Kem trenge vel julakaker når kjekke venninner kjem på døra med varme, rykande ferske kanel i svingane! Ingen lagar så gode kanelsnurrar som Lene, og både store og små koste seg med kanel i svingane mens me såg på Jul i Svingen:) Det har rett og slett svingt skikkeleg her i kveld!
På pinnane har det stort sett vore raggsokkar i det siste, og i går somla eg meg til å knipsa bilder. Syns farmor sitt trauste treskogarn ikkje er lika vanleg å finna rundt om i butikkhyllene lenger, men for meg er dette ein skikkelig lubbeklassikar.
3 nøster held til eit par herrelubbar, og eg legg opp 52 masker på pinne 3,5. Er alltid redd at leggen skal bli for laus, at det blir skli-ned-sokkar, så prøver å få litt spenst i vrangborda.
Hælen strikkar eg over 28 masker, glattstrikk ca 18-20 pinnar. Så, for å få ein litt avrunda hæl, så strikkar eg maske 13 og 14 samen og maske 15 og 16 samen på neste pinne rett. Vrangt tilbake, og så strikkar eg meg til midten av hælkappa. Der strikkar eg to vrang samen, flytt maska tilbake på venstre pinne, og snu. Så strikkar eg to rett samen, flytt maska tilbake og snu.
Huskeregel: Vrangt samen viss du har rettsida mot deg, rett samen om du har vrangsida mot deg. Og husk å snu!
Så er det bare å dura i veg til du kun har to masker igjen på pinnen.
Eg plukkar opp masker langs heile hælkappa, og som regel så vil det då passa sånn omtrentleg at du endar opp med same masketal som på leggen. I mange år plukka eg opp i den ytterste maska, og det var ikkje alltid lika lett å få jamt og fint. Men i fjor blei eg introdusert for ein litt anna måte å plukka opp på, DENNE metoden gir deg garantert eit tett og fint resultat!
Har eg litt fleire masker feller eg desse ved å strikke to rett samen i slutten på pinne 1 og starten på pinne 4, annankvar omgang til du igjen har 52 masker.
På foten pleier eg strikka glattstrikk til passe lengde. Ser at mange også strikkar to rette og to vrange oppå foten, men etter leggen er eg så lei av vrangbord at eg lukkeleg durar i veg med bare rettmasker.
Som regel veit eg skostørrelsen til dei som skal ha sokkane, og då er formelen enkel: Skostørrelsen delt på 2 = fotlengden når ein starte tåfelling. På desse som skulle vera i størrelse 44 strikka eg til totallengda, inkludert hælen, var 22 cm og felte så av.
Eg brukar farmor si tåfelling, den har ikkje svikta meg så langt. Reduser masketalet til 12 på kvar pinne, strikk to saman fire rett, to saman fire rett. Gjenta ut omgangen, strikk så fire runder rett. Så er det to samen og tre rett, to samen tre rett, og tre rundar utan felling. Og slik held eg fram til eg har fira masker att på kvar pinne. Drar tråden igjennom og voila, ferdig!
Sokkerblir aldri feil. Alltid godt å ha noen på lur.
SvarSlettKlem
Endeleg kom det ein blogg om denna hælen, eg aldri klare å huske!! Takker inderlig. Mormor strikka hælane slik - noko eg aldri tok meg tid å læra!
SvarSlettVeldig flott sokkemodell! Og som alltid nydelig utført arbeid :D
SvarSlettFlott, instruktivt blogginnlegg. Spesielt morsomt med den hælen. Jeg lærte den første gang av ei dame som var kven. (hun hadde også lært den av bestemoren sin) Jeg trodde derfor at dette var kvensk tradisjon, men nå har jeg sett den flere steder blandt eldre, og tror nå at den rett og slett bare er gammeldags, men veldig fin. Flott at du viser og forteller.
SvarSlettHei🙂 Lurer på når jeg har strikket hælen og har 2 masker igjen. Skal jeg da strikke den ene maska før jeg tar opp masker? Føler at det blir en "klomp" under foten når jeg strikker maska. Må jeg vri den kanskje?
SvarSlettMvh Tora