onsdag 22. januar 2014

Balar med boots

Eg kan vel konstatera at eg ikkje gjer meg som designar. Nå har eg bala og styra, strikka og rekt opp igjen, sånn omtrentleg ørten gonger! Jane gjer ting ho ikkje kan - lagar strikkeoppskrift!

Endeleg ser eg enden på dette, men jammen har eg fått ny respekt for dei som lagar mønster. Nå er det sikkert ein kode som må knekkast, og når ein først har funne formelen så er det vel kanskje ikkje lika bale kvar gong..?
Men, mi utfordring var å laga babybooties, som eg tidlegare har strikka opp til størrelse 6 mnd., i størrelse 28. Og uten nåken peikepinnar og oppskrift så var det ikkje så lett.


Første runden så blei det størrelse 26, yngstejenta var prøvekanin. Nytt forsøk, fleire riller framover vrista, men så fekk eg jo ikkje prøva før neste dag. Kan jo ikkje begynna å dra søte, små barn utav djup og god søvn for å prøva sokkar midt på nattå!
Nå gjenstår bare litt avfelling og trådfesting før dei kan sendast avgårde.


Fekk og sendt avgårde premie etter tippekonkurransen på garnlageret mitt. Håpar at damen som tippa rettast finne i alle fall noko ho kan bruka i pakken.


Siden det var to stykke som begge tippa 135 kg, så blei det trøstepremie til den som var lengst i frå  når det skulle tippast på gram over 135 kg.

2 kommentarer:

  1. Trur det burein lærar i deg- ei svært nøyaktig og pirkete ei?? Godt meint :D Ser eg har å gleda meg til trøstepremie!! Rause du er med premiane!

    SvarSlett
  2. Bootsa dine er så fine, kunne tenkt meg oppskrifta di om du deler?
    Flotte gevinstar du spanderer, det må vera kjekt å få!

    SvarSlett