellom fingrane mine.
Dette skulle egentlig bli ei hua til Victoria, etter samme turbanmodellen som den eg strikka til Madel. Fargane passar til slalomjakken hennas, og med ei sånn hua vil ho bli lett å finna igjen i slalombakken. Men, eg la opp for mange masker, den blir alt for vid. Siden eg ikkje orke tanken på å rekka opp og strikka meir med dette garnet, så er planen nå at det skal bli et skikkelig knæsj miniskjørt i størrelse 2-3 år. Med svart tights og svart genser kan det jo bli stilig..Eller?
Så må eg visa det litt sjeldne besøket me hadde på terrassen her om kvelden. Gjesten blei faktisk verande heile natta, og ved å spora nummeret på foten såg me at dua høyrte heima i Ølen. Artig.

torsdag 3. oktober 2013
Mann for sin hatt...
..eller tuppe for sin turban? Eg hadde jo ein ganske klar plan om å laga ei matchande hua til Madel sin nye jakke. Og eg ville ha noko litt anna enn den vanlege, trauste topphua.
Valget falt på Pickles sin turban. Den er ganske så snål, og eg var veldig spent på om den ville ta seg ut på ein toåring også. Ser jo smektande søt ut på babyen i oppskrifta...
Eg kan vel ikkje kallast objektiv, men eg synes huå er bedårande. Og det besta av alt, den har ein så sinnsjukt god passform. Sitte godt rundt øyrene og inntil hovudet, og turbanknuten gjer at den ikkje glir ned i augene. Beste huefasongen eg har vore borti!
Eg har faktisk strikka to, rett og slett fordi den første blei litt knapp. Den passa, men det var ikkje meir heller, sjølv om eg strikka i største størrelsen som var 3-4 år. Så ved neste forsøk la eg opp 14 masker meir, og den satt perfekt! Ganske iskaldt berekna med garnmengden også, trur eg hadde 1,3 meter med tråd igjen.
Modellen min var heller ikkje denne gangen så gira på å posera fint og pynteleg foran kamera.
Nå må eg bare få knappar i jakken så ho kan bruka settet før det blir for kaldt. Så får eg prøva meg på ein fotosession ute slik at fargane i garnet verkeleg kjem til sin rett!
Faktaboks:
Oppskrift - Snerten selekjole med turban frå Pickles
Garn - Summer Spun frå Rowan
Pinne 3,5

tirsdag 1. oktober 2013
I postkassen
Som regel så ser eg fram til å henta posten kvar dag. Ikkje så rart sidan eg stort sett ventar på garn, mønsterbøker, knappar eller anna strikkesnop.
Men, sist veka så var det liksom ikkje så mykje å gle seg til å gå i den grøne kassen. Rett og slett fordi eg ikkje hadde bestilt noko. Gleda var desto større når det dukka opp strikkeblad!
Altså, det dukka ikkje opp sånn heilt utav det blå, eg har bestilt meg et abonnement. Men eg har jo ikkje kontroll på når neste blad skal komma. Dermed ein gledelig overraskelse. Akkurat dette var det ikkje så mange fristande modellar i, men med mange spennande annonser.
Den eine annonsa bekymrar meg ærleg talt litt. Skal virkelig dette syntetiske fuskepelsgarnet få ei ny storhetstid? Dei fleste har vel fått med seg at Europris også har fått pelsgarn i neonfargar. Ka i all verden skal ein bruka det til? Neongrøn fuskepelsgenser? Huskar når Orkide frå Gjestal kom på slutten av 90-talet. Strikka både jakke og sofapledd på bestilling, og det var verkeleg "in".
På strikkefronten har det blitt litt "rydding" i strikkekorga. Eit par ting ligg klar for vask og fotografering, og nytt par med babybooties er på pinnane. Dei lyse babybootsa mangla liksom noko, så dei fekk seg lyseblå silkeband
Jakken til Madel mangle nå bare knappar, men med mi syvegring kan det jo ta si tid. Kanskje nokon har litt strukturert syinitiativ dei kan senda over?

Abonner på:
Innlegg (Atom)