søndag 15. juni 2014

Perfekt montering

Det blei et litt uventa og langt sjukehusopphold på meg før pinse, så både blogg og pinnar hatt hatt fullstendig ferie. Men, bedre seint enn aldri, kjem dette skryteinnlegget av fiks, ferdig Marius.
Eg måtte ein tur til sjekk på Haukeland, og nytta sjølvsagt anledningen til å utnytta ei av mine gode venninner.


Åshild hadde nemlig sagt seg viljug til å montera Mariusgenseren til naboen. Sidan det var ei bestilling falt ikkje tanken meg inn ein gong, at eg skulle begynna sy og knota sjøl. Her står nemlig argumentene i kø; \¨+0o9i g har hverken lyst eller kunnskap til å sy i armane, og ikkje har eg symaskin heller. Når det er eit bestillingsverk så synes eg det er ekstra viktig at monteringa er prikkfri. Og kva er då lurare enn å gå til ein ekspert i faget?


Så Åshild klippa, sydde og diska opp med lunsj. Betalinga vart to par herresokkar i storleik 45, noko ho hadde lufta tidlegare om eg kunne tenkt meg å strikka. Eit bytte eg gjerne tar for å sei det sånn.


Og genseren blei så fin, eg er utruleg fornøyd. Fargekombinasjonen er lika bra som eg hadde håpa den skulle bli, eg har fått mønsterstrikken jamt. Og monteringa, ja monteringa er perfekt.



Men, eg har ei høna å plukka med dei størrelsane som original Mariusgenser kjem i. Eg har strikka genseren lenger enn den skulle, både på armar og bol, faktisk brukt tre nøster meir enn eg skulle. Likevel er genseren for liten!! Den er litt trang, men aller mest alt for kort. Syns slett ikkje naboen min ser ut som han er større enn XL! Så, alternativet til å jaga naboen på jogging rundt dalen, samt hella i han krympe-eliksir, blir at denna tøttå må strikka ein ny genser. Ikkje heilt motivert ratt endå, men eg skal snart tenka på å bestilla nytt garn i det minste...

8 kommentarer:

  1. Den vart jo kjempefin, Jane!! :-)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Ein nydelig strikka genser er ikkje vanskeleg å montera Jane. Så synd at denne flotte genseren ikkje passa, håper du finn ein ny mottakar.
    Eg monterer så gjerne ein ny genser for deg eg, kjekt med besøk veit du.

    SvarSlett
  4. Mesterarbeid i håndstrikk- rett og slett! Du finner nok ein ny eigar til denna flotte genseren. Lykke til med motivasjon og garnjakt for neste ;)

    SvarSlett
  5. Lekker! :) Synd den var for liten, men det er helt sikkert noen andre som vil ha den :)
    Håper du får en herlig uke :)

    SvarSlett
  6. Nydelig genser. Tenk å ha ein "montør" i strikk da. Det er det verste som finnes ;)

    SvarSlett
  7. Åh, skjønner Jane... Men du, jeg tenker du finner ny motivasjon jeg - for nydeligere strikking enn dette skal du lete lenge etter :) nydelig genser! Og hu som monterer, hu er jo bare proff da! :)

    SvarSlett
  8. Genseren blei nydeleg, fint strikka og fint montert! Det er kjekt med gode og hjelpsame venner. Men så leit at den ikkje passa, håper du finn ein ny eigar.
    Håper helsa er god nå og du kan starta på an igjen med frisk mot!

    SvarSlett