søndag 9. juni 2013

To Damer

Til bursdagen min så gav lillebror min ein ganske så perfekt gave til meg. Han bur et stykke vekke, så det er praktisk med gaver som kan sendast i posten. I tillegg er han ein smule distre og gløymsk, så han pleie ringa to dagar etter at bursdagen har vore for å spør ka eg ønske meg.

Til ein garnjunkie burde det jo ikkje vera særleg utfordrande å finna ein brukande presang. Og når eg tipsa han om at fleire butikkar på nett, ja garnbutikkar vel og merka, hadde gåvekort, så var han ikkje vond å be. Gavekort  hos To Damer, nok til ein drøss med nøster, kom i posten. Sidan i vår har det stått til pynt på kjøkkenbordet i påvente av det perfekte garnkjøp!


Og det perfekte garnkjøpet dukkar jo alltid opp! Introduksjonstilbud på den nye Alpakka Silke frå Sandnes fekk vera med i pakken. Samt nokre nøster Andes frå Garnstudio.


Og gjett om Alpakka Silke svarte til forventningane! Har så vidt fått testa ein runde og to, men garnet flyter som ei sky over pinnane! Dette var verkeleg eit nydeleg garn å strikka med. Får inderleg håpa at det held seg godt, både i vask og bruk.


Så tusen takk broremann, for ein kjempekjekk gave! Sett det på ønskelista for alle framtidige bursdagar.. Og jul!

1 kommentar:

  1. Herlig fangst, og kjempefin ponni i forrige innlegg. My little pony er ikke hva det engang var-syns de ser annerledes ut i fjeset enn "våre" også!

    SvarSlett