tirsdag 7. januar 2014

*trommevirvel* ..og vekta på garnlageret er....

Tusen takk for enorm respons på min ganske så uhøgtidelege konkurranse. Så kjekt at så mange har vore inne og tippa, har vore kjekt å følga med på. Eg visste jo heller ikkje resultatet før nå i kveld. Eg hadde startvekta første januar 2013 på 108 kg, og så har eg vegd og skrive opp kvar ting som er strikka og alt som er kjøpt inn eller fått av garn. Mitt tippeforslag var 186 kg.


Då har eg rekna, og kontrollrekna, og lageret mitt er altså: 135, xx kg!!!

To damer hadde svart 135 kg, så derfor må eg ha ein aldri så liten finalerunde mellom Linda Tvedt og Laila Eide. Supert om dåke kan komma med ein desimal eller to på dette, sånn at eg kan finna ein vinnar!

Eg må egentlig sei at eg er ganske overraska, eg trudde det skulle vera mykje verre. Så spørs det då, kor mange av desse kiloane eg får trykka inn i garnskapet.


Trur ikkje det blir noko loggføring og veging av alt som blir kjøpt inn og strikka opp i 2014. Det er alt for dillete og stjele mykje strikketid. I år trur eg heller at eg skal prøva varianten med å spara ein tier for kvart nøste som blir oppbrukt. Vurderar å starta med ein kjole i restegarn til Madel, for å få ein skikkeleg "flying start".

søndag 5. januar 2014

Bittelitt resultat-trøbbel

Eg som trudde at det var ein ganske enkel sak å gjennomføra ein aldri så liten gjettekonkurranse om kor mykje garn eg hadde. Men, nei, det kom nok litt rusk i maskineriet. For uvitande som eg er, skreiv eg i bloggen at ein kunne svara både i sjølve bloggen og på Facebook. Etter at mange hadde svart på innlegget i Strikkesida, så vart innlegget sletta av admin. der. Det er nemlig ikkje lov å ha konkurransar inne på fb. Linkar til blogg med konkurranse er lov, men ikkje direkte på fb altså.
Så nå har eg bedt, og ber, folk som hadde svart på fb om å gå inn i sjølve blogginnlegget å legga inn svaret der. Kan ikkje gjera anna enn å håpa at samtlege gjer det. Veldig kjedelig om ein som svarte på fb hadde rett, men ikkje vant fordi eg ikkje kunne finna svaret igjen.
Dermed forskyv eg avsløringstidspunktet til tysdag, rett og slett slik at alle som har lyst å vera med å gjetta får sjansen!
Har du ikkje tippa endå, kan du gjera det HER!


Dette nøstet her får faktisk ikkje lov å vera med i rekneskapet ein gong. Rett og slett fordi det ved nærmare ettersyn meir ser ut som ei strimla t-skjorta enn garn. Nøstet hadde mamma med heim til meg sist ho var på reise. Ho meinte eg kunne laga gryteklutar av det. Eg vil ikkje påta meg den jobben, men det kan kanskje gå an å hekla eit gryteunderlag. Eg får ta kolossen med ut til Linda og høyra kva ho meinar at det grønne vidunderet kan brukast til.
Nokon som har vore borti dette? Og i så fall, kva vart resultatet?

onsdag 1. januar 2014

Tipp garnvekta

Hæppy nju jer! Då var me i gong med 2014, og eg tenke me startar med eit brak eg. Mitt kjære garn er jo så smått begynt å flytta inn i garnskapet, og her strides dei lærde om kor mykje av garnet eg faktisk kjem å få plass til. Så før me får endeleg svar på det så fleskar eg til med ein real tippekonkurranse:

 Kor mange kilo var garnlageret mitt 31.12.13?


Premien blir ei stor pakke med diverse godbitar, både garn, strikkeutstyr og mønsterbøker!!
Det skal jo noko til å treffa akkurat på grammet, men då blir det den som er nærmast, med mindre det er snakk om veldig store avvik.

Håpe mange kjem med eit forslag, og del gjerne på fb eller i bloggen din!!
Godt nytt år!

tirsdag 31. desember 2013

Heilt på tampen

Jaja, bare nokre få timar igjen til vi må til å skriva 2014. Eg synes nettopp det var år 2000, men dei seier jo det at dess eldre ein blir, dess fortare går tida. Eg føler meg med andre ord haugammal!


Eg har eit lite håp om å få sydd knappar i både genser og vest innan midnatt, sånn at desse plagga kan vera med på årsrekneskapen for 2013.


I tillegg så har eg berre litt igjen på andre sokken, så er eg litt flink så blir jammen dette paret også ferdig.



