tirsdag 21. mai 2013

Pumpkin Road

Til og med før eg har gått laus på salget til Garnstudio har eg klart å dra til husars store mengder garn. Skal ikkje prøva meg på ein unnskyldning ein gong, eg berre konstaterar at eg er ein garnjunkie!

Eg har gjort det før, og kjem sikkert til å gjera det igjen, nemlig å la meg frista på ei av dei mange fb-sidene som driv kjøp/salg av garn. Denne gong var det "Salg og Bytte av garn.." som hadde eit nydeleg garn frå Mosaic Moon.


Eg har også tidlegare kjøpt garn frå Mosaic Moon, og fargane er fantastiske. Denne haustlege buketten har det passande navnet Pumpkin Road, og det må jo bli ein fin haustjakke av desse tre hespane.
Har endå ikkje prøvd å strikka med garnet, enn så lenge har eg vore veldig fornøyd berre med å kvila augene på fargespelet.


Og så har eg jo handla Superwash på salg.... Porselensbuo Gåver & Hobby selge ut dette garnet til bare 15 kroner, og det ville jo vera ei garnsynd å la eit godt tilbud gå frå seg? Eller...?
Eg har lite erfaring med dette garnet, men satsar på at det er eit kvalitetsgarn frå Gjestal. Den lyseblå fargen er i alle fall bedårande, og planane for desse nøstene er ein liten babyjakke.

Koss garnslanking 2013 går...? Ikkje spør...

2 kommentarer:

  1. Så nydelig garn og flotte farver :) dette blir spennende

    SvarSlett
  2. Mosaic Moon -helt nydelige farger!
    Blir spennende å se ferdig prosjekt både av dette garnet og Gjestal sitt :)

    SvarSlett