tirsdag 2. juli 2013

Halvårsrevisjon

Så var me jammen komt til 1. juli. Viss nokon veit kor det blei av restane av vinter, våren og forsommaren, så ver vennleg å meld i frå. Den forsvann nemlig for meg.

Sidan vi er halvvegs i året tenkte eg det kunne gjort seg med ein aldri så liten revisjon av GARNREKNESKAPEN min. Eg ventar store avvik og raude tal, men då har eg jo eit halvt år på meg til å retta det opp igjen. (Trur eg trenge minst eit halvår!)


Så, for å få heilt korrekte tal i kolonnar for kredit og debet, så må eg vel stadfesta dei siste garnkjøpa mine i juni også..
Webs fristar meg jo stadig vekk, og det trur eg kan ha direkte tilknytning til dei stadige nyhetsbreva dei sender på mail. "New Yarns for you" står det så smektande i overskrifta, og eg let meg lokka gong på gong.


Denne gongen er det supermjuke Baby Milk som har tatt den lange turen over havet. Garnet er italiensk, og har den forførande blandinga av 63% merinoull, 30% melkeproteinfiber og 7% kasjmir.
Nøstene er på 25 gram, og dermed også bare 100 meter, men eg trur likevel at eg med mine 200 gram skal klara få til eit lite babyplagg og to.
Garnet scorar høgt på mjukhetsskalaen, og eg er spent på korleis dette er på pinnane. Time will show!


Men det var jo sjølvsagt litt meir i pakken. Seedling frå Classic Elite Yarns. Garnet er i 100% bomull, og har ein litt særegen, laus tvinn. Med tre hespar på kvar 50 g/100m håpar eg å ha nok til ein jakke. Det var så veldig typiske haustjakkefargar på dette. Enig?


8 kommentarer:

  1. Ååååååå........ skal sei du forsterkar garnreservane med nokre riktige godbitar! Dessuten skal ikkje alt garn strikkast, noko skal berre nytast eller det ventar på det absolutte rette tidspunkt og plagg. Kos deg med garnlageret ditt du!

    SvarSlett
  2. jøje meg...her var det mye garn.... synes jeg har mye, men dette slår alt. Mange timer med masse kos her.... lykke til med garnslankinga

    SvarSlett
  3. Det så det ut som du hadde mange godbiter :)
    Kos deg med regnskapet og garnslankinga!!

    SvarSlett
  4. Ja, ser ut til at du har litt å henge fingrene i Jane :) kos deg videre da :)

    SvarSlett
  5. Jeg har funnet min "overmann". Hadde nok en aldri så liten misstanke fra før.
    Kos deg med garnet enten du strikker av det eller baser i det.

    SvarSlett
  6. Åneiånei, for et herlig syn!

    SvarSlett
  7. Så nydelige garnnøster du har supplert med! Lekre farger på Seedling-garnet; kan passe til alle årstider spør du meg.
    Når det gjelder regnskapet. Du kan jo snu på flisa. Skriv røde tall dersom du er så uheldig å BRUKE mer garn enn du handler inn..... Det er jo det som er å gå i minus ;)

    SvarSlett