lørdag 21. desember 2013

Eit kupp

Det er ikkje alle mine kjøp av eldre strikkeoppskrifter som kan klassifiserast som eit kupp, men desse heftene her er definitivt eit realt kupp!


Eg sveipa som snarast innom håndarbeidskategorien på www.finn.no og kom over desse her. Anar ikkje kor lenge annonsa hadde lege ute, men heftene var i alle fall ikkje solgt. Eit par hundrelappar, pluss det ranet posten driv med for å frakta sakene til oss, og så hadde eg postkassen full i god lektyre.


Mønstrane ligg i plastlommar og ser ubrukte ut. Heile og fine, og lett å bla i. Eg vil tippa at desse kom ut på slutten av 70-talet, og sjølv om dei er på svensk så trur eg at eg skal klara stava meg gjennom.



Det blei jo laga ein del snålt i denne tidsepoken, men jammen var det mykje fint her. Som dåke ser så er ikkje Skappel-genseren ei heilt ny oppfinning, det er laga mykje i same stil tidlegare.



                                       Og enkelte ting er jo ganske tidlause og klassiske.




Synes absolutt at denne svenske samlinga høyre heima i mine mønsterhyller. Sjeldan at ein finn brukte ting som ser så strøkne ut, føle meg ganske så heldig.

Jula er ein dag nærmare, og viss nåken treng ei lita oppmuntring i julestria, så kan eg fortelja at Sparkjøp har salg på garn! Her er det bare å slå til, og sikra seg eit lager til januarkulda slår inn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar