fredag 18. juli 2014

Bomullmix i varmen

Det frista lite å strikka i ull når det er varmt. Derfor var det ganske herleg å få Porto på pinnane. Svalt og godt å ha i fanget. Har starta på ein jakke, heilt på frihånd, til yngstejenta. Om eg får det til er jo ein anna sak...


Men dette Portogarnet er ganske snodig. Det er et slags båndgarn, og når ein ser nærmare på det ser det ut som tynn, tynn tråd som er strikka til tynne tarmar. (skjønte nåken ka eg meinte tru...?)
Og garnet inneholde bomull og viscose, men ikkje blanda. Det er eit stykke bomullstråd og så nokre cm med glatt, tynnare viscose. Gir ein ujamn, men litt stilig effekt.


Me har hatt nåken fine dagar i Suldal. Alltid godt å komma t mamma sin middag. Eg ser det som ferie bare eg slepp å laga middag.
Me har vore ei lita veka på hyttå, og broremann og pappa snekra benk til verandaen.

 
Så har Victoria fått bada. Både i basseng, i kalde, kalde Suldalsvatnet, og så var ho med tante og onkel i Jåvatnet og bada. Og eg skjønne ikkje at det ikkje er fleire å badar rundt forbi. Me var heilt aleina i Jåvatnet, og når eg var på Victoria sin alder var det alltid stappfullt av folk der. Kanskje folk er så ofta i Syden nå at dei ikkje gidde bada her lenger...


Men, borte bra og hjemme best. Nå får eg laga middagen min sjøl, og prøva vinna over berget med skittentøy. Strikkelysten er og på veg tilbake, så kanskje det blir litt effektivisering på den fronten og!

mandag 14. juli 2014

Koftetips til danske

Eg har hatt ein lengre ferie i Suldal i lag med jentene, og på onsdag besøkte me Husflidbutikken på Sand. Har egentlig ikkje vore nåke særleg inni denne butikken, siden det stort sett er Rauma sitt garn. (Synes det er stikkete). Men denne dagen var vi på jakt etter rundpinne og stakk innom. For det første, så var det herleg svalt der inne. Ute kokte det med 30 grader, så eg kunne nesten ha parkert inni det kjølige lokalet heile dagen.


Men, det kom innom nokre danske turistar som var på jakt etter mønster til Suldalskofta. Den har eg jo, og har blogga om HER!. Mønsteret er jo ikkje i salg lenger, og damen i butikken hadde kanskje ein gammal kopi. Så då måtte jo eg blanda meg inn og tipsa om Koftegruppa på Facebook! Eg var ikkje sikker om den var der, men eg sa at det var i alle fall første plassen eg ville leita etter koftemønster. Så dei noterte, og forhåpentligvis har dei funne fram på verdsveven.

Men, eg er redd dei blir skuffa når dei ser mønsteret, for dei åpna med at dei hadde sett Setesdalkoftao og Sirdalskofta og lurte på den til Suldal. Mønsteret er jo ikkje samanliknbart i det heile.
Fekk vita av damen i butikken at mønsteret kom på 70-talet og hadde henta inspirasjon frå sånne vevde åkle som høyrer heime på einkvar vegg i eldre hus.
Uansett så er det fantastisk at kofter har fått så oppsving i det siste. Alt som kan gjera strikking populært og gjera fleire interessert i garn og pinnar, det støttar eg!


Eg gjekk jo ikkje heilt tomhendt ut derifra eg heller. Det lekre garnet Porto frå Pt frista meg med fargen.


 Og dette heftet med bunadsstrømper er jo ein klassikar. Synes det er på sin plass å handla litt "souvenirar" når ein er på ferie:)

lørdag 5. juli 2014

Det er lov å ombestemma seg...

Acnegenseren går som ein farsott over strikkenasjonen, og eg har som regel pleid å styrt unna sånne diller. Men, det må vel vera lov å ombestemma seg?
Eg var nemlig ute hos Linda som hadde kjøpt nåke herleg mohairgarn med glitter i. Eg er jo ikkje noko mohairfan, eller fan av andre ting som røyter og loar for den del. Men, det var så lekkert dette kvite garnet med den glittertråden i.
Så då måtte eg jo ha eit tiltenkt prosjekt for å bestilla meg dette garnet. Eg surfa inn hos www.todamer.no og dei hadde jo garnet eg skulle ha, Silk Mohair glitter frå Sandnesgarn.


Og eg la opp og starta med godt mot. Syns det var litt trått å strikka med, sjølv om eg la meg i selen for å strikka laust. Og i tillegg hadde gode ibenholtpinnar.
Linda hadde og begynt på samme genser i samme garn, men ho hadde lagt til Lace frå Drops. Ingen dum idè. Då kan ein både få inn litt farge, og det blir litt likare originalgarnet Faerytale i strikkefasthet. Håpet mitt er at det også skal gli litt lettare på pinnane. Trur eg skal gå over til addipinnar også, dei veit eg er glatte.


