torsdag 11. april 2013

Når strikkehjelpen er nær...

Det er ikkje noko problem å rota seg oppi ting ein ikkje klare løysa sjøl, på strikkefronten vel og merka, når hjelpen er så nær! Heldige meg har nesten døgnåpen strikkehjelp både online og i nabobygda. Og eg trenge dei støtt - takk for god supportavtale!

Jakken til Madel er ferdig strikka, og eg tenkte at det skulle bli ein smal sak å få maska sammen under armane som Zirkona tipsa om. Ho er fullt klar over min langt framskredne nål-tråd-monteringsfobi, så då ho enkelt forklarte måtar å unngå å måtta bruka nål, ja då slo eg til på flekken!

Denne gongen var det armane på jakken, som i følge oppskrifta skal strikkast innpå resten av jakken, der det naturleg nok er felt av og gjort plass til armane. Til slutt syr du så i samen, nei du syr FINT i samen, under armane, og voila - ferdig jakke.
Eg kan ikkje sy, og i alle fall ikkje sy fint, i samen nåke som helst. Tipset om å bare setta maskene på ein hjelpepinne for så å veva dei samen med tilsvarande masketal på armen vart derfor applaudert og motteke med trampeklapp. Så lettvint tenkte eg - bare å maska det av og festa ein tråd i kvar ende - kjem til å bli så slett og fint!


Error! Nåke har eg i alle fall gjort feil, for sånne store luftehol passar seg slett ikkje på ein yndig barnegenser.Men ka har eg gjort feil? Prøvde å plukka opp fleire masker bortetter kanten, men det blei slett ikkje fint.Trur eg må venda meg mot orakelet som sette meg på denne ideen, for å få resten av bruksanvisningen på dette opplegget her!

Tusen takk Linda, for god syhjelp!
Men, ein svipptur ut til Herøysund i går resulterte i ein jakke som er svært fint sydd samen under armane .Den damå kan verkeleg trylla!! Litt lei meg for at eg ikkje klarte gjera kvar minste smitt og smule sjølv, men likevel glad for at jakken ikkje fekk ein klumpete og rar saum under armen.
Nå gjenstår bare knappar, og sjølv om eg har funne nåken snasiga treknappar, så vil eg heller gå for plastikk. Dette skal jo vera ei real bruksjakka, og då blir det vel ein god del vasking. Då er kanskje ikkje knappar i tre det beste?


Og så dukka det opp real "gladpost" i kassen i dag. Både Strikkemagasinet og Love of Knitting kom, så nå har eg hatt meg ei skikkelig nytelsesstund her med å kikka på garn, mønster og butikklinkar. For meg er desse to bladene dei desidert beste, men andre har kanskje andre favorittar?



2 kommentarer:

  1. Skjønner at vi nok må ta en "runde" til på den varianten. Men du er heldig som har eksperthjelp i nærheten som elegant løste den akutte situasjonen.

    SvarSlett
  2. Flott med god hjelper som kan trø til på denne måten.
    Må si at sammenflettingen din av maskene var pen
    -håper du slipper luftehull i fremtiden ;)
    Jeg kjøper også Strikkemagasinet. Holder faktisk på å strikke meg tunika fra et av de sist utgitte...

    SvarSlett