Eg har lada opp til kvelden med eit kvarter på sofaen og årets julegave frå jentene mine. Ein koserobot frå www.enklereliv.no
Minstejenta har vore ute og fått fyrt opp eit stjerneskudd. (Jadajada, sikkert veldig ulovlig, men me likar å leva litt lovlaust her i huset.)


Om ein times tid flyttar me heile bøtteballetten opp til svigermor som har laga kalkun. Tenke at i så avslappa omgivelsar så kan spøtet vera med.
Så håpar eg at alle får ein triveleg og skadefri kveld - Godt Nytt År seie me først i morgo.


mandag 30. desember 2013

Årets siste garnkjøp

Steike, snart ferdige med 2013 og. Og eg konstaterar at samtlige av nyttårsforsetta mine ikkje vart realisert. Kanskje eg berre skal vidareføra dei til 2014?


Men, ein ting er i alle fall sikkert, årets siste garnkjøp er unnagjort. Ein svær pose frå Berits Strikk syte for at eg truleg ikkje går tom for garn i løpet av dette året. Mohahaha, humor for oss med ullemi..



Kjempefornøyd med kjøpet mitt. Ikkje for ofte ein finn Dalegarn til halv pris. Men, eg må ha vore sterkt medisinert når eg bestilte denne lakserosa fargen her. Fysjom. Prøve forklara det med at den truleg har sett meir babyrosa ut på min skjerm.


Og så burde eg kanskje sjekka litt nærmare tjukkelse og løpemeter på dette grå bomullsgarnet. Egnar seg nok bedre til hekling enn strikking, tynt og veldig hardt.


                 Så må eg visa den eine julegaven eg fekk i år, som det faktisk var garn i.


Skrinet med det rare i - sjokolade, te, nisse i glass, kokebok frå avsendar og to herlege nøster med Alpakka Silke frå Sandnesgarn. Jammen godt at nokon tenkte på garnhungeren min når dei skreiv til Nissen:)
 

søndag 29. desember 2013

Garn på flyttefot

Garnet mitt har så vidt starta på flyttesjauen, og det er jo ikkje til å stikka under ein stol at det er snakk om mykje garn som skal flyttast.


Og eg har jo fått nokre spørsmål om kossen eg oppbevarar garnet mitt. Og kossen bur 150 kilo garn? Jo, det bur trangt. Alt for trangt.


Eg har då eit gjesterom nede, men det er jammen godt vi ikkje har gjester som kreve sengeplass for ofte. For sjølv om senga nå står der, så er det ikkje særleg med tumleplass på resten av rommet.


Her har eg nemlig stabel på stabel med plastkassar. Stappa til bristepunktet av mjuke skattar teke desse kassane det mesta av rommet. For eksempel kan ein ikkje opna døra meir enn vel halvvegs, det står eit aldri så lite tårn bak...


Og det er godt eg ikkje har ærend inni dette skapet for ofte, reine flyttesjauen for å komma til..


Den svære plastposen (kjøpt på Europris) kan i alle fall romma eit par-tre barn i alderen 10-12 år, så den er diger. Så vidt eg klarar dra den over golvet når eg må flytta på den. Då med garn, ikkje barn, oppi:)


                                        Oi, jammen hadde det gøymt seg litt under her også.


Og med masse garn kjem det også sjølsagt masse mønster og oppskrifter. Det stakkars nattbordet i furu gir nesten etter av tyngda frå kilovis med bøker, permar og hefter. Godt det er stabla til topps inni også med bøker, så det klarar holda i mot. Og det stoppar ikkje der. Det høgre skapet i skrivebordet er også stappfull av strikkeblader og mønster.


Så spørs det då, kor mykje det blir plass til av alt dette i den nye strikkekroken min..?                   Time will show!

lørdag 28. desember 2013

Slapp julestrikking

Eg innbilte meg jo at late juledagar skulle gjer at eg rakk å strikka så mykje, men det stemte ikkje. Dagane føyk avgårde, og siden det var mamma som stod ved grytene så skjønne eg ikkje heilt ka eg har dreve med... Siden sist helg har eg bare strikka halvannan sokk..



Og ein halv vest. Ikkje det heilt store med andre ord. Må vel klara å få ferdig desse to tinga før året er omme.


Labbegarnet eg strikke sokkane av har eg jo brukt før, men i denne fargen var det litt hardare og kvassare. Rart om fargen skal ha noko å seia egentleg. Men til slike grove arbeidssokkar duge det.


I dag blåse det så huset riste, og regnet bokstaveleg talt spyle ned ute. Me har komt til 28. desember, og eg innser at julå snart er forbi utan at den store julestemninga har omfavna meg. Trur det blei for travelt og kaotisk med oppussingsprosjekt sånn tett opp til jul. Men tenkte å roa alt ned i dag og gjer et forsøk på å henta fram litt stemning med den gode, gamle klassikaren Tante Pose!