 
Så, då var det jo ikkje anna råd enn å rekka opp. Var jo heldigvis ikkje komme så mange rundane oppover bolen. Og uten mønster er det ganske sutalaust. Så nå får eg ta et nytt prosjekt fram til eg kjem heim, trur nemleg eg har Lace liggande.

mandag 30. juni 2014

Mønsterdiagram

Kom over ei bok som det faktisk var ganske uten betydning at ikkje var på norsk. Den er på engelsk, så eg er jo ikkje heilt hjelpelaus, men har endå ikkje komt meg over dørstokken med engelske mønster.




Men, her er det nesten bare diagram. Side opp og ned og i mente. Perfekt viss ein vil plukke litt for å lage eget design på ting. Synes den var inndelt veldig greit og, lett å finne fram i.



Ei stjerne kan jo vera så mangt, variasjon over tema.
Eg kjøpte boka mi hos ark på nett, men den er sikkert å få tak i andre plasser også.  Ei god investering i alle fall, og nå var jammen boka på tilbud og!


tirsdag 24. juni 2014

Ny hæl

Det er ein evighet sidan eg strikka desse sokkane. Først har dei lege sånn omtrent 2 mnd i blokkerane, og først nå fekk eg somla meg til å ta bilde av dei. Har nemd dei før, både fordi garnet var så godt å strikka med, og fordi eg skulle testa ut Short Row Heel.


Og om eg ikkje er 100% fornøyd med hælen, så er det godkjent første forsøk. Håpar eg klarar få den enda litt tettare der eg snur på neste forsøk.


Synes denne hælen passar mykje bedre til små babysokkar, og til voksne sokkar som har glattstrikka skaft. Ser ut som passformen kan vera ganske grei og.


Og apropo sokkeblokkerar. Lure på om ikkje postbudet har undra seg litt når desse kom i posten. Dei var nemlig fasongpakka i gråpapir, og såg ut som ein stor julestrømpe.


Eg har laga to par tidlegare. Eit par i str 38 og eit i 27, men nå såg eg at behovet for nokre litt store var der. Greit då å ha Zirkona som frese på Ikea og kjøpe plastunderlag og klippe ut. Så nå kan eg også blokka herresokkar i str 45!

tirsdag 17. juni 2014

70-tals strikk

Det har komt endå ei ny bok i hyllå mi. Denne har egentlig fått alt for lite omtale syns eg, i forhold til mange andre strikkebøker som ikkje på langt nær er lika spennande.


Som du sikkert skjønne, eg digge denne boka. Stilige modellar frå 70-talet som er i skuddet igjen.



                               Eg lar bildene tala for seg, og rekne med at fleire blir frista!



Eg handla mi bok hos adlibris, og her har det blitt handla fleire strikkebøker i det siste. Ei kjapp samanlikning med andre på nett, som bokkilden, Tanum og ark, vise at adlibris jamt over er rimeligare. Og det sjølv om dei andre også har bøkene på salg.




Så må eg få takka for alle besøk,og ikkje minst koselige kommentarar i sist blogg. Kjekt å sjå at det kom så mykje skryt til montøren også, det var jammen på sin plass!

søndag 15. juni 2014

Perfekt montering

Det blei et litt uventa og langt sjukehusopphold på meg før pinse, så både blogg og pinnar hatt hatt fullstendig ferie. Men, bedre seint enn aldri, kjem dette skryteinnlegget av fiks, ferdig Marius.
Eg måtte ein tur til sjekk på Haukeland, og nytta sjølvsagt anledningen til å utnytta ei av mine gode venninner.


Åshild hadde nemlig sagt seg viljug til å montera Mariusgenseren til naboen. Sidan det var ei bestilling falt ikkje tanken meg inn ein gong, at eg skulle begynna sy og knota sjøl. Her står nemlig argumentene i kø; \¨+0o9i g har hverken lyst eller kunnskap til å sy i armane, og ikkje har eg symaskin heller. Når det er eit bestillingsverk så synes eg det er ekstra viktig at monteringa er prikkfri. Og kva er då lurare enn å gå til ein ekspert i faget?


Så Åshild klippa, sydde og diska opp med lunsj. Betalinga vart to par herresokkar i storleik 45, noko ho hadde lufta tidlegare om eg kunne tenkt meg å strikka. Eit bytte eg gjerne tar for å sei det sånn.


Og genseren blei så fin, eg er utruleg fornøyd. Fargekombinasjonen er lika bra som eg hadde håpa den skulle bli, eg har fått mønsterstrikken jamt. Og monteringa, ja monteringa er perfekt.



Men, eg har ei høna å plukka med dei størrelsane som original Mariusgenser kjem i. Eg har strikka genseren lenger enn den skulle, både på armar og bol, faktisk brukt tre nøster meir enn eg skulle. Likevel er genseren for liten!! Den er litt trang, men aller mest alt for kort. Syns slett ikkje naboen min ser ut som han er større enn XL! Så, alternativet til å jaga naboen på jogging rundt dalen, samt hella i han krympe-eliksir, blir at denna tøttå må strikka ein ny genser. Ikkje heilt motivert ratt endå, men eg skal snart tenka på å bestilla nytt garn i det minste...