fredag 5. juli 2013

Møll og Marius

Når det kjem til garn og strikkeoppskrifter er eg akkurat som møll mot frontlys. Eg flyr fullstendig blinda rett på...
Var på butikken her om dagen. Der stod det eit vekeblad i hylla ved kassen, og strikkebilaget bare ropte mot meg. Eg klarte jo ikkje stå i mot, og det havna med oppi posen.


..og så komme eg heim, lage ein stor kopp te og skal verkeleg kosa meg med strikkebilaget. Sjølsagt har dei ikkje funne opp kruttet på ny -  og eg blir like skuffa som sist eg kjøpte eit slikt blad. Oppskrifter frå Garnstudio, eldre mønster eg alt har sett i andre blader og litt kjedelige modellar. Synes det har et visst hastverkspreg over seg, at her har dei bare sopt i hop nokre oppskrifter på et lite kvarter..
Bladde raskt igjennom, og så forsvann det ut med papiravfallet. Slett ikkje verdt å ta vare på.
Det var møllen, så var det mariusen...


Litt meir Sisugarn er oppbrukt, og etter å ha fått unna den kjedelige jobben som trådfesting er, sitte eg igjen med  Mariustunika i størrelse 1 år +.  Til å bare vera min andre marius, så synes eg at eg har fått ganske bra dreis på denne mønsterstrikkinga!

Sjølvsagt har eg då gjort eit par endringar i forhold til mønsteret. Eg har strikka den nokre centimeter lengre, kanskje litt for langt når eg ser på den ferdig. Tenkte at ved å legga til litt ekstra lengde kunne det vera ein kjole som etterkvart "krympa" til å bli ein tunika. Trur den må prøvast på ei lita ei før eg kan ta ein endeleg konklusjon her...


Det same gjeld "armane". Eller, det kan jo knapt kallast armar, dei seks omgangane med vrangbord som skal settast innpå over armholsfellinga. Dei skal normalt berre vera lause, men eg er redd for at desse i vask fort kan krølla seg og bli stygge. Eg har derfor prøvd meg på å sy dei fast denne gongen, men litt usikker på om det kjem til å bli for stramt. Dette må nok også testast ut på ein levande modell før eg kan sei om det var ein god plan.


Og så gjorde eg jo litt endringar oppe. Eg kutta eine mønsterrapporten i kvitt som skulle gå over ganske mange omgangar, og strikka ei enkel kvit stripe i staden. Sjølv om eg har korta ned mønsteret med mange, mange omgangar synes eg fortsatt det er meir enn høgt nok frå armane og opp. Det er som eg har sagt før ingen sjiraff som skal ha denne... Og då lurar eg på; Når eg har tukla litt med mønsterrapporten, kan eg då kalla den for Mariustunika..?


Ny tunika er i alle fall på pinnane, og med den skal eg faktisk klara gjera ende på det blå Sisugarnet...


3 kommentarer:

  1. Ja, det kan du vell--- detta er nå Marius! Flotte er den! Synes du er blitt proff med løysingar! Såg i same bladet, og kjøpte ikkje med meg med. Penger spart inn til nye briller ;)

    SvarSlett
  2. Flott tunika du har laga! Blitt ein kløppar med mønsterstrikk, du. Synes som deg at mønsteret ikkje hadde ei god løysing på armane. Eg la derfor opp 10 masker meir som eg sydde med maskesting mot dei maskane som skulle fellast på bolen for armen. Fekk då rillene heile vegen rundt armen. Tenkte dette kan vera mitt tips for neste tunika. Ikkje for det, du finn no alltid gode løysingar sjølv og.

    SvarSlett
  3. Nydelig arbeid, Jane! Jeg ville ikke hatt betenkeligheter med å kalle dette for Marius-mønster ;)
    Synd med bom-kjøpet av ukeblad/strikkebilag... Men har en viss følelse av at du kommer til å gå i denne fellen flere ganger ;) :D

    SvarSlett