tirsdag 26. juni 2012

Håndarbeid vs husarbeid

Når det gjeld tidsbruken min er det ein stadig kamp mellom håndarbeid og husarbeid. Stort sett så slår fornuften inn og det er husarbeidet som vinn kampen. Ikkje fordi eg likar så veldig godt å vaska, rydda og legga samen kler, men med to ungar (og ein mann) så trengs det litt matlaging, støvsuging og klesvask. Helst så ville eg brukt det meste av dagen på å strikka, men eg klare rett og slett ikkje å finna roen i godstolen mens hybelkaninane dansar bortover parketten med dei mest elegante piruettane, mens dei liksom rope mot meg: "Me blir fleire og fleire og fleire.. Sjå kor fint me dansar over parketten i sollyset"..  Så med andre ord så går det slett ikkje så fort på strikkefronten som eg skulle ønska... I tillegg så har eg funne ut at reine golv er litt lurt når ettåringen finn det for godt å legga seg på magen å sleika litt på golvet. Hadde vore dumt om ho blei kvalt av ein svær hybelkanin!



Me har nettopp lært å myyyysa...


Likevel så klare eg til stadighet å handla garn... I går var eg og Lene ein tur til Bjørke for å sjekka om det var noko spennande på 10-kroners tilbudet. Det var det jo sjølvsagt, men syntes eg var ganske flink når eg klarte begrensa meg til 3 nøster med Fresco bomullsgarn. Truleg blir dei klutar ein gong i tida.







Kjolen er snart ferdig sjølv om det har vore litt strikketørke denne veka. Men, når eg verkeleg skulle setta meg ned i kveld å gjera den ferdig, så går eg jammen tom for garn! (Truleg smitta av ei venninne som til stadighet går tom for garn sånn rett før ho er i mål med prosjekta. Ja Linda, eg siktar til deg). Min bedre halvdel var i telefonen i stad, og når eg beklage meg over at eg faktisk er tom for garn, så fnyse han og lure på om eg er gal. "Ka med dei 60 kiloane du har i kjellaren da? Du kan vel bruka nåke av det vel?"  Usj, ka vett nå han. For det første så er det slett ikkje 60 kilo garn, nærmare 90, og eg har faktisk ikkje et einaste nøste til av dette garnet! Så det så!





Også eg som var så veldig spent på det ferdige resultatet, rett og slett fordi eg ikkje har oppskrift, men tar det litt på gefyhlen! Nå får spenninga venta til i morgo, og eg får heller starta på ein klut.. eller kanskje jakken til meg sjøl?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar