Vetlaløo i Odda hadde opent, og når det plutseleg passa for både Linda, Monica, meg og Sølvi- ja då var det berre å dura gjennom tunellen.
Så lenge me ikkje har nokon skikkeleg garnbutikk her i kommunen, så vert det litt handelslekkasje både til Odda og Stord, og alle tre garnbutikkane i Odda fekk gleden av besøk denne dagen.
Eg anbefalar alle strikkeklubbar, venninnegjengar eller andre spøteglade å ta turen. Her kan det verkeleg spøtast i idylliske omgivelsar.
Linda har og blogga om turen, det kan du lesa om HER!
Og eg hadde utan tvil teke ein ny tur til Vetlaløo i går, om det ikkje var for at eg var i Bergen. Det var nemlig halv pris på alt garn i heile butikken!! Altså sånne tilbud likar me. Har lova meg sjøl at neste gong, DÅ må eg få det med meg!
Hjelpe litt når eg skrur på dataen nå i kveld og ser at Strikkinnom har halv pris på alt i nettbutikken fram til midnatt! Her er det bare å hiva seg rundt og sjå om ein ikkje kan få tak i nåken godbitar som f.eks Cascade...


