Det nærmar seg endestasjonen på min tredje Mariustunika. Og målet mitt om å bruka opp dette forferdelige Sisugarnet er snart nådd. I alle fall for fargane mørkeblå, raud og kvit.
Men, no når eg skal til på mønsteret ser eg jo det at det slett ikkje kjem til å vera nok av det mørkeblå og kvite til å kunna følgja oppskrifta til punkt og prikke. Eit kreativt krumspring er nok påkravd!
Magnettavle til mønsteret er eit must - kjøpt hos Ateljè Margaretha.
Eg har meir enn nok av det raude igjen, men det blir for mørkt og tungt med bare raudt i mønsteret. Nei her får ein kvessa hjernen og prøva finna ei løysing som gjer at eg blir kvitt mest mulig garn og tunikaen ser nokonlunde presentabel ut! *to be continued*
Og så ein liten gladnyhet. I dag var det masse herlige "meiser" tilgjengelige i Wollmeise sin nettbutikk. Fleire garntjukkelsar og masse ulike fargar, både einsfarga og fleirfarga. Ser ut som oppgraderinga av nettbutikken har vore vellykka.
Er spent på hvilken løsning du kommer fram til! Du kan jo fri til noen lesere her inne om de har en liten blå rest de kan donere til deg? Lykke til!
SvarSlettPS Et sånt magnetbrett var faktisk veldig genialt. Takk for tips! :)