søndag 17. juni 2012

Nye strikkebøker.. Igjen.

Har jo sjølvsagt dukka nokre nye strikkebøker opp i postkassen. Det er jo så lett å la seg frista når ein surrar rundt inne på bokkilden.no. Utruleg stort utvalg, spesielt i engelske mønster. Og der er det mykje fint, kunne gjerne blitt fleire sånne oversatt til norsk.





I postkassen denne gong var det to bøker med barneoppskrifter, spesielt Wonderland hadde mykje snasigt!  Så nå gjenstår det bare å læra seg å lesa oppskriftene på engelsk då. Har printa ut strikkeordlista, men ikkje komt så langt eg har prøvd meg.. Du vett det at eg skal bare, skal bare...

Det eg skulle denne gong var ein kvit klut som var på bestilling. Og før eg kunne strikka den måtte eg jo gjera ferdig den eg hadde på pinnen. Så resultatet vart ein sprek sak i Muskat Soft frå Drops, og ei kvit i Pure Milk Fiber frå Viking.




 Og det melkegarnet var bare nydelig mjukt og godt å strikka av. Kjøpte desverre bare to, det var det som var igjen på Porselensbuo på 10-krones tilbudet.





Har brukt ein del tid på å hjelpa Kristlaug å rydda i butikken på Bjørke den siste tida (Porselensbuo Gåver og Hobby for dei som ikkje er lokalkjende). Me har rydda fram ein masse garn, funne restar og utgåtte garntypar og satt alt i fine korger til 10 kroner nøstet. Garnhespar som har kosta så mykje som 132 kroner har faktisk blitt solgt til 10 kroner, i lag med garn som Faerytale frå DSA og Vivaldi frå Drops.
Så i går fekk eg "betalinga" mi: ei stor budda med mønsterhefter frå Navia, Gjestal og Viking. Utruleg kjekt, og masse godt lesestoff i dagane som kjem!
Alle som er i nærheten av Rosendal bør ta seg ein tur oppom kyrkja og sjekka ut den strøkne garnbutikken som nå antageleg har sommarens beste garntilbud.





Ikkje blitt strikking i dag, har rydda i strikkekorga og strikkeveska, og det tok jammen si tid. Fy som eg klare rota på eit så lite område, er jo veldig begrensa antal kvadratmeter oppi ei veska...
Men nå er det gjort, pinnar på plass, maskemarkørar i boksen sin og alle garnrestane er i kassen sin. Klar for nytt prosjekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar