mandag 28. januar 2013

Eg lot meg frista

I dag var det strikkebilag med Allers, og eg lot meg frista - igjen... Heldigvis var det litt meir spennande denne gongen, og fleire ting eg godt kunne tenkt meg å laga. Likte at det var like mykje småting som større plagg, og ikkje minst at det var garn frå fleire leverandørar. Så alt i alt, verdt pengane.



På strikkefronten har det gått litt trått siste veka. Eg veit faktisk ikkje heilt kva eg har somla vekk dagane på, men det er i alle fall ikkje strikking. Har brukt litt tid på å tolka og forstå desse ulogiske vottane, og eg trur snart eg har litt kontroll på kva eg faktisk strikkar på. Sidan dei krev min fulle oppmerksomhet så nyttar det ikkje å ta dei fram før husets søte små har lagt seg, sånn at eg kan telja og strikka i ro og mak.
Men du ser vel at dette skal bli ein vott vel?




Snubla innom ei nettside i dag som eg ikkje har vore på tidlegare. Sjølvsagt med garn. Tok bare ein rask kikk, men for meg ser det ut som det er rimeleg gode prisar på garnet her. Denne må definitivt sjekkast ut! "Det er lov å la seg friste..."

1 kommentar:

  1. Det er ikke noe problem å se at det blir en vott. Flott å se at du nå er så godt i gang. Morsomme votter, med utrulig god passform.
    Morsomt med nye mønster, for du har kanskje noe garn.?

    SvarSlett