lørdag 3. mai 2014

Kjekk strikkebok

Denne boka har eg venta på. Den såg så lekker og innbydande ut på framsida, og eg handlar ofte bøker på grunnlag av forsider. (Med varierande hell skal eg ærleg innrømma..)


Men denne var like bra inni som utanpå. Likar du barneoppskriftene frå Pickles og Den Store Guttestrikkeboka så likar du desse.



Ingen store overraskelsar, men med mange koselige og søte modellar. Både til guttar og jenter. Eg har bare bladd gjennom, så eg veit ingenting om oppskriftene er gode, enkle og forstå osv.


Damene bak boka har også ein blogg som er verdt å sjekke ut - http://www.gustavogberta.blogspot.no/



torsdag 1. mai 2014

Sommarstrikk på engelsk...

Neida, eg har ikkje begynt å bryna meg på strikkeoppskrifter på engelsk. Ikkje endå... Har stått på "to do" listå mi leeenge. Eg planlegge å ta meg litt i samen på det området altså.
Men, eg har i dag kooost meg ute i solveggen og bladd gjennom siste lyspunkt som kom i postkassen.


Dette bladet har stort sett hatt mange fine modellar, eller rettare sagt modellar som har passa min smak, i kvart blad. Denne gongen fant eg nesten ingen som eg kunne tenkt meg.



Feil fasong, rare snitt, og så er det jo ikkje alle plagg som passar for einkvar kropp heller.


Og siden eg ikkje går på stranda, så treng eg vel strengt tatt ikkje denne. Sjølv om den var litt artig, strikka i eitt stykke fram og tilbake.


Rakk jammen å baka litt i dag og. Dette er tredje gong på berre ei veka, trur eg må vera alvorleg sjuk. Skal innrømma at dei er barnsleg lette, her kan ein liksom ikkje bomma på noko som helst.


3 dl store havregryn
1 dl kveitemjøl
1 dl rosiner
1,5 dl sukker
1 ts bakepulver
1 ts kanel
1/4 ts nellik
150 g smelta smør
1 egg

Rør samen alt det tørre, ha i smelta smør og egg. Bland godt. Sett ut på bakepapir med teskjei, ha god avstand. (16 stk per brett)
Steikes på 180 grader i ca 10-15 minutt. Her må ein sjå kva tid dei begynne bli gyldne.
Avkjøl på rist, og kos deg!


Nå må eg pakka strikketøyet for ein spennande utflukt i morgo. Sjølvsagt strikkerelatert!

onsdag 30. april 2014

Bare to små nøster....

Ein liten svipptur til Husnes for å kjøpa litt sommarkler til husets minste bebuerar, og då vart det jo sjølvsagt garn med heim. Syns egentlig eg har vore flink etter jul, har ikkje vore dei avskrekkande mengdane med nytt garn i hus. (Likevel såpass mykje at eg er glad mannen aldri er heime når eg kjem med posane mine)


Men, det var ikkje så mykje sommarkler å få tak i på detta senteret. Egentlig så var det jo ikkje så mykje garn heller som frista, men desse to nøstene låg og lyste i mot meg. Bokstavelig talt!


Dei blir til sokkar..... ein gong. Vil ikkje komma med forslag om kva for eit år det blir, men eg lovar å strikka av det før det går ut på dato.


I postkassen dukkar det også opp litt kjekke ting mellom reklame og rekningar. Hadde nesten gitt opp heile Strikkemagasinet, og vurderte sei det opp. Syns det er så lite småting der, stort sett jakkar og genserar. 


Men så dukkar jo denne modellen her opp, og den falt eg pladask for. Den SKAL eg laga, forhåpentligvis i år. Drømme litt om lett bomullsgarn, mens eg durar vidare på Marius.

tirsdag 29. april 2014

Bakemester Harepus

Det har blitt lite strikking i helga. I staden har det vore grilling, terrasseliv og litt kakebaking til konfirmasjon. Den kakebakinga gjekk jo så som så...
Laga Margits ostekaka, og den har eg laga så mange gonger at eg var sikker på å få den fin.

Og kaka såg fin ut den, med speilblank bjørnebærgele på toppen, når eg la meg lørdag kveld. La folie over forma slik at den ikkje skulle tørka. Det var ikkje nåke sjakktrekk. Hadde lyst å grina når eg stod opp søndag og skulle setja kaka på fat. Folien hadde klistra seg nedi geleen og laga heller skjemmande merker i overflata. Men kaka måtte jo avgårde, hadde jo lova.. Dryssa over litt melis, og sjølv om det ikkje vart fint så gjorde det i alle fall heile gelelokket jamt ujamt:)
Heldigvis så smakte kaka godt, det er det viktigaste. Vil du testa ut sjølv kjem oppskrifta her:

Enkel måte å knusa kjeks på.

