onsdag 30. januar 2013

Eg har ein skatt under trappa...

Det fins mykje godt å sei om naboar, men denne nabodama fortene ein ekstra hyllest! Grete, som bur i nabohuset der eg vaks opp, har igjen gitt eit ikkje ubetydeleg bidrag til min garn- og strikkelidenskap (eller galskap om du vil)!



To fulle trillebårer med gamle Familien-blader venta meg sist eg tok turen til Suldal. Det blir mange årgangar med masse spennande strikkeoppskrifter.

Enn så lenge har eg bare så vidt starta på 2002-årgangen, og eg ser at strikking ikkje var lika i skuddet då som nå. Lappeteknikk var derimot skikkeleg "in".




Så under trappa mi har eg nå ein skatt.. 12 posar og 3 store kassar med blader - mange timar med kvalitetsunderholdning som eg porsjonere ut så eg kan ha gleden lenge. Kvar kveld når jentene er i seng tar eg med to-tre blader og kryp opp i sofaen og blar meg gjennom lysegule bomullsgenserar, flettemønster og barnegenserar med litt tvilsomme fargekombinasjonar!
Ein skatt som er verdt si vekt i gull!





Så kanskje har Grete tenkt som så, at eg må ha matchande mønster til alt garnet ho gav meg då på starten av 90-talet? Ikkje utenkeleg at det kan bli noko sidan eg framleis har fleire nøster igjen av både mosegrønt ullgarn og rosa mohair...



1 kommentar:

  1. Ja her ligg det nok mange timar med kos. Du får arkivere det som har verdi, resten får bli papirboss når du er ferdig med det. Er nok sikker på at det er noko fint, noko rart og noko som til og med kan kallast styggt. Rart kor tidene forandrar seg :)

    SvarSlett