torsdag 14. juni 2012

Snuppekjole

Så har eg fått ferdig ein liten kjole. Garnet er babyull frå Dale, og oppskrifta er henta frå boka Strikk til Nøstebarn. Brukte masketalet til minste størrelse, men dette garnet bygger meir enn Silkeulla til Nøstebarn, så vil tippa den har mål som kan passa ei lita frøken på 3-6 mnd.





Laga tidlegare ein liknande kjole, som var strikka ganske så til punkt og prikke etter oppskrifta. Men det var jo sjølvsagt eit par ting eg ikkje likte med den. F.eks så var fellingane godt synlige midt frampå i staden for i sida, så på denne versjonen vart dei flytta ut i sidene. I tillegg så skulle selar og bærestykke vera i rillestrikk, men eg er ikkje særlg fan av riller, så denne gong blei det perlestrikk i staden. Syntes og det gjorde seg godt med eit silkeband i skiftet mellom stakk og bærestykke, og det er bare tredd laust i, så det kan lett takast ut.






Eg er framleis svært imponert over den utrulege effekten ein runde i varmt vatn med Milo har å seia. Plagget ser rett og slett strøkent ut etterpå, og blir utruleg mjukt. Treng aldri ha dårleg samvittighet for at eg ikkje gidde dampa dei ferdige plagga, for det er ikkje bare nål- og tråd-fobi eg har, trur også eg er råka av strykejern-angst.




Kjolen får seg eit lite bad.



Boka "Strikk til Nøstebarn" har ein del bra, men litt i overkant mykje rillestrikk. Plagga er litt enkle og har eit visst retropreg over seg, men med små endringar i fargevalg eller ved å bruka andre garnkvalitetar kan plagga bli veldig fine. Ei bok som er verdt å ha i hylla, ikkje minst fordi den inneheld mange basisoppskrifter på både huer, bukser og dressar.




Elles kan eg tipsa alle garnglade om stort 10-krones salg på Porselensbuo i Rosendal. Ei mengd med garn til bare ein tier. Blandt anna Navia, Bris, Vivaldi, Silke Alpaca, Milk & Honey, Brilla og Arabella. Løp og kjøp, det gjorde eg, og kom heim med 3 bæreposar..
 Blogg om den synda kjem seinare når eg tør opna posane og sjå på galskapen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar