Eg hadde egentlig ikkje tenkt å laga nokon blogg i dag, men etter å ha komt over noko som har forferda sjela mi for alltid, bare MÅTTE eg!
For meg har strikking alltid vore noko eg forbinder med ro, kos og tradisjonar. Og så kjem denne dama HER! og svertar strikking for ALLTID!! Nokon burde ha sperra vesenet inne på lukka avdeling!
http://stian.blogg.no/1385829865_strikker_med_garnet_i.html
Uff, eg har liksom ingen gode verktøy for å sletta dette her frå minnet igjen, kanskje det hjelp å strikka litt? På den tradisjonelle måten med garnet i strikkekorga?
Med eller uten gale damer, har det i alle fall blitt advent i heimen. Eg som alltid pleier stå parat med stjerner og stakar til første søndag i advent hadde liksom ikkje samme motivasjonen i år. Begynte halv 01 i natt, meir dreven av ønsket om å gleda forventningsfulle ungar enn at eg hadde så lyst å pynta. Men det blei ganske bra, feira med ei julebrus halv 04 i natt, og var ganske nøgd med meg sjølv.
Denne gamle slitaren her har eg også fått opp. Det var kalenderen eg og bror min hadde heima hos mamma og pappa i alle år. Mamma har tydeligvis meint at eg i ein alder av 33 år ikkje får meir kalender av henne, og at Nissen dermed kan gå vidare til jentene mine. Som plaster på såret tek ho seg av kalenderpakkane til dei i det minste, så får eg trøsta meg med Røde Kors kalender.
God advent alle strikkeglade, hold nøstene i korga!
syyykt! men på mange måter morsomt at han skrev om det også
SvarSlettDet er bra at de fleste av oss har et normalt forhold til garn... God advent til deg og :-)
SvarSlettGod advent til deg også Jane :) (var så kvalmt at jeg maktet ikke lese bloggen til vedk)
SvarSlett