Eg har kje dovna heilt av, om nokon trur det. Strikkar gjer eg, litt innimellom. Men det blir så alt for lite, av ein eller annan grunn så bruke eg alt for masse tid innpå her og kikke på herlige strikkbloggar... eller eg surfar garnbutikkar på nett... Kanskje eit nyttårsforsett burde vera å strikka meir - surfa mindre..?
Har eit par ting ferdige, men gløymer alltid ut å ta bilde i dagslys. Innebilder i dårleg lampelys og med lite kompaktkamera kan gjer underlege ting med fargane, så eg trur eg ventar til dagslyset er på plass.
Tre klutar har det nå i det minsta blitt. Tankelaus rillestrikk på pinne 3,5. Dei grøne er strikka i PT Petunia, eit veldig godt garn å strikka av. Den kvite er i Viking sitt Milk & Honey, og slett ingen tapar når det kjem til strikkekomfort den heller. I følge svigermor, som er min autoriserte klut-testar, så egnar melkegarnet seg kjempebra til oppvaskfiller.
Så dagens gladnyhet! Garnstudio har salg på alt sokkegarn, altså Fabel, Big Fabel og Delight, i heile februar! 25% rabatt - kor mange dagar klare eg å motstå mon tru?
Flotted klutar du har strikka! Lenge såg eg på dette som unødvendig strikk, men er blitt heilfrelst. Ingen ting kan måle seg med slike klutar på kjøkkenet!
SvarSlettHeia :) så enig, tia her inne, den bare flyr av sted, men samtidig er den jo litt verdifull også, se bare hvor mye inspirasjon vi får av hverandre...men no må jeg fortsette her :) trivelig blogg, og fine kluter
SvarSlett