onsdag 9. oktober 2013

Grønt er skjønt

Innimellom bygene i dag rakk eg ein kjapp tur ut for å knipsa bilde av stripetunikaen. Denne blei ferdig når eg var på hyttetur på Foreneset, men som eg har nemt før er vegen frå ferdig strikka til fiks ferdig ganske lang her i huset. Ein av grunnane har vore laaaang kø på vaskerommet, og dei siste dagane mangel på oppholdsvær så eg fekk knipsa bilde.


Tunikaen er strikka etter Sandnesgarn si oppskrift på Mariustunika, som eg har brukt fleire gonger før. Og garnet er Sisu. Teknikken med fargebytte som eg blogga om her funka veldig bra, fargeskifta er så og sei usynlege!


Eg prøvde tunikaen på Madel, og ser at det er eit par endringar eg vil prøva gjera på neste modell. Kortare bærestykke og ei anna løysing på armane i alle fall.


Her er det haustferie denne veka, og skule og lekser har ikkje blitt sakna så langt. I går var eg på herleg strikkelunsj hos nabo Lene, (fantastisk god kyllingsuppa) og på kvelden var det ein etterlengta strikkedate med Monica. Monica hadde med ei eska med Mariannedrops til meg, med to nye smakar. Eg er temmelig glad i Mariannedrops, men dei to nye smakane når ikkje originalen opp til leggen. Så då er det kanskje håp for andre her i familien å få smaka nokon før eska er tom:)


2 kommentarer:

  1. Sjå der ja, den blei rektig så fin! Eg fekk sjå kor fint arbeid du har gjordt her, og stripene var jamne og fine.

    SvarSlett
  2. Du utfører alltid arbeidet helt nydelig, Jane!
    Dette ble en knallfin tunika, og grønt er helskjønt ;)

    SvarSlett