søndag 4. mai 2014

Ein tur til kofteparadiset


Denne helga vart så mykje meir enn forventa. Ein tur til Setesdalen som eg seint vil gløyma.
I starten av veka tikka det inn ei melding frå Zirkona med denne beskjeden: Eg har avtalt tid hos Annemor Sundbø på fredag, vil du vera med? Trur svaret frå meg var: Hæ? Ja!


Så det var bare å pakka bagen, og sala opp Volvoen for ein tur over fjellet og ned Setesdalen. Eg var utruleg spent, og ikkje minst glad for invitasjonen. Spesielt sidan eg gjekk glipp av Annemor Sundbø når ho heldt føredrag her i Åkra. (Straffar endå maen litt i ny og ne for at han ikkje kom heim i tide!!)


Snakk om perfekt turvêr da, tørre vegar og sol frå skyfri himmel. Møtte Zirkona i Valle, og så kjørte me i lag siste stykket ned til Ose. Og eg må sei at til å vera ein så liten plass, så husar denne tettstaden vanvittig mykje. Første begivenhet var inni dette gamle tømrahuset her - Kofteutstillinga!


Annemor Sundby beklaga litt at det var utenom sesong og alt ikkje var heilt klart, men eg kan ikkje sjå at noko kunne vore bedre. Og å få gå heilt aleina der, utan andre skuelystne, var heilt perfekt. Kunne bruka så lang tid me ville, gjekk fleire rundar og hadde tid til å snakka om dei ulike koftene me fant.


Eg lar bare bildene tala for seg. Har prøvd å velga ut dei som fortel mest, men det har vore ein tøff jobb. Her er så masse flott og særeige at det blir vanskeleg å velga. Alle bildene er teke av meg eller Zirkona, og vi har fått lov å gjengi dei her i bloggen. Det er ikkje lov å kopiera nokon av bildene!


Denne Fana-varianten likte eg, uten dei klassiske stripene med lus. Utruleg stilfullt.                             Og Fanakoftene var sterkt representert.



Eg har aldri vore så opptatt av hverken historien til strikkekulturen i Norge, eller symbolikken til dei ulike mønstrane. Hos meg blir det meir i stilen, den var fin, den har eg lyst å laga. Men eg må ærleg innrømma at etter Nasjonal Strikkekveld, der Annemor Sundbø fortalde om betydningen av alle desse strikkemønstrane, ja då vart eg jo litt nysgjerrig. Tenk så stilig å kunna strikka budskap og "hemmelige" beskjedar inn i ei kofte eller vottepar, i staden for å posta det på Facebook!


Og når sant skal seiast, så trur eg det fantastiske engasjementet og ikkje minst kunnskapsmengden til vertinna kunne fått ein kamel til å synast at sand i Sahara var spennande!


Ein blir litt mållaus av å komma inn i eit rom som er dekka frå golv til tak med kofter. Vi måtte gå fleire rundar, og for kvar runde dukka det opp mønster og variantar vi ikkje hadde sett runden før. Eg var veldig glad for å ha med meg Zirkona som guide, ho kan jo meir eller mindre bøkene til Annemor Sundbø på rams.



Utruleg kor mykje fargevalg gjer med eit mønster. Denne varianten her med haustfargar gjekk rett heim hos meg. Til og med lusa synes eg passa godt inn.



Eit fantastisk syn. Tenk kor mange timar som har gått med til alle desse flotte Setesdalsgenserane.


I eit naborom hang disse. Det var motlys, men eg synes kanskje det framheva endå betre dei holete velbrukte plagga.

Det stod svære kister med kofter i også, som det ikkje var plass til å henge opp. Lag på lag med skattar, og for kvar genserarm me flytta på, så dukka det opp nye, flotte mønstrar.



Veldig stilig, fasongstrikka til tusen, for å passa rundt leggmuskelen. Ser eg hadde ikkje trengt å legga ut så mykje for at dei skulle ha passa meg nei...


