lørdag 22. mars 2014

Nøstenett

Her ein kveld fekk eg ein overraskande og koseleg telefon. Naboen lurte på om eg kunne strikka Mariusgenser til han. Eg klare jo aldri sei nei, så det skal vi sjølvsagt få til, var svaret mitt. I utgangspunktet ville han ha originalfargane. Dei er ikkje eg så glad i, så eg fann eit bilde på Strikkesida av ein versjon i koksgrå, kvit og petrol. Heldigvis så fall dette i smak, og til ein vaksen kar, litt mørk i fargane, så trur eg det vil bli kjempefint!

Bilde lånt frå ei flink strikkerske på Strikkesida.
Men, sjølv om garnlageret mitt rommar mykje, så er det ikkje noko der som kan brukast til Mariusgenser i XL. I alle fall ikkje i rett garn og rett farge. Siden det er på bestilling syns eg det er greit å bruka originalgarnet, Smart frå Sandnes. For ein ungkar har eg ein mistanke om at superwashgarn er å foretrekka!

Ein liten runde i diverse nettbutikkar, og konklusjonen var at Nøstenett var den som var mest gunstig på pris. Ikkje bare var garnet 1 kr billigare per nøste, men dei har fast lågpris på frakt: 50 kr. Når ein bestiller for over 750, så var det gratis frakt. Med andre ord, gratis frakt på meg. Sidan det har vore snakk om så mykje feil i mønstrane i Mariusboka, valgte eg også å bestilla mønsterhefte. Litt utidig å sitta der med 300 masker på pinnen, halve mønsteret ferdig, for så å oppdaga at det er feil!


SÅ må eg visa, i ord og bilete, at våren definitivt er her. Dei siste vekene har den store "dilla" for skuleungane vore sparkesyklar. Og då helst triksesparkesyklar. Kor flink ho mi er å triksa skal eg ikkje uttala meg om, men eg er ikkje i tvil om at ho har gjort eit forsøk!!

3 kommentarer:

  1. Er enig med deg, Jane, det blir ein flott genser i desse fargane.
    Såg ikkje god ut den haka, ho har fått seg ein skikkeleg blåveis, stakkar!

    SvarSlett
  2. Så koselig at naboen vil ha deg til å strikke, da ;)
    Det var et fint fargealternativ!!
    Stakkars triksesparkesyklisten -håper hun er bedre nå :)

    SvarSlett