* 1 pk Bixit kjeks
* 100 g smelta smør

Knus kjeksa og rør inn det smelta smøret. Press så blandingen utover botnen i ei form, sett kaldt.

* 1 bx kremfløyte
* 100 g melis

Pisk dette til krem.

* 1 beger lettrømme
* 2 beger naturell smøreost
* 1 ts vaniljesukker
* 1 pk sitrongele rørt ut i 2 dl kokande vatn. Avkjøl før det røres inn.


Rør alt inn i kremen og hell over kjeksbotnen. Sett i kjøleskap. Når det har stivna, hell over 1 pk gele rørt ut i 4 dl kokande vatn. Avkjøl litt før du heller det over, og sett i kjøleskap igjen.
Så må bare gelelokket stivna, så er kaka klar. Anbefale ikkje å legga folie over.


Bladde gjennom ein del av oppskriftene i dei gamle bladene eg fekk av naboen til mamma og pappa, og sjekk desse fine her. Så stilig måte å bruka gamle redskaper på!
Nå må eg seriøst kasta meg over strikketøyet. Laaangt igjen på mariusen, og eg trur kanskje naboen snart tenke at den burde vore klar.


lørdag 26. april 2014

Pruting er undervurdert!

På min veg til påskeferie i Suldal vart det ein liten stopp i Odda. Vi hadde 7 minutter til overs før vi hadde ein avtale, og når vi likavel passerte Husflidbutikken så måtte eg innom.
Som eg har antyda tidlegare så er eg ikkje mektig imponert over denne butikken, men når det bare var for å slå i hel dei 7 minutta så fekk den duga.

Og på innsida møtte eg ei blid dama, som eg aldri har sett der før. Og så stod det jammen ei tilbudskorg skvist inn bak døra. I korga var det stort sett lilla og brun Mandarin Petit, sennepsgul Sisu og gult heklegarn. Skiltet kunne fortelja at det var -50%.


Så eg spurte om eg fekk ein god pris viss eg kjøpte ein god del nøster...
Det gjorde eg, som dåke ser:):)

 
4 nøster Lanett, 2 nøster Smart, 12 Sisu og 24 Mandarin Petit til 500 kroner. Syns egentlig eg gjorde ein bra handel eg, med tanke på at ordinær pris var sånn omtrentleg 1596 kroner. Med andre ord, pruting er undervurdert! Og heller ikkje utenkeleg at eg vurderar å gå innom butikken igjen ved ein seinare andledning...

fredag 25. april 2014

Filati og Mayflower

Eg har kjøpt meg nåken brukte mønsterhefter på ei facebookside der ein driv med slikt. (Eg kan dessverre ikkje gjengi kva sida heiter, for eg er med på så mange slike sider, og handlar jo i hytt og vær - då blir det litt vanskeleg å halda styr på kor einkvar ting kjem frå).


Det var både Dale og Sandneshefter, og det er jo alltid litt sjansespel å handla når ein ikkje får bladd gjennom og sett kva som faktisk står inni. Men heftene var bra dei, kjekke oppskrifter og sjølve heftene var i god stand.


Likevel må eg innrømma at det var Mayflower og Filati Infanti som fekk meg til å jubla. Fantastisk mange fine modellar, og lekre bilder. Spesielt i Filati..





Nei, nå blei eg jammen usikker. Sinnsjukt mykje fint i Mayflowerheftet også. Ikkje minst så var bildene her i ein klasse for seg. Blir så lekkert med mjuke, fine strikkaplagg mot grove naturmaterialer.




Eg har leita og søkt på nettet for å finna ut om det går an å kjøpa fleire av desse Filatiheftene, men eg klare bare finna hefter på tysk. Det blir ikkje aktuelt for å sei det sånn. Finne infosider der alt står på engelsk, men når eg navigerar fram til rette plassen der ein faktisk kan handla, så er det KUN tysk. Viss nåken veit om kor ein kan få kjøpt Filati Infanti på engelsk, så skrik gjerne ut. (Helst så høgt at eg høyre det.)


Med oppskrifter frå Lana Grossa så tenke eg at det må vera noko som passar til dette nydelige garnet eg fekk av Sølvi. Supermjukt, som det lovar på banderolen.

torsdag 24. april 2014

Nytt norsk strikkeblad

...eller bladet er ikkje nytt, men det er nytt at det no kjem på norsk. Eg har tidlegare hatt bladet på svensk, men sa opp abonnementet i fjor.


No når det kjem på norsk så gir eg det ein ny sjanse, alltid kjekt når det dukkar opp strikkeblader i postkassen. Vil du også prøva så kan du f.eks bestilla her!

Med tørre stiar og temperaturar mellom 15 og 20 grader ser eg folk jogga og springa til fjells kvar enn eg snur meg. Sjølv går eg for denne varianten. Ha ein fin strikkekveld!