Me hadde strålande sol og altforvarmtvær, men siden dei tre dagane her truleg blir sommarferien i år, så må me vel sei oss heldige med ferieværet. Nå vente nåken veker på Haukeland for min del, og så går vel resten av sommaren med til å testa ut nye medisiner. Godt å vita at me då i alle fall har vore på ein liten ferietur.
Hardt med ferie.... |
Og så var det ungane som skulle få vera i fokus, ikkje mammen sin desperate garnjakt:) Men litt søkande blikk om det var ein butikk som hadde garn, det må eg jo innrømma at det blei.
Eg var innom ein Stoff & Stil, men heldigvis så er eg ikkje hekta på stoff. (Hverken eine eller andre vegen) Det var vegg etter vegg med stoffrullar, men garnavdelinga var heller slunken.
Av alle ting så endte eg opp med et akrylnøste, eg som er hyperallergisk mot akryl.
Men eg trur detta kan bli ei stilig hua som eldstejenta kan bruka i slalombakken til vinteren. Ho vil om ikkje anna visa godt igjen!
Nokre knappar, silkeband og strykemerker fann eg også, men eg må vel innrømma at det er sjelden eg kjem ut frå ein hobbyrelatert butikk med så liten pose!
På heimveg følte eg meg skikkeleg snytt for ein garnopplevelse. Me stoppa for å ta oss litt mat, og der låg denne fine butikken. Sjølv om det var 2. pinsedag så stod det lys på inne i butikken, og et skilt med "Velkommen inn" utanfor døra. Eg var jo sjølvsagt ikkje lenge om å trippa meg bortover mot døra på lette bein, mens forventningane om endeleg å få handla litt garn, steig.
Gjett om skuffelsen var desto større når eg kom fram og døra var stengt. Inne var det ikkje ei sjel å sjå heller. Det var bare å konstatera at garntørsten ikkje blei slukka på denne turen...
Heisann! Den butikken der har eg og Sølvi, handla i. Den ligger nedafor campingplassen me har feriert ein del på. (Åmot i Vinje) Kjekt å sjå den igjen, men dumt du kom til låste dør. Lykke til med utprøvingane på Haukeland! Håper dagane går fort der?!?
SvarSlettSå kjekt at det ble noen feriedager på dere -maks uttelling på været :)
SvarSlettStiiilig grønn lue det kommer til å bli!
Selv strikker jeg på noe babytøy der pyntekantene har tilsvarende farge.
Ellers kan jeg bare fortelle at jeg pleier å stoppe for å kikke i butikken på Åmot hver gang jeg kjører forbi :)))) Koselig butikk med både garn, oppskrifter og bruksting/suvenirer.
Takk for koseleg besøk i bloggen min, eg må seie: takk, det same! Nå har eg lagt deg til i bloggar eg gjerne vil følgje med på!
SvarSlettSånn "garnbutikk-bom" har eg og hatt nokre gonger. Men det blir jo oppvegd (bokstavleg talt) av alle dei gongene eg kjem fullasta ut av ein...