Eg får stadig spørsmål om desse enkle kjøkkenklutane eg strikke. Kva garn og kor mange masker osv, så då blir detta ein liten oversikt.
I Drops sine klutoppskrifter er det brukt Paris, men det synes eg blir alt for tjukt. Det garnet passar bedre til gryteklutar. For å få mjuke og gode klutar er Muskat Soft, PT Petunia, Mandarin Classic og melkefibergarn best. Desse strikkar du alle på pinne 3,5-4, alt etter om du strikkar fast eller laust.
Muskat Soft - 58 masker
Første pinne rett, så annankvar maske rett og vrang tilbake.
Gjenta til nøstet er brukt opp og fell av.
Muskat Soft - 60 masker
5 rett, 5 vrang, 5 rett osv, gjenta ut pinnen.
Tilbake strikkar du vrang over vrang og rett over rett.
Gjenta til du har 6 omgangar, bytt og strikk vrang over rett og rett over vrang.
Gjenta rutemønsteret til du har brukt opp nøstet.
PT Petunia - 58 masker
Riller - Strikk rett alle pinnar.
PT Petunia - 60 masker
Første pinne rett.
3 rett - 3 vrang- 3 rett pinnen tilbake.
Gjenta desse to pinnane.
PT Petunia
58 masker
Dobbel perlestrikk.
2 rett - 2 vrang pinnen ut.
rett over rett og vrang over vrang pinnen tilbake.
Neste pinne strikkar du rett og vrang, vrangt over rett.
Gjenta bytte med rett over vrang - vrang over rett kvar andre pinne.
Just bamboo - 55 masker
Dette bambusgarnet var litt grovare så her gjekk eg opp til pinne 4,5 og litt ned på masketalet.
Og det å laga striper for å kvitta restegarn er lurt.
Her har eg ei rille i kvar farge, det gjer at eg slepp festa trådar, for eg kan dra med tråden over ein omgang utan at det blir stygt.
Les på nett at bambus var absolutt å føretrekka til klutar si det hindra lukt og bakterievekst. Garnet eg har prøvd, Just bamboo, er nydelig å strikka med, men favoritten til klutgarn må definitivt vera PT Petunia. Petunia har stort fargeutvalg, glir lett på pinnane og det deler seg ikkje så lett, noko som ofte er eit problem med bomullsgarn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar