Luka for desember sin sjette dag kjem nokre timar forseinka. Grunnen er ganske enkel, minstejenta har hatt spysjuka. Og når du bare er 1,5 år, så er det litt vanskelig å gi beskjed før det kjem. Med andre ord, det kan plutselig havna både her og der. Dagen gjekk dermed med til vasking av spy frå ulike gjenstandar, klesplagg og personar!
I dag er det eit par fine tova tøfler som ein gjerne kan strikke i venninnegave eller til mormor som frys på beina. Eller ein kan rett og slett strikka dei til seg sjølv, sidan det ofte blir kaldt å sitta lenge i ro og strikka.
Oppskrifta passar ekstra godt sidan det ut året er tilbud på alt alpakkagarn hos Drops, og i tillegg har ein her sjans å verkeleg la fine knappar komma til sin rett!
Oppskrifta finn du her!
Disse var flotte :)
SvarSlettHåper småjenten snart er frisk!