tirsdag 15. januar 2013

Årsoppgjer 2012

Det gjekk jo ikkje heilt etter planen med denne garnslankinga mi i fjor. Eller, det gjekk vel kanskje sånn som det går med slankekurar flest..? Ein får ein god start for så å enda opp med meir vekt enn når ein starta?

Ikkje rart garnlageret stadig aukar - nøster og hesplar i nydelege fargar er vanskelege å gå forbi. (Bilete frå Porselensbuo)

I alle fall, januar 2012 var eg eigar av 65,7 kg garn. I løpet av året har eg strikka ein heile del, men har også handla mykje. Eg har strikka opp 7663 g, men likavel så har eg nå eit lager på rett over108 kilo!!
Reknestykket for kor mykje garn eg har handla sette me derfor ikkje opp her nei...
Men, eg prøve igjen i år. Denne gongen med et litt meir realistisk mål: Å komma under 100 kilo i garnlageret! For å lettare holda oversikten har eg derfor oppretta ein eigen blogg for å føra garnrekneskapen. Ønsk meg lykke til!!





Dvelar ikkje lenge ved tapte slag! Svinga innom butikken i går, og eg klare jo ikkje motstå sånne blader der det er billag med "strikk" involvert i tittelen. Burde antageleg berre passert bladhylla elegant, for her var det ikkje så mange gledelige overraskingar nei. Ingenting som frista egentlig, i alle fall ikkje av ting eg ikkje har oppskrift på frå før.

2 kommentarer:

  1. Lykke til med garnslankingen dette året.
    Som du sier er det ikke godt å gå forbi fine nøster.
    Var heller ikke så imponert over bladet du og har kjøpt men det frister når det averteres med strikk.
    Ha en fin dag i vinterværet.

    SvarSlett
  2. Ønskjer deg lukke til med å plukka garn frå garnlageret. Der veit eg det er mykje lekkert å finna. Gleder meg til å sjå kva du tryllar fram på pinnane dine. Skal sjå at du når målet ditt dette året!

    Eg og lar meg ofte freiste av slike blad, og vert like ofte skuffa. Likevel kjøper eg gjerne nye :)

    SvarSlett