Når vi følte oss ferdige i kofteutstillinga flytta vi oss bort til butikken der også votteutstillinga var. Og her blir det litt sånn ein ser ikkje skogen for bare tre, eller ein ser ikkje veggen for bare vott. Eg blei ståande lenge og sjå, om igjen og om igjen. Nye vottemønstrar og variantar dukka opp kor hen eg flytta blikket mitt! Men det var spesielt ein hanske som fanga oppmerksomheten min, denne her. Mønsteret på fingrane skiller seg veldig ut, innsida av hansken er lik.


Her stod det også stampar og korger med vottar, kilovis, som ikkje hadde fått plass på veggen.


 Butikken var også reine skattkammeret. Ei blanding av utstilling, bøker, garn og gamle mønstrar.
Og til alle dåke som likar gamle strikkeoppskrifter, dette var eit eldorado! Hundrevis, var bare å begynna å leita igjennom. Fant ein del skikkelige godbitar, og det beste av alt var nesten prisen: 5 kr stykk!! Eg kan ikkje anna enn å sei ta ein tur til Ose, du vil garantert ikkje angra!



Eg skulle så gjerne ha vist meir, fortalt meir og skrytt endå meir, men eg synes at dette bør opplevast. Det går liksom ikkje å gjenfortelja på ein bra nok måte. Tusen takk for invitasjonen Zirkona, du veit å få fart på ei husmor i Vest. Og takk til Annemor Sundbø som tok i mot oss.

13 kommentarer:

  1. Eg skreiv eg var litt misunneleg når du fortalde om denne turen. No kjenner eg meg meir missunelig men endå meir glad på dine vegne over dei opplevingane de hadde på Ose. Ein eller annan gong skal eg gjera ein stopp her. Med ei flotte bilda de har tatt, er eg enda meir sikker på det!
    For dette er ei skattekiste utanom det vanlege, ikkje rart at Annemor er tildelt Kongens fortenestemedalje for det arbeidet ho har gjort. Det er vel fortjent!!!!

    SvarSlett
  2. Oi, oi, oi - STUM eg vart! Detta tar jo pusten frå ein stakkar! Du for ei samling av Norges strikkehistorie!!!! Veldig bra at du fekk turen der og kan lokka oss andre til opplevinga! Eg tykte Selbu hadde bra historie å vise for seg, men detta tar kaka! Flotte kofter,- nok ein gong! Likte godt dei to på bilde 11 og 13.

    SvarSlett
  3. Fantastisk! Jeg ble helt målløs bare av bildene. For et skattkammer! Det må ha vært en stor opplevelse.

    SvarSlett
  4. Oj, for et sted! Så masse fint! Enig med ditt valg av kofte, den var kjempefin!

    SvarSlett
  5. Du og du.... det var litt av ein samling!!! Tenk å få reist til koftehimmelen på strikketreff, du var heldig som fekk oppleva dette :) Må notera meg denne plassen, kanskje ein gang....

    SvarSlett
  6. Jane, TUSEN HJERTELIG TAKK for at du deler opplevelsene her!!
    Det var kjekt å få være med gjennom ord og bilder :)
    Her må jeg ta turen en vakker dag!

    SvarSlett
  7. Heldige du!

    Må ha vært litt av en opplevelse :-)

    SvarSlett
  8. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  9. Så herlig Jane :) dette lever du nok lenge på! For et syn, og historie :) gosj...

    SvarSlett
  10. Ja dette må ha vært litt av en opplevelse, herlige bilder av flotte kofter :) Vet du ka den grønne og hvite lusekofta i flotte haustfarger heter? Den fikk eg lyst å strikke :)

    SvarSlett
  11. For en samling! Skjønner at dere koste dere der!

    SvarSlett
  12. Nå føler jeg at jeg brått fikk nye tur-planer ;)

    SvarSlett
  13. For en fantastisk opplevelse! Og takk for at du "tok oss med" på turen.

    SvarSlett