Kom over desse søte karane her. Måtte jo bare ha eit par-tre. Blei litt overraska når dei kom i posten. Ut i frå bildet trudde eg dei var mindre sidan dei bare hadde to maskemarkørar i gapet.
Men eg tenke at dette blir kjekke venninnegaver. Fine å stappa gapet fullt med strikketilbehør og anna småknask, og legga ved ei bok eller nåke slikt. Hoppande kule var dei i alle fall!
Så må eg bare visa dette stilige Skrik-bildet eg kom over for ei tid sidan. Tru det eller ei, det er strikka!!! Imponerande! (Finne dessverre ikkje igjen kor eg fant det, og kven som har laga det)
Artige frosker! Garantert veldig kjekke gaver!
SvarSlettJamme meg ligger det mye arbeid bak Skrik-strikkebildet. Stilig!