fredag 15. november 2013

Gamle mønster

I dag måtte eg ta meg sjøl i nakken å ta ein liten ryddesjau. Ingen vits å starta på nye strikkeprosjekt når strikkekroken ser sånn ut! For ja, rullegenseren er nesten ferdig, må bare ha litt Lindahjelp for å få sydd fint sammen under armane.



Oppi strikkekorga låg det sånn omtrent 18 rundpinnar lause, samtlige i 3mm tjukkelse og 40 cm lange. Og eg som trudde eg mangla sånne


Men, det som verkeleg trengtes å sorterast i, var ein del eldre strikkeblad og mønster eg har kjøpt dei siste månadane.


Alltid litt sjansespel når ein kjøper sånne ting på nett, ein får jo ikkje bladd i dei, men eg var veldig heldig og samtlige var i veldig bra stand.




Nokre av hefta hadde eg, ulik framside gjorde at eg blei "lurt" til å tru at eg ikkje hadde det.


Men her skjuler det seg mange skattar mellom to permar. Nydelige strikkeoppskrifter, og ikkje minst gode tips og råd. Dei er egentlig dei beste.


Strikke Ess var jo verkeleg ein tungvektar på mønsterfronten på 50 og 60-talet, og desse to her må jo vera ein liten kuriositet... Dei aller første medlemsblada, første årgang i 1955.


Men, ein kan ikkje samla på alt, og i alle fall ikkje dobbelt opp. Så eg har faktisk lagt dette ut for salg på ei side på fb. Slike ting må eg jo syta for hamnar i hendene på verkelege strikke-entusiastar!

Så nå, med ryddig strikkekrok, klare eg kanskje samla meg nok til å starta på et nytt strikkeprosjekt...

2 kommentarer:

  1. Akkurat slik her også noen ganger, trengs litt rydding for å få plass til nye kreasjoner og fantasier :) god helg Jane

    SvarSlett
  2. Veldig mykje fine, gamle blader, men det eg humra over var strikkepinnane... :o)
    Må sei at eg javnleg er innom bloggen din for her føler eg eg verkeleg har funne ei som er litt på "min" planet når det gjeld både tråd, garn og mønster, -her og tyt det ut av både garn og mønster, og av og til dukker der opp bunter med pinner, og gjerne etter eg har kjøpt nye. Så kvar gong kallen himler med augene over galskapen min får du ofte ett nytt klikk ;o)

    SvarSlett