søndag 8. desember 2013

Suverent julegåvetips!

Det har komt mange strikkebøker i år, av varierande kvalitet spør du meg. Syns ein del vitnar om å ha litt dårleg tid, litt av typen: Nå er strikkebølga på topp, me hiv i samen noko mellom to permar og får solgt det før bølga er over. Og så er det andre bøker som er meir grundige. Den siste boka til Marte Helgetun er ei av dei.


Eg fekk boka tilsendt for å ha som gevinst på lynlotteri neste strikkekafè, og eg måtte jo bare nytta sjansen å smugkikka litt i ho. Og for ei bok!! Denne står på mi ønskeliste i år!


For det første er jo boka utruleg tjukk! Her er det mange oppskrifter! Og så er det jo så flotte bilder, eg lar meg i alle fall sjarmera i senk!


No har eg endå ikkje strikka etter nokon av Marte Helgetun sine mønster, så korleis dei er kan eg jo ikkje bedømma. Min ros kjem eine og aleine ut i frå det visuelle. Her er det mykje eg kunne tenkt meg til ungane!


                                             Håpar denne boka havnar under mitt juletre i år!!

2 kommentarer:

  1. Kunne tenkt meg den eg og ---- men, kva eg lese strikkekafe neste fredag?? Eg har seinvakt då, eg!! Jaja, du får ta lodd for meg - enkelt og greit!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett