Sit så fredfullt på jobb i går når det tikkar inn ei melding på mobilen: "Alarm, alarm.. -25% på alt hos Nøstenett - maks 50 kr i frakt!"
Og gjett om viljestyrken min fekk seg ein prøvelse. Nøstenett har jo både Drops og Sandnesgarn i tillegg til ganske mange kjekke knappar og duppedittar.
Heldigvis var det ein supertravel ettermiddag med frisør for to stykke, lekser, middag og legging, så klokka var vel nesten 23 før eg logga på dataen...
Og eg klarte faktisk stå i mot!! Ingenting handla i innkjøpskurven!
Hadde veldig lyst å la meg frista av dei nydelige fine lyngfargane i Eskimo, (kostar tross alt BARE 15 kroner nøstet nå) dei passar nemlig ganske greit til eit par av oppskriftene til Pickles, men enn så lenge har eg klart å stå i mot... Puh, men det krev sin mann, eller kvinne, rettare sagt...
Vil du testa viljestyrken din så kan du jo kikka innnom: http://www.nostenett.no/
Eg skal klara stå i mot... trur eg....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar