Snakk om stress-strikking, ikkje likt meg. Måtte jo bare rekka å få ferdig endå eit par lubbar, slik at ho som hadde bestilt hadde fleire par å velga i. Men det er kanskje litt ambisiøst å starta på andre sokken om morgonen når ein skal levera dei i 12-tida...
Sidan han som skulle ha sokkane sleit på hælane så måtte eg testa dette med forsterkningstråd. Og det funka fint det. Blei ikkje så tjukt at det virka klumpete, og ingen problem å strikka med. Og dette garnet var også godt å strikka med. Litt spenstigare og mindre hampaktig enn Treskogarnet. Og prisen på 10 kroner nøstet var det heller ingenting å sei på...
Men å sitta pal frå klokka var 8 på morningen og nistrikka for å bli ferdig, nei det var ikkje noko kos i det heile. Trur eg skal halda meg til dillestrikking, ein runde nå og ein runde då, for framtida.
Men, det var faktisk dei sokkane ho valgte, så det var sikkert ei meining med det.
Og jammen har det blitt nåken sokkepar i det siste ser eg. Skal bli godt å endeleg kunna putta noko i Epla-butikken igjen, der er det ganske slunkent for tida.
Og julestresset, joda, det kjem snikande. Men alle pakkar er kjøpt, alle julekort skrive, kakene hoppar me nesten over og då er det bare litt vasking og pakkelevering igjen. Får håpa julestemninga inntar huset i helga.
Flink du er Jane :)
SvarSlett