onsdag 17. juli 2013

Late dagar høgt til fjells

Det går litt tid mellom kvar blogg, rett og slett fordi eg igjen har hatt nokre fine, avslappande og mediafrie dagar på pappa si hytta i lag med desse to frøknane.



Sjølv om eg er ein flittig brukar av både TV og data her heime, så gjer det meg ingenting å sitta i Suldalsheiane utan anna mediestimuli enn P1 i nokre dagar. Det gjer faktisk litt godt. Utruleg kor mykje meir ein får tid til då..


Eg har strikka litt vidare på tunikaen i Misti, som etterkvart nærmar seg ferdig. Og så har eg kost meg med ei ny bok om strikkebutikken i Blossom Street! Sjølv om desse bøkene slett ikkje held til ein Nobelpris i litteratur, så er jo framsidebildet nok til å få meg i godt humør.
Nå har eg berre ei bok igjen om Lydia og En god tråd, så den skal nytast. Fristar bøkene kan du finna dei her, eller i ein kiosk/Narvesen/matbutikk nær deg:)


Og så må eg få med litt sjølvskryt! Måndag var eg innom tre, ja 3, butikkar som hadde garn, og eg kjøpte ikkje eit einaste nøste! Først Jokerbutikken på Suldalsosen som hadde sokkegarn. Så til Coop-butikken same stad, som faktisk hadde utvida garnsortimentet sitt veldig sidan sist. Fleire hyller med Gjestalgarn var det komt, men eg stod faktisk i mot uten alt for store problemer! Siste butikken var garnbutikken på Sand, som eg bare måtte innom når eg kjørte eldstejenta på båten. Men, utruleg nok, så blei det ikkje handling med meg her heller!! Sistnemde var nok den vanskeligaste, sidan det her stod ei stor tilbudskorg rett innanfor døra. Men eg kunne stolt kjøra heim igjen utan så mykje så ein meter med garn i bagasjen! *skrytmottasmedtakkja*


For litt sidan så fortalte eg jo at Wollmeise var komt med ny nettbutikk. Skuffande nok så virke det ikkje som den er heilt oppe og går endå, det er i alle fall ikkje garn å finna der. Ventar i spenning til fredag, som tidlegare har vore dagen då dei har lagt ut nytt garn. Håpar at det då kan vera ein mjuk, liten meis å få tak i.
Til alle dåke som skuffa var innom Wollmeise etter å ha lese bloggen min - så ber eg så mykje om orsaking! Eg vidareformidla utan skepsis det som stod i mailen eg fekk frå Wollmeise, og legg difor skulda fint og pynteleg over på dei!


2 kommentarer:

  1. Trivelig blogg å lese :) og tusen takk for tips om nettbutikk :)

    SvarSlett
  2. I dag, kom mine første hesper med Wollmeise i posten. Desidert det dyraste garnet, eg har hatt i henda! Men, like jo snev av luksus og nko ekslusivt eg!! Ser trivelig ut til fjells! Skjønne jenter!

    SvarSlett